Sideblikk

Privatpraktiserande ombodsmann

Senterpartiet er blitt det samlande periferipartiet. Med uventa hjelp vil dei nå storma byporten.

Jan Bøhler og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum heldt pressekonferanse om partiovergangen utanfor Grorud fleirbrukshus førre veke.
Jan Bøhler og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum heldt pressekonferanse om partiovergangen utanfor Grorud fleirbrukshus førre veke.
Publisert

Senterpartiet har gjort ei strålande signering i det parlamentariske overgangsvindauget. Jan Bøhler (68) er ingen påleggskalv, men ein røynd og gjennomtrent veteran. Den dansande og lettledde kaffidrikkaren Vedum handlar strategisk og langsiktig og ut frå styrke på heimebane – ikkje i panikk som Ole Gunnar Solskjær i Manchester United.

Å få Bosman-spelaren Jan Bøhler med på bondelaget kan vera som om Carew skulle melda overgang til Grorud i OBOS-ligaen. Sjølv om han er langt over toppen, har lagt opp og krev å få vera libero og ha tid til å henga med fansen, kan det bli både mål og poeng av det, men ikkje nødvendigvis betre lagmoral. Det er som med Jan Bøhler på S-laget: På bygdegrasrota lurer dei på om han er ego og ikkje til å stola på; dei er ikkje overtydde om at han vil blø for felleskjøpsdressen.

OSLOLOSEN Jan Bøhler har ei formidabel utfordring når han skal sameina VIF-ropet «Drep bønda» med «Fuck Oslo» av den parlamentariske leiaren frå Senterpartiets kjerneland i Nord-Trøndelag.

Det historiske hatet har vore sterkt og gjensidig. Første og andre generasjons innflyttarar i Oslo, som var ein periferi i sentrum, med husmannsrøter i Innlandet, tenkte på maktfullkomne og undertrykkande storbønder når dei høyrde «Bondepartiet» – også etter namnebytet til Senterpartiet.

Bondestanden var skremd av bilete av halshogde kulakkar i lenker på veg til Sibir. Slik rekna dei med at det ville bli i Noreg òg dersom dei byproletariske bolsjevikane i Arbeidarpartiet fekk makta: Då kom sjølvstendige bønder til å enda som slavar på kollektivbruk for å berga livet.

Arbeidardemokraten Cast­berg (som Vedum prøver å røva) og Arbeidarpartiet med Hornsrud ville det annleis. Utan tesane frå Moskva strøymde fredelege skogsarbeidarar, husmenn, småbrukarar, tokyrs industriarbeidarar og fiskarar til Arbeidarpartiet. Medan bondestandens parti flørta med ytre høgre, blei Arbeidarpartiet også eit bygdeparti. Då bøndene og bygdefolket trong krisehjelp, forlikte dei to partia seg taktisk i 1935, men naget og mistilliten har sete djupt i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement