JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Skreddarøkonomane har ete Siv

Finansdepartementet veit kva som er best. Derfor legg dei premissane for politikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finansminister Siv Jensen (Frp) då ho heldt finanstalen i Stortingssalen i samband med regjeringsframlegget til statsbudsjett for 2020.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

5262
20191122
5262
20191122

hompland@online.no

FINANSDEPARTEMENTET er det gjævaste av dei kongelege departementa, og finansministeren er statsråden med størst makt. Formelt har utanriksministeren vore nummer to i regjeringa etter statsministeren, men det er protokollært. I røynda er det FIN, som dei kallar seg, som rular. Saman med Sosialøkonomisk institutt på Blindern og forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå var dei den økonomiske jerntriangelen, men Noregs Bank har meldt seg på som reserve etter at universitetsøkonomien blei meir esoterisk, medan sentralbanken blei meir sjølvstendig og fekk oljemilliardar å rutta med.

DEN ØVSTE embetsmannen i Finansdepartementet ber tittelen «finansråd». Slik eksklusivitet er det elles berre departementsrådane i utanriks og forsvar som har historisk hevd på – til depråden ved statsministerens kontor i 2001 blei omdøypt til «regjeringsråd». Alle er like, men nokre er likare enn andre: Det hadde ikkje vore same schwung over «landbruks- og matråd» eller «barne- og familieråd».

ALLE STATSRÅDAR skjelv i buksa når dei møter til budsjettkonferanse med framlegg om løyvingar til gode og naudsynte saker i sin sektor. Der må dei bryna seg på finansministeren, og mang ein statsråd har gått gråtande frå slike seansar.

Mange statsrådar kjem ikkje eingong så langt at dei får gjennomslag i sitt eige departement, som veit at FIN er bøygen. Då må dei ta ein Varmann for veljarane sine, som er lova både dette og hint: «Eg vil, men departementet vil ikkje.»

Dette veit Byråsjefen mykje om. Han meiner at ingen annan del av forvaltninga er så dyktig til å vaksenopplæra, sosialisera og assimilera statsrådane sine som embetsverket i FIN. Same kor dei kjem frå, politisk og geografisk, går det ikkje lenge før nye finansministrar har lært seg faglege omgrep og den bekymra tonen frå Finansdepartementets salmebok. I innhald lyder dei som talerøyr for departementets perspektivanalysar, også på hedmarksdialekt.

FINANSDEPARTEMENTET har dei glupaste og mest sjølvmedvitne folka i statsbyråkratiet. Alle i økonomiavdelinga fekk Særs godt til eksamen som cand.oecon., og dei er aldri i tvil om at dei veit best og alltid er opptatt av landets, økonomiens og heilskapens beste – mot sektorinteresser og laussleppte politiske løfte. Derfor er det berre rett og rimeleg at dei drar opp rammene og legg premissane for den økonomiske politikken – same kva farge statsråden har, og same kva som står i partiprogrammet. Deira motto er tillagt Eivind Erichsen: «Man kan ikke både holde og love; det får holde med å love.» Han var finansråd i 28 år (1958–1986) og tente under 14 ulike finansministrar. I eit intervju i VG i 1999 lét han seg lokka til å seia at dei beste var Erik Brofoss, Trygve Bratteli, Per Kleppe og Rolf Presthus.

TRYGVE BRATTELI var finansminister frå 1951 til 1960, minus to år midt i 50-åra. Då «vikarierte» Mons Lid med permisjon frå embetet som fylkesmann i Bergen og Hordaland. Grunnen var at Bratteli var fysisk og mentalt sliten av strid med Arbeidarpartiets stortingsgruppe, der han ikkje hadde Einar Gerhardsen bak seg. Bratteli gjekk mot kortsiktige tiltak mot prisstiginga, for det ville gjera situasjonen vanskelegare på lengre sikt. Med Finansdepartementet i ryggen meinte han at hovudproblemet ikkje var prisutviklinga, men valutaproblema.

Om si tid i Finansde­partementet sa Bratteli at der var det berre to roller han kunne hatt: som visargut og bod eller som statsråd.

DIPLOMØKONOMEN Siv Jensen (Framstegspartiet, Oslo) har meldt seg på i kampen om å vera lengstsitjande finansminister. Byråsjefen frykta det verste, men han er blitt rolegare etter kvart. Rett nok har ho senka skattane for dei rikaste, men ho har ikkje klart å få embetsverket til å rekna ut at det skaper arbeidsplassar og framgang for dei fattige. Og rett nok bruker ho helgene til å halda oppe Frp-retorikken eller dra på ferd til hytta som ho leiger billig av ein kapitalist som er mot formueskatt, men dei fem andre dagane i veka representerer ho finansdepartementalt ansvar, fornuft og måtehald. Reiskapen er ikkje øks, men ostehøvel.

Alt i alt meiner Byråsjefen at Siv Jensen ser ut til å vera grundig kooptert. Ho føyer seg vakkert inn i anegalleriet etter Wedel Jarlsberg, Gunnar Knudsen, Ole Myrvoll, Sigbjørn Johnsen, Gudmund Restad, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Per-Kristian Foss og Kristin Halvorsen. Og ikkje i rekka etter Anders Lange («La Nordsjøens skatter betale folkets skatter») og Carl I. Hagen og hans kamp mot «skredder- og veverøkonomene» i Finansdepartementet og omland.

***

RETTING. Spaltisten har fått påtale for at han i førre Sideblikk gav att nokre formuleringar av Erling Norvik og Jo Benkow om Høgres ideologi – utan å syna til kvar han har det frå. Kjelda er Andreas Hompland: «Lagerleder Olsen og Høgre. Eller Erling Norvik som retorikar» i Tor Bjørklund og Bernt Hagtvet (red.): Høyrebølgen – epokeskifte i norsk politikk? Aschehoug, Oslo 1981.

Eg seier med salig Inge Lønning: «Det er ikke farlig å sitere seg selv – så lenge man husker at det er det man gjør.»

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mang ein statsråd har gått
gråtande frå regjeringas budsjettkonferanse.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis