JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Den gong ei ny tid var i emning

Gateavisa var eit rølpete og hasjliberalt undergrunnsblad og ein førskule i journalistikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Audun Engh.

Audun Engh.

Foto via Wikipedia

Audun Engh.

Audun Engh.

Foto via Wikipedia

5498
20230414
5498
20230414

hompland@online.no

Organiserte anarkistar held seg til flate strukturar utan formelt hierarki. Alle er like, men nokre blir gjerne likare enn andre fordi dei er mest aktive, sit sentralt i nettverk, er tale- og skriveføre og offentleg synlege. Andre søker seg til smalare forum for å diskutera både tullete og djupe spørsmål og la seg påverka av legalt og illegalt stoff.

I DEN FORUNDERLEGE og legendariske Gateavisa gjekk namn som Jan Bojer, Christian Vennerød og Syphilia Morgenstierne (psevdonym for Mari Toft) att. Audun Engh (død av ALS 27. mars, 74 år gamal, gravlagd i Frogner kyrkje i går) var i kulissane som ein slags tilbaketrekt gudfar. Han skreiv under det ertande psevdonymet «Josef S», var vennleg og vimsete, men også ryddig, ordentleg og systematisk. Han levde i og for «Motkultur, utopi og de gode liv» som det heitte, festskriftet Geir (Thomas Hylland) Eriksen redigerte til 40-årsdagen.

I 2020 gav Engh saman med Ulrik A. Hegnar ut ein mastodont av ei uvanleg rikt illustrert minnebok på 4,2 kilo: Alt mulig fra Gateavisa 1970–1986. Etter eit par år som tidsskriftet Glasnost, kom Gateavisa ut att i skiftande utgåver, men stordomstida var over utan Audun Engh som kontinuitetsberar.

DET ER MANGT og mykje forvitneleg i boka, også «garbologi» frå valkampen i 1981. Då røva og analyserte Gateavisa søppelkassane til hovudkombattantane Gro og Kåre.

Men dessverre er det ingenting med av Syphilia Morgenstierne, for ho kom på kant med dei andre. Slikt hender, for det er mange «ways of seeing» mellom anarkistar. Forresten: Då familien von Munthe af Morgenstierne gjekk til sak, vann ho med seinare høgsterettsdommar Ketil Lund som advokat, for ho hadde ikkje stole Morgenstierne som slektsnamn, men brukte det som psevdonym.

ANARKISTMILJØET rundt Gateavisa var eit arbeidskollektiv, men også eit «uenighetsfellesskap» der dei kunne stå langt frå kvarandre med ulike merkelappar: anarkosyndikalist, individualanarkist, sosialanarkist. Hasj var eit evig stridstema, både prinsipielt, i møte og på utagerande festar i Villa Kveldsro, som Audun Engh rådde over.

Det som knytte dei saman, var det antiautoritære i menneskelege relasjonar og samfunnssyn. Hovudfiendane var formyndarstaten, det kjedelege sosialdemokratiet og dei dogmatiske stalinistane i SUF og AKP. Og alle visste kva for ein fraksjon i den spanske borgarkrigen dei støtta.

FRÅ STUDIETIDA minnest Byråsjefen det dragande gufset frå undergrunnen med fri hasj, fri sex, rølpete og pornografiske teikneseriar, satiriske artiklar om stat og religion, mystisk åndsliv, rock og biodynamisk mat. Han våga seg ein gong til bokhandelen Jaap van Huysmans Minde i rønna av det nedlagde garveriet i Hjelms gate 3, men han stygdest over det han møtte, og kom aldri att. Han heldt seg til det heller anonyme A-stud med hardt studerande og klassereisande avkom av solide arbeidarpartiordførarar.

SPALTISTEN VAR kulturradikalar, sosialliberalar og antimilitarist. På passe avstand hadde han eit festleg forhold til den rufsete krinsen rundt Gate­avisa. Han sokna til det grøne graset og «frihetlige sosialister» på Blindern. Sidan førte kjærleiken til sosiologi og journalistikk til at han elska seg bort frå sin
bristende ungdom.

På studentbyen på Sogn var det ikkje hasj på festane, men innsmugla dansk elefantøl frå Natobasen på Kolsås. Som ikkje-røykar stod Audun Engh i ei mellomstilling og utvikla sin spesialitet: hasj baka inn i gulrotkake.

MANGE VAR INNOM Gateavisa som ein slags førskule i skriving før dei vandra vidare til journalistikk, forfatteri, forlag, forvaltning og akademia. Nokre gjekk også i hundane.

Jan Bojer sette namn på tida då han omsette Bob Dylans «The Times They Are A-Changin» til norsk: «Ei ny tid i emning». Sjølv etablerte Jon Bojer Vindheim eit kollektiv på Karlsøy i Troms med ein regnboge av tidsskrift, mystikk og makrobiotisk mat. Før han blei by- og fylkespolitikar i Trondheim for MDG, der han nå er ein levande nestor.

Geir Eriksen, Terje Emberland og Tor Selstad gjekk til akademia, Anders Giæver, som laga teikneserie, hamna som kommentator i VG, Kjetil Wiedswang i Dagens Næringsliv og Jon Rognlien som litteraturkritikar i Dagbladet. Christian Vennerød blei rik på Dine penger. Arvid Weber Skjærpe blei direktør i KS. Alle er stolte av at dei har ei reim av det uærbødige, kreative og antiautoritære frå miljøet i og rundt Gateavisa.

AUDUN ENGH var av godt og filmatisk sosialdemokratisk borgarskap. Han blei jurist og jobba med asylsaker, men brukte også engasjement på andre frontar. Han arbeidde i Oslo Byfornyelse med rehabilitering i indre aust. Saman med Lille-Petter Olsen starta han Stiftelsen Byens Fornyelse for å fremja tradisjonsbasert arkitektur. Då han gjekk i kompaniskap med yngre krefter som hadde grep om sosiale medium, tok det av som Arkitekturopprøret.

Audun Engh var nerd og samlar. Han har donert sakene sine til Nasjonalbiblioteket, som skal bygga opp eit motkulturarkiv. Han hamna også på Bymuseet på Frogner hovedgård, der utstillinga om syttitalet har ein rekonstruksjon med artefaktar frå den hippie-inspirerte kjellarstova i barndomsheimen hans i Madserud allé.

ALT HAR SI TID. Audun Engh hadde si. Det er ein lesbar, men ikkje tradisjonell arkitektur over hans liv og virke. Det er ikkje sant som Preikaren seier i Fork 1,2: «Berre fåfengd, berre ideleg fåfengd!»

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis