JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil vippe ut oljen

Une Aina Bastholm i MDG er open for å sitje i ei ny Solberg-regjering.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Miljøbyråd i Oslo Lan Marie Berg (t.v.) og nasjonal talsperson Une Bastholm i Miljøpartiet Dei Grøne då dei oppsummerte det politiske halvåret på ein pressekonferanse i Oslo i juni.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

5056
20170811

Samtalen

Une Aina
Bastholm

Nasjonal talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne

Aktuell

MDG kan kome i vippeposisjon på Stortinget

peranders@dagogtid.no

Torsdag kom ei meiningsmåling frå Opinion som tyder på at Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) kan kome både over sperregrensa og i vippeposisjon på Stortinget etter valet. Une Aina Bastholm er nasjonal talsperson i MDG og stortingskandidat i Oslo.

Om de skulle kome på vippen i Stortinget, er det draumeposisjonen for Dei Grøne?

– Ja, og for alle som røystar på oss. Eg trur ganske mange har venta på eit parti som set miljø og klima så høgt.

– De er det einaste stortingspartiet som ikkje vil seie kva statsminister de føretrekkjer av dei sannsynlege kandidatane. Trur du ikkje mange potensielle veljarar gjerne vil at de avklarar akkurat det?

– Nei, tvert imot. Eg trur veldig mange veljarar vil ha fokus på politikken og ikkje på spelet mellom partia. Kva som blir mogleg etter valet, kjem an på kva parti folk røystar på.

– Kva einskildsaker vil de absolutt ikkje fire på om de skal vere støtteparti for ei regjering?

– Vi har berre eitt absolutt krav: Det skal ikkje bli meir leiting etter olje og gass. Vi kan ikkje vere støtteparti for ei regjering som vil opne nye felt for leiteboring eller gje nye utvinningsløyve.

– Jonas Gahr Støre har vore heilt avvisande til å danne regjering med MDG. Trur du det synet vil stå seg om dagens meiningsmåling skulle bli valresultatet?

– Eg trur i alle fall at Arbeidarpartiet vil sjå annleis på ting etter valet. Om vi kjem i vippeposisjon, har Støre tre alternativ: Han kan inngå eit formelt samarbeid med oss, om vi får nok ut av forhandlingane. Han kan velje fire nye år i opposisjon, om han er så redd for å røre oljepolitikken. Eller han kan danne ei mindretalsregjering som styrer utan ein formell samarbeidsavtale.

– I Oslo og Trondheim har MDG og Ap samarbeidd om å styre. Men det har ikkje gjort nemneverdig inntrykk på sentralleiinga i Ap?

– Eg trur nok leiinga i Ap har merka seg at vi er gode å styre saman med. I Oslo har samarbeidet fått Ap til å ta store steg i meir miljøvenleg retning. Men nasjonalt synest nok Støre at det er vanskeleg å gje oss gjennomslag for hovudkravet vårt om å stogge oljeleitinga.

– Meiningsmålingar syner at MDG er eit svært upopulært parti blant veljarane til andre parti, bortsett frå SV-veljarane. Ap er kanskje redde for å bli assosierte med dykk?

– Eg trur heller det handlar om at Ap har lite truverd på miljø og klima, og dei har lite å vinne på at det blir viktig i valkampen.

– Målet dykkar om å avvikle petroleumsindustrien i løpet av 15 år skremmer truleg svært mange nordmenn. Oljeutvinninga har vore mjølkekua vår i mange år.

– Nye tankar er ofte skremmande. Sjølv om det er dette fagkunnskapen tilseier at vi bør gjere, og sjølv om det er det etisk rette, verkar det skummelt. Også politikarar må gjennom ein fase med fornekting og orsakingar før dei innser at vi må gjere noko no, sjølv om det har ein kostnad.

– Kven har den verste miljøpolitikken av Ap og Høgre?

– Dei har stort sett fellestrekk. Skilnadene på desse partia er minimale på miljø- og klimafeltet.

– MDG erklærer seg blokkuavhengige. Men eg har store problem med å sjå dykk for meg som medlemmer i ei ny Solberg-regjering.

– Det kan skje. I så fall har vi truleg hamna i vippeposisjon etter valet, vi har hatt samtalar med både høgre- og venstresida, og Solberg har levert meir grøn politikk enn Støre i forhandlingane med oss. Men det vil nok sitje langt inne for Høgre, ja.

– I røystingane i Stortinget siste fire åra har MDG oftast røysta saman med SV, og klart sjeldnast med Høgre og Frp. Det fortel vel litt om kva veg de hellar?

– Det er lett å tenkje det, men det har òg å gjere med korleis røystingane på Stortinget fungerer. Regjeringspartia vil sjeldan røyste for forslag frå opposisjonspartia, og vi er eit opposisjonsparti. Men det er rett at vi nok har mest sams med SV, også i fordelingspolitikken og flyktningpolitikken.

– På andre sida har MDG snakka om å redusere offentlege velferdsordningar og opna for å diskutere kutt i sjukeløna. Sjukeløna vågar ikkje eingong Høgre og Frp å tukle med.

– Landsmøtet vårt slo fast at vi ikkje ønskjer å kutte velferdsordningar eller sjukeløn. Men vi ønskjer ikkje å innføre nye velferdsordningar no. Først må vi klare den store omstillinga av norsk økonomi.

– Kva tenkjer du om faren for miljøpolitisk kannibalisme? SV og MDG har klart mest sams i miljøpolitikken. Om de begge kjem under sperregrensa, er det synd for miljøveljarane?

– Ideen om slik kannibalisme er berre ein konstruksjon. Talet på miljøveljarar er ikkje konstant, det kjem an på kva saker som er på dagsordenen. Om miljø- og klimasaker blir viktige i valkampen, mobiliserer dei mange veljarar. Det er fint at både Venstre og SV er opptekne av miljø, sjølv om dei har valt å støtte ulike politiske blokker. Men nokon må setje miljø og klima aller øvst på dagsordenen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Nye tankar
er ofte
skremmande.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis