Sideblikk

Nå må dei skaffa klave til bølingen

Det pragmatiske Senterpartiet har funne ein veksande nisje i den postindustrielle periferien.

Smelteverksarbeidarane i Sauda røyster ikkje lenger berre på Arbeidarpartiet. Senterpartiet fekk 53,6 prosent av røystene i valet 9. september i år.
Smelteverksarbeidarane i Sauda røyster ikkje lenger berre på Arbeidarpartiet. Senterpartiet fekk 53,6 prosent av røystene i valet 9. september i år.
Publisert

«MAN KAN IKKE bebreide tigeren at den har striper», har Kåre Willoch på sitt elskverdige vis sagt om Senterpartiet. I takt med landbruksøkonomien har dei flytta seg frå å vera eit antistatleg grunneigedomsparti til å bli eit offentleg sektorparti på landsbygda. Sjølv vil dei seia at fordi dei har stått fast, medan det politiske landskapet har flytta seg mot det individualiserte høgre, har dei tilsynelatande gått mot venstre, og verdikonservativt forvaltaransvar tar dei stadig.

DET GAMLE Bondepartiet hadde eit fast grunnfjell av solide og ættestolte landmenn. I mellomkrigstida låg dei på opp mot 15 prosent ved stortingsval, men lågare ved kommuneval, då veljarane heldt seg til lokale bygdelister. Etter tvilsame personmanøvrar under krigen fall dei under 10 prosent i gjenreisingsåra.

Det hjelpte ikkje at dei endra namn til Senterpartiet, ville kvitta seg med fjøslukta og seinare valde kongebiskop Gunnar Stålsett til leiar. I takt med den krympande bondestanden sokk dei ned mot 5 prosent på 1980-talet. Då hadde dei høgare oppslutning ved lokale enn nasjonale val, for som omgjengelege og truverdige sentrumspragmatikarar med høg hestehandlarkompetanse var dei eit tungt ordførarparti. Som praktisk orientert makt- og styringsparti er dei tilpassingsdyktige staurberarar som har sete i regjering med parti frå Høgre til SV.

VED STORTINGSVALET i 1993 fekk Senterpartiet 16,7 prosent av røystene, men det var eit situasjonsbestemt fenomen i EU-stridens tid.

Det heiter seg at den som har klave, får ku. Med dette agrarordtaket som rettesnor sette partiet, med Per Olaf Lundteigen som førarhund, i gang ein omreisande politisk verkstad for å halda på bølingen av nye veljarar dei hadde fått til låns. Det gjekk måteleg, for ikkje hadde partiet ein salbar ideologi som gav ein høgare himmel over strevet, og ikkje hadde gjesteveljarane tenkt å la seg binda til Senterpartiet med ham og hjarte. Ved neste val var dei nede på 7,9 prosent att.

Dette forsøket på storvøling av partiet var like lite vellykka som diverse marginale innspel for å skaffa seg ein ideologisk merkelapp, ramma inn av Bjørn Unneberg med «grønn sosialisme for utkantproletarer» i 1971, og Ola Borten Moe med «agrarliberalisme» i 2012. På Senterpartiets heimebane er det berre éin isme som er berekraftig: Pragmatisme – utlagd som det som svarer seg best av praktiske og fornuftige løysingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement