JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Avtale som løyser lite

– Det er ein stor sjanse for at dei krasjar ut av EU utan nokon avtale, seier Trine Andersen, redaktør av britiskpolitikk.no

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Theresa May er samd med EU om ein skilsmisseavtale. No må ho få med seg sitt eige parlament.

Foto: NTB scanpix

4792
20181116

Samtalen

Trine Andersen

Redaktør i britiskpolitikk.no

Aktuell

Skilsmisseavtalen mellom EU og Storbritannia

eva@dagogtid.no

Etter to år med forhandlingar vart Storbritannia og EU tysdag kveld samde om ein skilsmisseavtale som skal gjelde fram til 31. desember 2020. Onsdag sikra statsminister Theresa May seg støtte for avtalen i den britiske regjeringa, men i ettertid har fleire regjeringsmedlemmer trekt seg frå regjering. Dag og Tid spør Trine Andersen, som er redaktør av nettsida britiskpolitikk.no, kva som skjer no.

– Eg trur sjansen for at May får avtalen gjennom i det britiske parlamentet, er ganske små. Ho har ikkje fleirtal i parlamentet i dag, og må støtte seg til dei ti representantane frå Det demokratiske unionistpartiet i Nord-Irland, som er kritiske til avtalen. Ho må få alle dei ti og alle i sitt eige parti til å røyste for avtalen, og det trur eg ikkje ho får.

– Kan ho få hjelp av EU-skeptikarar i Labour?

– Det kan godt hende. Det var jo det som skjedde i sommar, då ho fekk redda den såkalla Chequers-avtalen, som er grunnlaget for avtaleteksten som er forhandla fram no. Om det kan skje no, veit vi ikkje. Ho kan i tilfellet trenge støtte frå mange Labour-representantar, om det er mange av hennar eigne som røystar imot.

– Kva er hovudpunkta i skilsmisseavtalen som er forhandla fram?

– Dei er samde om ein overgangsperiode frå midnatt 29. mars 2019 til 31. desember 2020. I desse 21 månadene skal det meste fungere som før, medan Storbritannia forhandlar fram nye handelsavtalar med andre land og ein ny frihandelsavtale med EU. Poenget er at dersom det i løpet av overgangsperioden ikkje vert semje om ein ny handelsavtale med EU, som sikrar ei saumlaus grense mellom Irland, som vert verande i EU, og Nord-Irland, vert noko dei kallar backstop solution utløyst, ei slags reserveløysing. Det inneber at Storbritannia vert verande medlem av EUs tollunion og må halde fram å følgje EUs reglar for handel til dei har funne ei ny løysing.

– Kva gjer dette så vanskeleg å svelgje?

– Dei som ønskjer såkalla hard brexit, ser føre seg at Storbritannia med dette kan verte knytt til EU på ubestemt tid. Dei ønskjer eit klart brot med både den indre marknaden og tollunionen. Med klausulen om backstop vert det ikkje sett nokon sluttdato. I staden skal det då setjast ned ein felles komité som skal avgjere kva tid banda kan brytast. Storbritannia kan ikkje gjere det åleine. Boris Johnson har sagt han meiner EU får for mykje makt med denne løysinga, at Storbritannia kjem til å verte som ein vasallstat under EU.

– Kva gjer dei nordirske unionistane så kritiske?

– Dei har heile tida sagt det er uaktuelt at Nord-Irland skal verte handsama annleis enn Storbritannia. I avtalen ligg det visstnok ein klausul om at Nord-Irland ved ei reserveløysing kan måtte halde fram å følgje nokre av reglane for indre marknad for å sikre ei saumlaus grense til Irland.

– Skottland er rekna som den mest EU-venlege delen av Storbritannia. Kjem skottane til å gå for sjølvstende igjen no?

– Nicola Sturgeon har alt sagt at skilsmisseavtalen er det verst tenkjelege alternativet for Skottland, fordi Nord-Irland kan få særfordelar for konkurranse, så eg trur dette kan presse fram eit krav om ny folkerøysting om sjølvstende i Skottland.

– Korleis kjem britane til å merke 29. mars 2019?

– Det er vanskeleg å seie sidan vi ikkje veit om avtalen vert vedteken enno. Vert han det, kjem dei ikkje til å merke noko endring over natta. Då går det berre over i ein overgangsperioden med status quo.

– Kvar er det EU har bøygd av for britane i forhandlingane?

– Det veit vi ikkje, men frå backstopklausulen å døme er det ikkje britane som har trekt det lengste strået. Storbritannia ville ha inn at dei sjølv skulle avgjere når dei skulle kunne gå ut av ei reserveløysing. No må dei verte samde med EU gjennom ein komité der det og skal sitje uavhengige representantar.

– Kva skjer om Underhuset i det britiske parlamentet røystar imot skilsmisseavtalen?

– Det er det ingen som heilt veit. Då kan det verte ei ny folkerøysting i Storbritannia, eller det kan verte utlyst nyval. Det kan òg hende datoen for utmeldinga, 29. mars, vert skyvt på. Det må i tilfellet Storbritannia og EU verte samde om. Men det er ein stor sjanse for at dei krasjar ut av EU utan nokon avtale.

– Det har vore kampanjar og demonstrasjonar for å få ei ny folkerøysting om brexit. Korleis vurderer du sjansane for at det britiske parlamentet går for det?

– Det kjem i alle fall ikkje til å skje før avrøystinga om skilsmisseavtalen i parlamentet i desember.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg trur dette kan presse fram eit krav om ny folkerøysting om
sjølvstende i Skottland.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis