JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

EØS-avtalen er ein norsk blindtarm

Utan kronisk demokratisk underskot hadde ikkje Noreg kunna markera 25 år utanfor EU.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Senterpartileiar Anne Enger Lahnstein og statsminister Gro Harlem Brundtland (Ap) i partileiardebatten på fjernsyn før folkerøystinga i 1994.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

5350
20191129
5350
20191129

hompland@online.no

I GÅR VAR det 25 år sidan Noreg sa nei til EU for andre gong. Resultatet av folkerøystinga 28. november 1994, same år som vi viste verda vintervegen i OL på Lillehammer, var jamt, men klart: 52,2 prosent nei, 47,8 prosent ja. Det var om lag same resultat og same veljarmønster som 25. september 1972, då det flytande objektet endra namn frå EEC til EF.

Fylka rundt Viken sa ja, resten av landet sa nei, og kraftigare nei jo lenger ut i periferien ein var. Kvinner sa nei, og menn sa ja. Det var klart nei-fleirtal mellom dei yngste og mellom LO-organiserte. Ja-prosenten auka med inntekt, utdanning og samfunnsmakt. Harselasen med at eit nei ville gjera Noreg til eit aparte land, på line med Albania, blei snudd på hovudet: «Anderledeslandet» blei eit heidersord på nei-sida.

FOLK FLEST sa nei, men den politiske og mediale eliten sa ja. Mest åtgaum vekte det at Dagbladet, som hadde vore eit kampanjeorgan for nei i 1972, bytte side. NHO skremde med at titusenvis av arbeidsplassar ville forsvinna dersom det ikkje blei ja. Statsminister Gro Harlem Brundtland åtvara om at noko frykteleg alvorleg kunne koma til å skje med Noreg dersom det blei nei. For partileiar Jagland var EU ei høgare form for politisk sivilisasjon.

Som AUF-ar i 1972 hadde Jagland vore på nei-sida, men som mange andre som hadde kome til skils år og alder, fått etablerte posisjonar og kjende seg som gode europearar mot det provinsielt norske, hadde han snudd. Nokre av dei skipa kamporganisasjonen «Fra nei til ja», og det heldt hardt for Byråsjefen å berga seg unna.

DET STORE FLEIRTALET av veljarane i sentrum og til venstre røysta nei. Arbeidarpartiet var, som vanleg, og som folket, kløyvd på midten. Framstegspartiet låg lågt og ville hels gøyma seg bort, medan Senterpartiet fekk eit kraftig oppsving.

Biletet minner om dagens politiske popularitetsbarometer. Posisjonane gjentar seg når mønsteret og mobiliseringa går på sentrum mot periferi, folket mot eliten, sentralisering og effektivisering mot spreidd busetting og desentraliserte tenester.

DET FØRSTE TIÅRET etter 1994 svinga meiningsmålingane, og ja-sida vona at det skulle snu. Men så kom hundreårsjubileet for 1905, finanskrisa og stadig interne kranglar og utvidingar av EU. Medan dei andre sleit med høgre energiprisar, sopa Noreg inn oljemilliardar, og så kom tohundreårsjubileet for Grunnlova og 1814.

Det var 22 år mellom folkerøystingane i 1972 og 1994. 22 år etter 1994, i 2016, var det som om styrketilhøvet mellom nei og ja var hogge i bautastein: 70/30. 80/20 på gode eller vonde dagar, alt etter som. Ikkje eingong i det klare og taktfaste ja-partiet Høgre er det fleirtal for EU mellom veljarane.

EU-MEDLEMSKAP er for tida ei daud sild i norsk politikk. Tilhengarane seier det det er venta at dei skal seia når høvet byr seg, men med oppgitt inne­stemme. Alle koalisjonsregjeringar har ei sjølvmordspakt: Om spørsmålet om EU-medlemskap blir aktuelt, går regjeringa av. Den andre sida av pakta er at dei som er mot både EU og EØS, må børsta og sluka ein kamel: Regjeringa styrer på grunnlag av EØS-avtalen, som gjer oss til assosiert og betalande medlem i EUs indre marknad.

EØS-avtalen var utpønska som eit venterom i to år til Efta-landa skulle inn i EU, men Noreg følgde ikkje Sverige, Finland og Austerrike. Derfor blei EØS den faste europavegen, i dynamisk utbygging.

Mange trampar på EØS-avtalen, som er ein redningsplanke for å koma nokolunde velberga over farlege stryk. Få andre enn Jonas Gahr Støre seier at dei elskar EØS like høgt som kjærasten, men så var han også sentral då avtalen blei unnfanga i 1992 og forhandla fram på fransk under Jacques Delors og Gro Harlem Brundtland.

I 1994 blei EØS-avtalen brukt av begge sider i debatten. Ja-sida hevda at han alt påla Noreg mange av dei same pliktene som EU-medlemskap, men utan høve til å vera med og bestemma. Store delar av nei-sida meinte at EØS-avtalen sikra Noregs nærings- og handelspolitiske interesser, og at vi derfor trygt kunne stå utanfor det politiske samarbeidet i EU. EØS-avtalen var truleg ris til eigen bak for EU-tilhengarane: Utan den hadde det vore større sjanse for eit ja. For EU-motstandarar sikra EØS-avtalen ei virtuell kjensle av sjølvråderett.

SIGEREN I 1994 står fast som ein historisk leivning, men innhaldet har kvorve. Det er som i «Fagert er landet» av Blix: «... den vesle urt veiknar og visnar, bleiknar burt».

Finn Gustavsen (SF og SV) sa utover på 70-talet: «Vi vant 25. september 1972, men har tapt hver dag siden.» Noreg utvikla seg i same lei, sjølv om me berre hadde ein handelsavtale og inga EØS-ordning.

Det som etter 1994 har vakse opp og breidd seg som kjøvande ugras i lovar og reglar og forvaltning, er EØS. Me sluker og fordøyer alt som kjem frå EU via EØS. Også dei som helst ikkje vil vita det, veit det, men det gjeld å snakka minst mogleg om det. Og slik må det vera dersom EU-elefanten skal vera usynleg i det politiske handlingsrommet. Derfor er det så utriveleg at det demokratiske underskotet er blitt meir synleg etter dei politisk ønskte Nav-manøvrane mot trygdelekkasje.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Også dei som helst ikkje vil vita det, veit det, men det gjeld å snakka minst mogleg om det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar
Odd W. Surén

Orda mellom oss

Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.

Teikning: May LInn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis