JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Hans Majestets lojale opposisjon

«Samling i bånn» var ikkje eit uttrykk for nederlag, men for dristig satsing og optimisme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stortingssalen då det 164. ordentelege storting vart opna av Kong Harald onsdag denne veka.

Fto: Terje Pedersen / NTB scanpix

5335
20191004
5335
20191004

hompland@online.no

TRONTALEDEBATTEN blir vakkert kalla «opposisjonens debatt», og første talar er alltid opposisjonsleiaren. Det er Jonas Gahr Støre, fordi Arbeidarpartiet er størst, men han har vore ein forsiktig og forliksvillig hærførar for Erna Solbergs og Hans Majestets lojale og opposisjon. Småpartia til venstre og Senterpartiet har stått fram meir kraftfullt og storsnuta. Etter kommunevalet har dei fått nytt pågangsmot, og Senterpartiet har vore ute og stole ordførarar.

Elles er frontane litt flytande, for det er eit forvitneleg faktum at der tre eller fire parti er samla i same regjering, er opposisjonen midt iblant dei – frå den brunbeisande Abid Raja til den lettkrenkte og sniksiviliserte Per Willy Amundsen.

LANDSSTYRET i Arbeidar­partiet har slikka sine sår og trøysta seg med fleire ordførarar i storbyane, men det var dei andre partia «på vår side» som sikra det. Meiningsmålingane etter det dårlege valet tyder på at dei ennå ikkje har nådd botnen: Samling av fløyer og fiendar er ikkje lett når krybba er tom og hestane bitest. Etymologisk ligg giske nær «å gisa»: den gisøygde har eit lurt og listig, fnisande, fnysande og hånleg blikk.

Etter valnederlaget skal Støre skjerpa seg og bli hardare i klypa for ikkje å bli medskuldig i regjeringas upopulære sentraliseringspolitikk. Men kamp­ropet «stø kurs framover» kan bli eit narrespel når ulike miljø eggar til strid og stakar ut retningar som er på kollisjonskurs.

«SAMLING I BÅNN» er eigenmeldinga. I politikken blir det brukt om parti som ligg nede for teljing av promillar og prøver å reisa seg etter å ha døyvt tunge tider. Det er rimelegvis oftast brukt om Venstre.

Bjørn Sortlands gutebok Samling i bånn er den fjerde i serien om Bønna og B-laget som blir forfølgde av ein nifs nerd på veg til fotballens heimland, England. I fotballen prøver elles lag som kjempar mot nedrykk seg først med å sparka trenaren. Om det ikkje går bra, tyr dei til «samling i bånn», men når klubbane er kjøpelag utan vilje til å blø for drakta, er det heller ikkje lojalitet å henta hos tilskodarklanane.

Byråsjefen irriterer seg over den misvisande bruken av uttrykket «samling i bånn», for han har lese alt av Thor Gotaas og kan skihistoria.

DEN ALLSIDIGE idrettsmannen Ole Reistad, som under krigen var sjef for flytreningsleiren Little Norway i Canada, var norsk flaggberar under vinter-OL i St. Moritz i 1928. Der leidde han det norske laget i oppvisingsgreina militært patruljeløp. Dei andre på laget var Leif Skagnæs, Ole Stenen og Reidar Ødegaard.

Det var 30 tøffe kilometer med snøstorm, innlagd skyting, ubrøyta løyper og ein høgdeforskjell på 1100 meter. På matstasjonen på det høgaste punktet i løypa (2887 meter) låg den norske laget seks minuttar bak Finland og Sveits. Det var då Ole Reistad gav kommandoen: «Samling i bånn, gutter». Dei lét det stå til utfor, og ein halvtime seinare var dei først i løypa og kom i mål på 3,50,47 – fire minutt føre storfavorittane Finland.

«Samling i bånn» var i Reistads munn ikkje noko å trøysta seg med i nederlagets stund, eller for å reisa kjerringa. Før uttrykket fann vegen over i politisk metaforikk og bytte forteikn til fortvila pessimisme, var den opphavlege krafta i orda grenselaus tru og dristig optimisme.

RETTINGAR. Dette er vel strengt tatt ikkje ei retting, men eit vedlegg til sideblikket førre veke om transport og staders vekst og fall. Den som gjer ei reise, har noko å fortelja.

Dei fleste som køyrde gamle sørlandske hovudveg, var ein eller annan gong innom Cinderella kro ved Sundebru i Gjerstad. Då riksveg 40 blei rusta opp til E-18 og lagd om ved Sørlandsporten, hamna Cinderella i bakleksa. Etter ein tidhøveleg brann blei ho bygd opp att på det nyregulerte næringsområdet på den aude Brokelandsheia. Der har det sidan kome til varehus i ymse bransjar, vinmonopol, dyrehage, rekkehus og bustader for pensjonistar. Brokelandsheia-dagane har vakse til den største handelsmessa på Sørlandet og fått plass i Norge Rundt. Ikkje-staden tar mål av seg til å bli ein stad.

FRAMTIDSHÅPET er at Broke­-
landsheia skal bli eit sentralt knutepunkt for handel og samferdsel på strekninga Oslo–Kristiansand. Det skal skje om Sørlandsbanen og Vestfoldbanen og Grenland­s­banen blir knytte saman med stasjon på Brokelandsheia.

I ventetida har det gått dårlegare med Cinderella enn med Oskepott. Ho gjekk konkurs og har stått opp att som Heimat – også som ei helsing til tyske bubilturistar.

Men dei lokale Blakstad-gutane møtest ved det fremste bordet på Lyngrillen. Serveringa der er klassisk og fritert vegkrokost, men også ein fast vekemeny: «Mandag: Steik. Tirsdag: Fersk kjøtt. Onsdag: Stekt middagspølse. Torsdag: Stekt flesk. Fredag: Salt kjøtt. Lørdag: Kjøttkaker. Søndag: Steik og Laks.»

Til dagens middag er det gratis dessert og kaffi, og då går den lokale mannepraten om viktige saker i Vegårshei og Gjerstad: elgjakt og dieselpris og andre biltema. Medan dei som er på gjennomfart, hastar vidare til Teslaen på ladestasjonen med resten av kaffien i pappkrus. På Brokelandsheia kryssar ulike røyndomar kvarandre, på same dag og tid og stad.

Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Der ulike røyndomar kryssar kvarandre, på same dag og tid og stad.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis