JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Partiet som ikkje finn seg til rette

– Venstres tilhøve til Høgre kan samanliknast med adoptivdottera som aldri vert nøgd med stoda, dottera som alltid ser etter alternativ, seier Dag Inge Fjell.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Måndag var det storfint møte på kjøkenet til Venstre-leiar Trine Skei Grande. Ho og statsminister Erna Solberg snakka om alt det gode dei har fått til i fellesskap.

5056
20170630

SAMTALEN

Dag Inge Fjeld

høgskulelektor og meiningsmålar

AKTUELT

Venstre har laga nye valstrategi. Partiet skal vera besteven med regjeringa.

jon@dagogtid.no

Dei siste par vekene har det skjedd noko nytt der ute. Venstre har byrja å snakka vel om regjeringa og om alt Erna Solberg har gjeve dei. Ja, så nøgd er Trine Skei Grande med Solberg, at ho, om ein skal tru Facebook-reklamen, hadde invitert Solberg heim til sitt eige kjøken førre måndag for å svara på spørsmål frå Grandes Facebook-vener om alt Venstre har fått til takka vera regjeringssamarbeidet. Og dette altså frå Grande, som for mindre enn tre månader sidan ville fella regjeringa grunna det fæle Framstegspartiet. «Nå skal det ikke være noen tvil om at Venstre er garantisten for en borgerlig regjering. Hver dag vi kan, skal vi klistre oss til Erna Solberg helt frem til valget», fortel ei kjelde i partileiinga til VG.

Dag Inge Fjeld er høgskulelektor og har mellom anna arbeidd med spørjegranskingar og veljarpreferansar.

– I tre og eit halvt år har Grande snakka stygt om regjeringa. Hjelper det å endra framferd i sumarferien før valet?

– Nei, det gjer nok ikkje det. Stikkordet for folk flest når dei tenkjer på Venstre, er «vinglete». Tak dette med ostetollen, som dei var imot, men så berga. Eller tak dette med toll på netthandel over grensene, det var dei òg mot, til dei brått vart for. Eller formuesskatten, eller plastposeavgifta. Venstre går hardt ut, og så trekkjer dei seg eller endrar standpunkt. Vi må verkeleg grave djupt i minnet for å finna ein siger som verkeleg var av stor verdi for Venstre, og som veljarane seier var ein Venstre-siger. Denne strategiendringa er berre eit nytt døme på fram- og attendemanøvreringa.

– Om ein las programma for Frp og Venstre før valet i 2013, var dei til forveksling like om landbruk. Men det er Venstre som har berga mykje av det tradisjonelle norske landbruket denne perioden. Korleis har det seg?

– Venstres «kreative» byveljar, og han er klart størst i veljargruppa, freistar nær sagt desperat å ha ein urban og internasjonal image. Han eller ho har lese Richards Floridas The Rise of the Creative Class, og den kreative klassa skal ikkje vera bunden opp av importrestriksjonar, toll og avgrensingar på fri flyt. Dei «kreative» veljarane til Venstre har eit sterkt sug etter ein kosmopolitisk livsstil. Men langs kysten i Hordaland og Sogn og Fjordane, i næringsmiddelindustrien og på gardane veit dei at draumane den kreative klassa i Oslo og i Bergen går og ber på, ikkje er realistiske. Forsvinn ostetollen, ryk så og så mange arbeidsplassar. Ja, inne på Stortinget veit dei at dei vert valde inn av dei kreative klassene, men samtidig vil dei ikkje øydeleggja arbeidsplassar, og til slutt vinn realøkonomien. I den klassiske Venstre-konflikten mellom bygd og by vinn bygda dei verkelege politiske kampane.

– Eg må vedgå at eg ikkje heilt forstår kvifor Venstre-politikarane er i politikken. Kva vil dei?

– Venstre er på sett og vis to parti, og dei to partia går berre ikkje saman, dei er umogleg å sameina. Venstre av i dag er både det kule Senterpartiet og det kule Høgre. Om vi ser på verdipreferansar, ligg Venstre-veljarane tett opp til SV, Raudt og MDG på det nasjonale gjennomsnittet, dei ligg langt frå Høgre og ekstremt langt frå Frp. Eigentleg er Venstre-veljarane SV-arar, men dei arbeider i det private næringslivet. Det er, eller i det minste var, ganske mange små og mellomstore verksemdseigarar i partiet, og mange som driv for seg sjølve. Og dette er ei gruppe som kvar gong rekneskapen skal gjerast opp, slit med å finna pengar til formuesskatten. Desse forstår at Raudt og SV og Klassekampens kamp for formuesskatten er symbolsk. Mitt råd til Venstre hadde vore å gje avkall på bygda og det kule Sp-imaget, og satsa på den urbane klassa og dei som driv mindre verksemder. I denne perioden kunne dei truleg ha fått bort formuesskatten, og det hadde vore ein stor siger. Men eg kan ikkje koma på éi sak der Venstre har kunna teke stor ære for å ha gjort vilkåra for det private næringslivet klart betre. Eg meiner dei burde sett på alt det danske partiet Liberal Alliance har gjort rett.

– Trur du Høgre-veljarane tilgjev Grande for all kjeften? Det er vel avgrensa kor lenge mamma Erna kan halda på vona om at dotter Trine «skal verta lækjar, ho»?

– Venstres tilhøve til Høgre kan samanliknast med adoptivdottera som aldri vert nøgd med stoda, dottera som alltid ser seg om etter alternativ. No går adoptivforeldra rundt og berre ventar på at dottera skal verta myndig og gamal nok til å flytta heimafrå. Venstre har fått lov til ganske mykje i denne perioden, og har vorte tilboden gjennomslag for mange programpostar. Men same kor fin heimen er, finn ikkje Venstre-dottera seg til rette.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Mitt råd til Venstre hadde vore å gje avkall på bygda og det kule Sp-imaget, og satsa på den urbane klassa.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis