Sideblikk
Rikskringkasting søker si framtid
NRKs samfunnskontrakt er å levera meir verdi for fellesskapet enn kommersielle kanalar.
NRK på Marienlyst er på flyttefot. Neste stopp blir Ensjø i Oslo.
Foto: Vidar Ruud / NTB
Som offentleg finansiert allmennkringkastar må NRK fylla samfunnsoppdraget for å vera truverdig, halda på tillit, legitimitet og oppslutnad frå lydarar, sjåarar, lesarar og styremakter. NRK må forandra for å bevara posisjonen. Dei må vera relevante og breie utan å bli flate, og det er ein balansegang.
Med frisleppet i eteren for eit par teknologiske, reklametunge og mediale tidsaldrar sidan, med Lars Roar Langslet og nærradioar i salig minne, skulle det bli meir mangfald i vinklar og meiningar. Det har blitt meir einfald og færre bidrag til sakleg samtale og grunngjeven meiningsdanning i den demokratiske allmenta.
NRK står framleis som garantist for kvantitet og kvalitet, både som rutebåt i det kjende og som nyskapande fartøy i ukjende farvatn. NRK skal levera ein meirverdi som er noko anna og viktigare for fellesskapet enn dei kommersielle kanalane. Dei må konkurrera ved å vera solidare, nyskapande og annleis.
DAGSREVYEN VAR stakkarsleg i julehelga og romjula. Med få nyhende skulle ein tru at NRK med alle sine ressursar kunne vida ut og gå djupare, men høvet blei brukt til å snevra inn. Det blei med to minuttar urix og elles vellagra medisinske helsereportasjar med human tukk, småkrim, trafikksituasjonen og fyrverkeriutsiktene Noreg rundt.
NRK kan når dei vågar å vilja. Portrettet av Lillebjørn Nilsen var og blir ståande som eit dokumentarisk og musikalsk meisterstykke. Ikkje minst fordi programskaparen Mona B. Riise, som elles er både høyrbar og synleg, heldt seg heilt i bakgrunnen og lét personen, bileta og songane tala.
I spenninga mellom dramaturgi og innhald kan det stå som ein illustrasjon av temaet i Sideblikk 16. desember: «Solkongen av debattsjangeren». (Som madame de Pompadour sa til kong Ludvig den femtande etter nederlaget i sjuårskrigen: «Etter oss kjem syndfloda.»)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.