Intervju
Set sin lit til USA
– Det er allereie krig i Iran, seier aktivist og forfattar Asieh Amini. Ho trur amerikanske bombeåtak kan hjelpe demonstrantane.
Medlemmer av det iranske politiet er med på ein demonstrasjon til støtte for regjeringa i Teheran 12. januar.
Foto: Stringer / Wana / Reuters / NTB
Dei siste vekene har millionar av menneske gått ut i gatene i Iran for å demonstrere, og regimet har svart med skarpe skot og massearrestasjonar. Asieh Amini, menneskerettsaktivist og poet, flykta frå Iran til Noreg med mann og barn i 2009, og er no fribyforfattar i Trondheim. Dette intervjuet vart gjort på tysdag.
– Kva tenker du når du følger med på det som skjer i Iran? Du har truleg slekt og vener som er ute i gatene og demonstrerer?
– Eg synest det er vanskeleg å snakke akkurat no. For berre ein halvtime sidan fortalde Iran International TV i London at 12.000 menneske kan vere drepne på berre ei veke. No er det umogleg å få kontakt med vener og familie i Iran, alt samband er stengt. Det som skjer no, er svært brutalt.
– Sidan vi ikkje har sikker informajson, er det umogleg å vite kor mange som er drepne i Iran. Om det det talet stemmer, er det mykje høgare enn anslaga i dei internasjonale media så langt?
– Ja, men det er tenkeleg at det kan vere mange tusen døde. Det kjem meldingar om mange drepne frå ei rekke ulike byar.
– Det må vere forferdeleg å følge med på dette?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.