Og bakom syng Blackstone
– Politisk er det forståeleg at Erna Solberg opnar for at staten kan hjelpa til med å berga Norske Skog, men økonomisk er det ikkje lurt, seier obligasjonsmeklar Christopher Rødsten.
Norske Skog tener framleis pengar på pairmaskinene i Halden, men ikkje nok til betala ned på gjelda.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
SAMTALEN
Christopher Rødsten
Obligasjonsmeklar i Arctic
AKTUELT
Norske Skog er i tingingar om å få redusert skulda si

jon@dagogtid.no
Norske Skog, vår ære og vår makt, er i praksis konkurs. No går det føre seg gjeldstingingar for å få bort delar av gjelda, og onsdag lova Erna Solberg over heile framsida til Dagens Næringsliv at ho kanskje skulle gjera noko, og brått steig aksjekursen med 30 prosent. Christopher Rødsten er obligasjonsmeklar, altså spesialist på gjeld, hjå Arctic Securities.
– Korleis hamna Norske Skog her?
– På midten av 1990-åra laga konsulentselskapet McKinsey ein ny strategi for dåverande direktør Jan Reinås. Rådet var at Norsk Skog skulle selja alt anna enn avispapirproduksjon, og at dei skulle verta ein global spelar gjennom å kjøpa opp avisproduksjon verda over. Det gjorde Reinås, dei kjøpte for over 50 milliardar i Australia, Asia, Canada og ei rekkje andre stadar.
– Og det medan internett byrja å koma?
– Det var vel nokså mange som meinte at den strategien var litt underleg midt under dotcombobla, der vi alle lærte at alt skulle digitaliserast. Men det gjekk bra ei lita stund. I 2002 hadde VG 390.000 i opplag, no er det under 100.000 som kjøper VG på papir. Vi ser òg at dei svenske og finske konkurrentane som opprettheldt eit vidt produksjonsspekter, framleis går heilt greitt.
– Kvifor tok dei ikkje grep før?
– Dei tok i og for seg grep. Alle hugsar den famøse Union-saka i Skien. Då greidde altså leiinga å skaffa seg ekstremt dårleg merksemd ved å seia, midt under valkampen i august, at dei ville leggja ned Union. Men som vi alle veit: Under ein valkamp er éin industriarbeidsplass verd det same som 100 seljarar. Alle partileiarar måtte ned til Skien. Bondevik II fekk skulda, og Jens Stoltenberg kunne seia at ei nedlegging var «uakseptabel». Han fekk mange røyster på det, og etter valet, som han vann, vart Union lagd ned.
– Men kvifor har dei internasjonale utlånarane heile tida gjeve Norske Skog stadig ny kreditt når selskapet i praksis har vore konkurs?
– Ein kan tena pengar likevel. Ta til dømes storeigaren Blackstone. Dei selde såkalla CDS-ar, altså gjeldsforsikring, på den kortsiktige gjelda, og så kjøpte dei CDS-ar på den lange. Det var eit nokså trygt veddemål, sidan dei deretter gjekk inn og kjøpte den korte gjelda, slik at prisen på den lange gjelda gjekk rett opp. Men så rota dei det til med noko anna, så dei har heller neppe tent pengar på Norske Skog. I alle høve skjer no det som burde ha skjedd for minst fem–seks år sidan. Obligasjonseigarane, altså dei som har lånt, har gått i tingingar med aksjeeigarane om å konvertere delar eller det meste av gjelda til eigenkapital, altså aksjar.
– Er det så lurt av statsministeren å ymta frampå at dei utanlandske eigarane skal få pengar av staten? Sjølv om morselskapet i praksis er konkurs, kan då lønsame arbeidsplassar verte drivne vidare?
– Nei, det er ikkje lurt å gripa inn her. Men ho er sjølvsagt redd for ein reprise frå 2005. Politisk er det difor forståeleg. Ho veit at Trygve Slagsvold Vedum vakar i sivet. Problemet med utsegna hennar er at ho tuller med maktbalansen i forhandlingane. No handlar det ikkje om å leggja ned arbeidsplassar, men om å få gjelda ned til eit berekraftig nivå. Selskapet har eit for lågt overskot før renter og avdrag. Skulda kan ikkje vera høgre enn maksimalt fem gonger overskotet. Difor veit alle at gjelda må ned, men på onsdag vart staten ein slags usynleg partnar.
– Kven er partane?
– I slike forhandlingar er det alltid tre partar, sikra gjeld, usikra gjeld og dei som står sist i køa når verdiar skal sikrast: aksjeeigarane. Desse tre har alltid dei tre same ulike interessene. Dei usikra vil taka over selskapet og få dei med sikra gjeld til å vidareføre gjelda. Dei sikra vil ha bort den usikra gjelda og gjerne få litt eigenkapital. Medan aksjeeigarane vil behalda kontrollen over selskapet, og at långjevarane skal konvertera gjeld til få aksjar med låg pris. Solberg har no sendt opp prisen på aksjar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Stoltenberg fekk mange røyster på Union-saka, og etter valet, som han vann, vart Union lagt ned.»
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?