JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Fotballen har tapt hovudstaden

Vålerenga har falle ned i skirselden frå eit pengesterkt golv med himmelen til tak.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Søndag 10. desember slo Kristiansund Vålerenga på straffespark i den siste kvalifiseringskampen, som vart spelt på Intility Arena.

Foto: Annika Byrde / NTB

5684
20231215
5684
20231215

hompland@online.no

Vålerenga er eit sportsleg og organisatorisk konkursbu. Varene er ikkje leverte. «Oslos stolthet» er blitt ei skam for byen. Dei må prøva det som kom til å koma i Bergen: å få bygget på branntomta gjenreist på éin sesong. I ein reklame for Obos på Intility Arena, kalla opp etter ein sponsor i IT-bransjen, heiter det: «Vi bygger nye muligheter på Oslo øst.» Begge delar er nok mindre realitet enn den draumen om Soria Moria.

Vålerenga er som ein smult­ring: Det gode ligg rundt eit tomrom i midten. Den trufaste klanen hadde fortent betre der dei hoppar opp og ned og syng meir kraftfullt enn det tafatte spelet ute på matta.

FORVENTNINGSPRESSET er stort. Spelarane er vel så engstelege for å gjera feil framfor fansen at dei blir forsiktige og forknytte. Ingen taper meir på heimebane enn VIF. Det er imponerande dårleg gjort. Den dyrekjøpte kapteinen frå Lyngdal gøymde seg bort, men som ein av spelarane sa i pausen i lagnadskampen mot Kristiansund: «Vi må få slutt på denne lidelsen.»

Og så blei det berre verre. Ikaros fall ned i skirselden. Nummer 4 i Obos-ligaen straffa nummer 14 i Eliteserien.

AT KÅFFA (KFUM-kameratene, Kristelig forening for unge menn) ligg ein divisjon over VIF, er ein anomali. Det seier mykje om eit nøkternt og solid klubbmiljø med dedikerte spelarar og trenarar på Ekeberg, der dei må bruka fotgjengarfeltet over vegen mellom bane og garderobe.

Men det seier også sitt om luftslottet Vålerenga. Dei har kjøpt middels gode spelarar som blir dårlegare når dei kjem til Intility. Dei har kapra ei gullrekke av trenarar med suksess i andre klubbar, men som har møtt veggen i Vålerenga.

Det førebels siste, uhøyrde og mest skamfulle var å lokka til seg trenaren frå hovudfienden Lillestrøm midt i sesongen. Den gule Kanari-Fansen heiste eit banner med Geir Bakke som svikaren Judas, ei rotte med tretti sølvpengar i sekken. Men verre: LSK, med reservetrenaren Eirik Bakke frå Sogndal, vann 2–0 i hemnkampen, og VIF fall ned i gjørma på tabellen.

VÅLERENGA KJERKE blei stå-

ande med «himmel’n sjøl til tak» etter brannen i 1979, og Trond Ingebretsen dikta songen som skaper sitrande høgtid på tribunane før heimekampane.

Hymna hyllar minne som «lever i en menneskekropp og knytter oss til steder der vi vokste opp». Men inkluderer også folk som har «flytta inn i seinere år for å gi nytt liv til en del av byen vår».

VÅLERENGA SKULLE SAMLA den delte byen, bli «Oslos stolthet» og eit skandinavisk topplag.

Partisekretær og seinare byrådsleiar Raymond Johansen leidde det sportslege utvalet. Han hadde ei hand med i spelet då Vålerenga fekk kjøpt tomt for ei krone til eigen bane på Valle Hovin.

Sokneprest Einar Gelius, som faktisk var statssekretær i Kommunaldepartementet i Stoltenbergs første og mislykka regjering, heldt messe og velsigna VIF.

Som i andre klubbar var pengesterke folk attåt. I Vålerenga var det etter tur Spetalen, Fredriksen og Trøim. Dei investerte neppe for forteneste, men for rykte og ettermæle. Den bittersøte kontrasten er Porno-Hagen frå Torshov som testamenterte formuen til «sa sa sa, bra bra bra, Skeid Skeid Skeid», som er brei, men ikkje høgt oppe på Nordre Åsen.

KAPITALENS INNTOG skaper kompliserte organisatoriske hybridar med innebygde konfliktar som krev samspel og godføter. Det har ikkje fungert i Vålerenga. Toppane har gnissa mot kvarandre og møtt motstand frå klanen og klubbmedlemmene.

Vålerenga Fotball Elite er allianse- og breiddeidrettslaget Vålerengens Idrettsforenings utskilde satsing på toppfotball, med forleggaren Tuva Ørbeck Sørheim som styreleiar. Våler­enga Fotball Damer er ein eigen organisasjon med stor suksess; dei vann serien i år.

Bak og over det heile tronar Vålerenga Fotball AS med Tor Olav Trøim som pengesekk og hans advokat som nyleg avgått styreleiar. Turbulensen er formidabel: Dagleg leiar har slutta, marknadssjefen har sagt opp, og fotballens leiarakrobat Kjetil Siem er sett på som redningsmann i tronge tider. Spørsmålet er om Trøim er like trufast og rundhanda etter at han må dekka underskot på 40 millionar.

DET POSITIVE ER at Vålerenga, Stabæk og Lyn, som har kara seg opp att etter å ha brynt seg på konkurs, møtest til derby i Obos-ligaen. Då kan det bli færre enn tjue tusen tomme sete som heiar på Lyn.

Stoda minner om gamle dagars «trikkeserie» med fire Oslo-lag: Lyn, Skeid, Frigg og Vålerenga. Dei var jamgode eller jamdårlege, men Vålerenga var best i mytekampen om lokal­patriotisme og underhaldande fotball: Sota-hjørnet, Kvikk rydde­kompani, austkantgutar, bohemar. Dei har smidd på den forteljinga lenge etter at eggen blei sløv.

BYRÅSJEFEN ER ikkje interessert i fotball, men kampen mellom hovudstaden og dei andre har han sans for. Derfor lét han seg lokka med til Ullevål stadion 30. oktober 2000. Det var ein kald, mørk, våt og ufyseleg kveld der Vålerenga spelte kvalifisering mot Sogndal om den siste plassen i eliteserien. Etter 1–1 på Fosshaugane var Vålerenga store favorittar, ikkje minst i eigne augo. Dei hadde knust Sogndal 7–0 i cupen, med den evige redningsmannen Tom Nordlie som trenar.

Kjetil Rekdal scora for VIF frå 25 meter, Sogndal fekk ein mann utvist, og Vålerenga leia komfortabelt 2–1. Så utlikna årdølen Tommy Øren i det 84. minutt. Sogndal vann på fleire bortemål.

Byråsjefen såg fram til ein ønskereprise, men Sogndal mista kvalifiseringsplassen etter ein svak haust. Men han er godt nøgd med at Kristiansund gjorde jobben, så sjølv om Aalesund rykte ned, har Møre og Romsdal neste år dobbelt så mange eliteserielag som Oslo.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis