JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Ko-ko-komiteen går ein tur på stien

Ein statsråd skal ikkje vera personalsjef. Politisk ansvar er noko anna juridisk skuld.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Saksordførar Peter Frølich (H) i kontroll- og konstitusjonskomiteen under den opne høyringa på Stortinget om masseskytinga i Oslo 25. juni i fjor.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

5353
20231027
5353
20231027

hompland@online.no

Statsrådar har ansvar for alt som skjer i departementet og underliggande etatar på deira vakt, men det er formelt, politisk og konstitusjonelt. Statsråden kan rimelegvis ikkje ha hendene borti alt som blir vedtatt og sett ut i livet av Nav, UDI, NVE og dei talrike etatane og organa. Statsråden må stola på Forvaltningas dugleik og skjønn, og at dei følgjer intensjonar og retningsliner frå den politiske leiinga.

Om dei sviktar i tenesta, må statsråden bera børa og ta mistilliten i det parlamentariske regimet, sjølv om ved­komande var uvitande og utan skuld. Byråsjefen minner om at tenesteforsømming og politisk ansvar er noko anna enn juridisk og strafferettsleg ansvar.

STATSMINISTEREN og stats­rådane utnemner og avset statssekretærar, politiske rådgjevarar og koffertberarar. Dei går av når regjeringa fell. Det profesjonelle embetsverket er ikkje politisk tilsett og kan ikkje sparkast av partipolitiske grunnar. Dei kjem og går ikkje med skiftande politiske regime.

DEPARTEMENTSRÅDEN, ikkje statsråden, er øvste personalsjef, men fullt så enkelt er det ikkje. Sjølv om statsråden skal ligga unna utnemningar til embete og offentlege verv, må vedkomande vera orientert og kunna koma med innspel, men erklæra seg inhabil om det er familie- eller vennskapsband. Det felte Trettebergstuen og gav ei skrape i lakken til Brenna.

Med Støres nyvekte og nødvendige woke på inhabilitet måtte Vestre innrømma at han skulle ha sagt seg ugild då ein halvnær venn blei konstituert som fungerande avdelingsdirektør, sjølv om ho hadde fartstid som seniorrådgjevar og var ein vandrepokal i vikariat frå før Vestres tid, og utan at han var informert eller hadde noko med utnemninga å gjera.

At Vestre blir kalla inn til høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen, tyder på at dei har visse vanskar med på skilja mellom skit og kanel. Men det kan bidra til at dei får merkt stien og klara grundig opp i regelverk og praksis.

KONSTITUSJONSKOMITEEN spela ei nøkkelrolle i Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814: dei laga utkastet til Grunnlova.

Stortinget oppretta seinare ein fast konstitusjonskomité som skulle handsama grunnlovs- og vallovsaker. I 1917 blei den slått saman til det som skulle bli den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen. Der sat det ei stjernerekke av namn som Mowinckel, C.J. Hambro og parlamentariske leiarar og stortingspresidentar.

Stortinget hadde også ein protokollkomité med representantar frå dei bakre benkane. Deira oppgåve var å kontrollera regjeringsprotokollane i ettertid.

STORTINGET HAR RYDDA i materien. I 1993 blei det oppretta ein eigen kontroll- og konstitusjonskomité. Restane av utanrikskomiteen fusjonerte med forsvarskomiteen i 2009.

Det var lenge uklart kva Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité skulle driva på med. Dei brukte initiativretten og kalla inn til opne høyringar, som om dei skulle vera den amerikanske kongressen. Men så fekk dei Lund-kommisjonen, grunnlovsendringar og førebuing av 200-årsjubileet for 1814 i fanget.

Posisjon og status auka, og med det pompøsiteten. Vonde tunger kalla han lenge ko-ko-komiteen. Nokre medlemmer skvalpa over av verdigheit og fekk noko brikjande og opphøgt over seg som vaktarar av konstitusjon og sjølvaste demokratiet. Andre prøvde å bruka komiteens talarstol som biljardkuler i vikarierande opposisjon mot maktarrogante fleirtalsregjeringar. Det har vore heimebane for Carl I. Hagen, som er kretsmeister i reglement og forretningsorden.

MYKJE FALL PÅ PLASS då Martin (Kolberg) og Michael (Tetzschner) var høvesvis leiar og nestleiar 2013–2017. Dei var politisk usamde om mykje, men var eit radarpar i å markera kor viktig komiteen kan vera i å passa på god styringsskikk i tilhøvet mellom statsmaktene, og at Stortingets vedtak blir følgde opp.

Med alle habilitetssakene det siste året har ko-ko-komiteen blitt endå meir synleg. Sjølv om medlemmene i utgangspunktet ikkje hadde framskotne posisjonar i parlamentet og partigruppene, blir dei løfta fram som ein slags granskingskommisjon og eit naudanker i farens stund for tilliten til politikarane.

I så måte er komiteen ein slektning av den stortingsvalde Riksrevisjonen. Med ein profesjonell stab i ryggen set dei avdanka politikarane si ære i å dadla og vera like kritiske utan omsyn til eigen partibakgrunn og regjeringsfarge.

VERTINNA har høyrt på desse lærde utgreiingane, som ho tykkjer smaker av konstitusjonelt flisespikkeri. Dei som hammar har, ser spikrar å banka overalt. Kvar gong det kjem noko frå ein gauk, som ikkje treng å vera frå Sandnes, blir det ballade frå heile koret av falskt og reinstemt. Ho minnest ein song som gjer seg best i kanon:

Jeg gikk en tur på stien

og søkte skogens ro.

Da hørte jeg fra lien

en gjøk som gol ko ko.

Ko ko, ko ko, kokokokoko.

Men i tredje vers nærmar det seg bindingar til aksje- og ekteskapskjernen. Det må konstitusjonelt kontrollerast, sjølv om det ikkje får parlamentariske konsekvensar ettersom Erna Solbergs tid som statsminister er over, og Anniken Huitfeldt har fått fyken som utanriksminister av innanrikse grunnar:

Jeg spurte om dens make

og om dens eget bo.

Den satt der oppå grenen

og kikket ned og lo.

Ko ko, ko ko, kokokokoko.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis