JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Elon Musk som universets herre

Teslas veg frå heilagt ikon for ei sekt til ei ordinær folkekyrkje med fagrørsla på nakken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gründer Elon Musk (t.h.) saman med rikskanslar Olaf Scholtz og Deitmar Woidke, ministerpresident i Brandenburg, då Tesla- fabrikken i Berlin opna 22. mars i fjor.

Foto: Patrick Pleul / AP / NTB

5683
20231117
5683
20231117

hompland@online.no

Vertinna har vore så heldig å bli plukka tilfeldig ut blant alle e-postadresser i Europa og USA. Ho blir beden om å ta e-brevet svært alvorleg, for det kjem frå «Elon Musk and team SpaceX’s founder, CEO and chief engineer; early-stage investor, CEO and product architect of Tesla, Inc. Founder of The Boring Company, and co-founder of Neuralink and OpenAI. With an estimated net worth of around $245 billion».

Ho blir gratulert med å ha blitt tildelt 18.087,71 Tesla-aksjar som svarer til 4.124.270.00 USD og $258.0 per aksje. Vilkåret er at ho gjer kravet gjeldande og sender kontonummer til oppgitt e-postadresse før jul.

VERTINNA ER INGEN kløppar på nettet, og der ho kjem bort i mykje merkeleg. Men ho har vore ute blant røvarar frå Nigeria ei vinternatt før, så ho veit at når eit tilbod er for godt til å vera sant, så skal ein seia nei. Det var jo også prov på falsum at Elon Musk brukte e-post og ikkje sitt eige X (tidlegare Twitter).

Spaltisten vil legga til at det er eit alvorleg trugsmål for open og global samtale og meiningsdanning når innhaldet i ein så viktig kommunikasjonskanal som X ikkje er ansvarleg redaktørmoderert, men styrt av pengar, prateboksar og eigarens impulsar og påfunn.

Der kunne dette ha stoppa, men det gav opphav til ein lang runde med Hjelpeskrivarane om det digitale risikosamfunnet og alt det denne Musk finn opp og finn på for å bli Master of the Universe, både i verdsrommet, i hovudet vårt og i trafikken.

DEI SOM EIG OG KØYRER bil, blir assosierte med bilmerke etter økonomiske og sosiokulturelle distinksjonar. Folkevognvitsar florerte, gammal Amazon med eller utan revehale, store amerikanarar, skapkommunistar med austeuropeiske totaktarar, grå Toyota, Citroën med franske finessar. Mercedes smakte soliditet og mogne pengar, men i jappetida fekk modellen Geländewagen stempelet «børstraktor», for han var registrert som buss og kunne derfor bruka kollektivfeltet mellom Bærum og Børsen. BMW fall i status då kabriloleten blei ein bil for gjengleiarar og fekk utnamnet «pakkisfønar».

TESLA HADDE RY for å vera genial og nyvinnande teknologi, fyrt opp av Frederic Hauge og andre grøne gallionsfigurar. Og norske styresmakter var attåt: Dei breidde veg for Musk, slik at Tesla hadde Noreg som prøve- og demonstrasjonsbane. Ikkje rart at han blei «noregsvenn».

Å køyra avgiftsfritt i kollektivfeltet og gjennom bommane til gratis parkering og lading var ein bonus for bidrag til å redda klimaet. Den overdimensjonerte, tunge og subsidierte luksusen med massevis av hestekrefter gav godt samvit på kjøpet. Bilane overstyrte førar­ane både trafikalt og symbolsk.

EIN POLSK FLISLEGGAR hadde for nokre år sidan ein kvit Tesla som han brukte som handverkarbil. Han køyrde rundt i flekkete arbeidstøy, slo ned seta og stabla inn diverse materialar. Utanfor Maxbo fekk han skeive blikk og vanvørdande slengord, for han vanhelga noko oppløfta ved å bruka Teslaen som eit sjellaust transportmiddel.

For flisleggaren var det god butikk. Årvisst kjøpte han ein statssubsidiert Tesla som bruksbil i Noreg og selde han med forteneste til velståande og aspirerande heime i Polen.

I RUNDKØYRINGAR bannar sjåførar frå Oslo Taxi når ein Tesla-førar tar seg til rette i ein ring av sjølvtillit. Dei veit dei har vikeplikt, men vel å la vera å bruka henne.

Og så vell animositeten ut: Dei oppfører seg i trafikken som medlemmer av ei sekt for dei første og siste dagars skinheilage. Når dei hyllar Tesla, bryt dei vel også ut i lovsong til den geniale guruen og X-faktoren hans i «universet med de mange baner»: O store Musk, «når jeg i undring aner hva du har skapt i verden ved ditt ord».

MEN EKSKLUSIVITETEN er ikkje lenger den same. Tesla har kome ned på jorda, både som ikonisk produkt, i teknologi og i status. Snart er dei lokkande fordelane strippa bort, og Tesla blir eit vanleg transportmiddel som må betala sin rettmessige del av samfunnskostnadene.

Identifikasjonen er rimelegvis ikkje som då sekta var fylt av brennande tru på å vera mellom dei utvalde og ha mange privilegium. Det er ikkje så stas å bli del av ei statskyrkje, for ikkje å seia ei alminneleg folkekyrkje.

ANDRE BILPRODUSENTAR har tatt att Teslas teknologiske forsprang og lagar betre og billigare elbilar for massemarknaden. Det er ekstra mange Teslaer på verkstader for å retta opp tekniske feil, i tillegg til dei som må utbetra bulkar og skraper i lakken etter uvørden køyring.

Ingen andre bilprodusentar er så aggressive mot kjøparane. Klager blir handsama usmidig og sjølvgodt. Halvparten av oppgjera som går til mekling, gjeld Tesla. Dei tar misnøgde kjøparar til retten og køyrer ein amerikansk stil mot den norske modellen.

Slik er det for dei tilsette også. Det er eit trugsmål mot bedriftskulturen dersom dei har andre gudar enn Musk. Derfor er det forbod mot fagorganisering i Tesla-universet. Då bilarbeidarane i USA allierte seg med Hollywood og gjekk til streik, var ikkje Tesla-fabrikkane med.

I SVERIGE HAR DEI som jobbar på Tesla-verkstader, gått til streik for retten til å fagorganisera seg. Dei får støtte frå hamnearbeidarane som nektar å ta i land Tesla til den retten er på plass. I Noreg stiller Fellesforbundet seg solidarisk og vil ikkje lossa Musk-bilar som prøver å ta ein omveg via Drammen hamn.

Sjølv om Sverige har gått frå førebilde til skremmebilde, meiner Byråsjefen at me bør setja vår lit til det som måtte vera att av kraft i fagrørsla i kampen mot Musk og alt hans vesen, for han er ein farleg mann for eit sivilisert samfunn.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis