Sideblikk
Slike heltar, det vil gamle Noreg ha
I idrett skal ein ikkje koma for lett til det, men ha møtt motgang. Slik er det i politikken også.
Martin Løwstrøm Nyenget i tet framfor Didrik Tønseth og Sjur Røthe før siste runde på 50 km klassisk fellesstart for menn i Holmenkollen førre søndag.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Jublande folk i gatene, fulle barar og fulle hus på konsertar og tribunar – det har vore vår måte å feira mellombels sigrar over koronaen på.
Ingen stad kunne passa betre til det vonleg siste frisleppet enn den mytiske Holmenkollen, skisportens mekka. Nasjonalheilagdomen er ofte innhylla i tåke, men i år blenkte vårsol i bakkane, med lengting, liv og song.
På TV var det vakre bilde av det norskaste nordmenn skal tykkja om, med vaiande flagg – flest norske, men også nokre ukrainske. I naturen var det karneval og folkefest der fyll høyrer med og fører til sivile tap; det er nordmanns vis i nordiske greiner. I løypene blei gladiatorane løfta fram av jubelrop.
NORSKE HELTAR skal ikkje koma lett til det. Dei skal ha møtt motgang, lide, falle og reist seg. Holmenkollen tok avskil med Therese Johaug og fekk to nye i ypparste og rørande helteklasse: Daniel-André Tande og Martin Løwstrøm Nyenget. Den kombinerte Jarl Magnus Rieber hadde vunne over koronaen, men han er liksom litt for suveren i nabolaget.
I det alpine Kvitfjell vann Aleksander Aamodt Kilde for første gong etter alvorlege skader. Kjetil Jansrud la opp, men ikkje på topp. Han blei hylla for lang og tru teneste med dårleg rygg.
THERESE JOHAUG let seg ikkje knekka av dopingdommen det er typisk norsk å meina var urettvis. Ho kom tilbake og vann til den biologiske klokka ringde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.