Sideblikk
Ustabile naturkrefter slår tilbake
For mykje av Noreg blir tatt i bruk til føremål som kvikkleira og fjella skulle vore sparte for.
Lys er tende for offera etter kvikkleireskredet i eit bustadfelt i Ask i Gjerdrum i romjula.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Byråsjefen har ennå ikkje sett seg inn i alle detaljar om geologi, kvikkleire, sikringstiltak og sakshandsaming i Nystulia i Gjerdrum. Men etter hans røynsle og overtyding kan ein aldri kan vera nok føre var. Altfor ofte blir den faglege og uavhengige sakkunnskapen i Forvaltninga overprøvd og sett til side av meir handfaste interesser.
Ansvarleg statsråd Bru vil ha full gjennomgang og vurdera å stramma inn regelverket – det er slike ord situasjonen krev. Men denne regjeringa har gjort meir for å sleppa laus i plan- og byggesaker – og kalla det lokaldemokratireform. Det skal bli trongare port for anke til fylkesmannen (orsak: statsforvaltaren). Meir ansvar er overført til utbyggarar i samspel med underbemanna og overarbeidde kommunale planorgan. Det blir i praksis ein haltande pardans. Og «større og mer robuste kommuner» er ikkje svaret på alle spørsmål og utfordringar.
BÅDE FRAMGANGSRIKE kommunar og omlandskommunar som fryktar å koma i bakevja, er i krysspress mellom lyst og vilje til utbygging og forsvarleg forvaltning og vern av natur og miljø. Få kommunepolitikarar vil stå i vegen for utvikling, vekst og tilflytting.
Utbyggarane sit med sterke kort på handa: Om kommunen set seg på bakbeina og ikkje er samarbeidsvillig, trugar utbyggaren med å ta den lovande framtida med seg til grannekommunen. Om kommunen og andre offentlege organ kjem med åtvaringar og motsegner, skaffar utbyggaren fleire vennlegsinna konsulentutgreiingar. Når alle innspel og pålegg er kryssa av, blir det tatt for gitt at utbyggaren gjer det som gjerast skal.
Å LA GRUNNEIGARAR, eigedomsutviklarar, bustadspekulantar, entreprenørar, pressa fagetatar og utbyggingsivrige kommunepolitikarar bruka skjønn og ha siste ord i areal- og reguleringssaker, er som å la NHO og Norsk Industri styra smittevernet i pandemien, meiner Byråsjefen.
Det er ille nok at eit globalt virus frå Kina via omvegar og reiseglade nordmenn ikkje lar seg stoppa ved grensa, sjølv om stats- og detaljministeren manar til sosial avstand, dugnad og krafttak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.