Parti på sporet av den tapte tid
Digitale landsmøte gjer det taktisk vanskeleg for partitoppane å halda styr på mugen.
Partileiar Audun Lysbakken på det virtuelle landsmøtet til SV på Hamar fredag i førre veke.
Foto: Terje Pedersen / NTB
hompland@online.no
Partilandsmøte er politiske verkstader som snikrar program, pussar på politikken og syner seg fram for kommentariat og veljarar – særleg dei som sit på gjerdet.
Det er sosiale hendingar som skal profilera saker, bygga semje og skapa eldhug, men det er også ein scene for å lufta indre motsetnader og tømra kompromiss i korridorar og komitear og på nachspiel. Eit vellykka partilandsmøte skal enda i eit halleluja som skaper hornmusikk i bryst og valkamplyst.
Digital avstand i pestens tid skaper ikkje same samhald som sosialisering og serieklemming. Det snevrar inn partileiingas høve til kontroll over landsmøtemugen gjennom personleg overtaling, trugsmål og anna politisk press. Fraksjonering, politiske byteavtalar og taktiske vurderingar blir meir uføreseielege.
LANDSMØTESESONGEN er halvvegs, så Byråsjefen meiner tida er inne for å vurdera om partia har flytta på seg, funne på noko nytt, styrkt eller svekt seg.
Arbeidarpartiet gjorde tre rørsler i jakta på sporet av den tapte tid: ei mot nord, ei ut i distrikta og ei til venstre – i tydinga meir stat og styring. Dei påførte seg eit akutt rusproblem, men bakrusen kan gå raskt over. Gløden er kanskje ikkje på topp, men arbeidslysta er ikkje dårleg, og dei slit mindre med baksnakking og eigenrådige trønderar.
Raudt skulle ta eit nytt byks frå revolusjonsromantikk til grøn kvardagspolitikk i håp om å bryta sperregrensa, men blei tatt av havvind, olje og innvandring.
MDG skulle ta eit steg fram for å vida seg ut, men enda med å ta to steg tilbake i fundamentalistisk sekterisme. Som det ville ha heitt i Tyskland, der dei grøne er store og breie: Fundis vann over Realos.
SV ER TATT AV lokale vindkast og har landa på storskala klimakamp mot og for vindmøller i balansen mellom klima, natur og miljø. Dei tok etter Raudt og vil ha meir sjølvbestemt abort. Tennene skal bli ein del av kroppen, og SV er for gratis tampongar og døgnopne toalett i byane. Partiet som hadde stor tillit i skule- og kunnskapspolitikken, prioriterer nå kamp mot karakterar i grunnskulen og eksamen på vidaregåande.
Så langt er det litt murring i rekkene, men berre Charter-Svein har tatt bindet frå munnen og meldt seg ut. Om partiet skal med i regjering, blir avgjort av medlemmene i uravrøysting.
VENSTRE ER MOT burhøns og vil flaksa fritt og grønt. Det gir Erna Solberg løyve til så lenge dei held seg innanfor regjeringshønsegarden. Cannabis på polet fall, men det blei ja til vin-i-butikk og fleire rovdyr. Sjølv om partiet har fire drøymedepartement, har dei berre sakseigarskap til rusreforma, og det er neppe nok til varig valrus.
Venstre har tatt eit avgjerande steg i sjølvpresentasjonen: Dei står nærare Framstegspartiet enn Senterpartiet. Dei trur ikkje lenger det er bruk for partiet i heile landet, for der er veljarbestanden for tynn, sjølv med den omreisande Abid Raja som ikkje-psykopatisk distriktsalibi.
Med hjelp frå Høgres talknusarar og spinndoktorar satsar Venstre på unge urbanistar og etablerte idealistar. Det gir færre røyster i resten av landet enn i Oslo, Asker og Bærum. Der kan dei sikra to mandat med lånerøyster frå Høgre, som dei er grønare enn og står til høgre for i økonomisk politikk. Om liberalisten Rotevatn skulle koma inn frå Hordaland, er det ein bonus.
Dette kan høyrast ironisk ut, men Guri Melby forstår det, for ho har mastergrad i litteratur på Harald Eias humor.
FIRE AV DEI GAMLE partia har ennå ikkje hatt landsmøte, så dei kan ta høgde for kvar konkurrentane har plassert seg, prøvd å kappa nytt land eller gjort seg sårbare.
Framstegspartiet har utsett sitt landsmøte til august–september. Det er smittevernfagleg overkorrekt, men truleg fornuftig for å dempa pandemisk uro om program, profil og personar. Den eine viktige saka er formell markering av at Sylvi Listhaug tar over partiet på odel. Det er ei anna sak om åsetesretten er intakt, den som gir rett til å ta over bruket udelt.
Høgre, som har svevd koronahøgt på meiningsmålingane, har landsmøte om to veker, så det vil Byråsjefen landa etter himmelfarten.
KRISTELEG FOLKEPARTI skal forsamlast digitalt denne 1. mai-helga. Etter at Ropstad og Bollestad vann ein pyrrhossiger då Solberg opna for å revidera abortlova, har dei nå fått ein sårt tiltrengd gåvepakke med SVs vedtak om å utvida kvinners frie vilje til 22 veker – ikkje fordi kristensosialistar og andre med etisk omsut for spirande liv vil strøyma til og løfta KrF over sperregrensa, men fordi dei får ei livgivande og mobiliserande hjartesak som kan skremma lunkne kristenfolk ut av dødsskuggens dal og til valurnene i kamp mot det vonde.
OG BAKOM SYNG Senterpartiet for arbeidande folk i skogane, langs kysten, i nord, i innlandet – og med ein trudelutt i Groruddalen. Dei møtest først i juni og kan legga ut trumf når alle andre har spela ut sine kort. I mellomtida vonar mange at Trygvetrollet vil sprekka, men det kan like gjerne gå som i det agrare ordtaket: «Maikulde gjør bondens lader fulde.»
Faktum er i alle fall at partilandsmøta til nå har manøvrert under trykket av senterpartibølgja.
DET GJELD Å HALDA UT og leva med at det ikkje er 22 veker til valet, men berre 18. Og merka seg at kongen ikkje har sendt helsing til nokon av partilandsmøta, men til Naturvernforbundet.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Og bakom syng Senterpartiet for arbeidande folk i skogane, langs kysten, i nord og i innlandet.
Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.