JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det nye bondepartiet

– Med Frp i regjering har bøndene fått dobbelt så høg inntektsvekst som andre grupper dei siste tre åra. Då kan dei ikkje å forventa å få tre gonger så høg inntektsvekst som andre i år, seier Jon Georg Dale.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) sleit med kommunikasjonen med bondeorganisasjonane under landbruksforhandlingane. Her er han med på sauesanking i Saudedalen i Hjørundfjorden.<00E6>bønes, Møre-Nytt</00E6>

Foto: Rune Sæbønes, Møre-Nytt

4031
20170519

SAMTALEN
Jon Georg Dale

landbruks- og matminister for Frp

Aktuelt

Tysdag braut bøndene med Regjeringa i landbruksoppgjeret.

jon@dagogtid.no

Denne veka vart det brot i landbruksforhandlingane. Bondelaget kravde 1,45 milliardar, landbruksminister Jon Georg Dale ville berre gje 410 millionar. No går truleg oppgjeret til Stortinget som etter sedvane kjem til å røysta gjennom statens tilbod.

– Kvifor eit så dårleg tilbod?

– Eit så dårleg tilbod at bøndene framleis ville få ei betre inntektsutvikling enn andre yrkesgrupper, meiner du? Tilbodet var godt, men ja, det var også eit moderat tilbod, slik norske landbruksoppgjer plar vera. Vi skal hugsa at bøndene er sjølvstendige næringsdrivande som i stor grad avgjer si eiga inntekt. Men sjølv om det var moderat, vil eg òg understreka at tilbodet var heilt i samsvar med inntektsmålet Stortinget har sett: at over tid skal skilnadene mellom bøndene og andre lønsmottakarar minka. Her har Frp og regjeringa levert i fleire år no. Men eg lyt òg få seia at eg er skuffa over eit krav om 9 prosents inntektsvekst i eit tid der andre grupper krev og får mykje mindre. 9 prosent måtte dei forstå var langt høgre enn vi kunne gå med på.

– Måtte dei forstå dette? Sylvi Listhaug gav bøndene ein inntektsvekst på 10,3 prosent mellom 2014 og 2015, seier SSB. Dei kravde vel berre det dei har vorte vande med under Frp?

– I desse tala er etterbetalinga frå mellom anna Tine teken med. Etterbetalinga kom etter landbruksoppgjeret var avslutta. Men uavhengig av det er det rett at vi har gjeve bøndene ein inntektsvekst på 18 prosent sidan vi tok over Landbruksdepartementet, ein vekst som har vore dobbelt så god som den andre grupper har fått. Men i ei tid som er prega av at offentlege budsjett og offentlege pengar må innrettast mot tiltak som kan få opp sysselsetjinga og konkurransekrafta, kan ikkje bøndene forventa å få tre gonger så mykje som alle andre.

– Er det du eller finansministeren som avgjer råmene for oppgjeret?

– Statens forhandlingsleiar er departementsråden i Landbruksdepartementet. Vi i departementet har ansvaret for dei konkrete detaljane og regelverket, men dei store råmene er sjølvsagt forankra i regjeringa. Og denne regjeringa har altså gjeve bøndene ei særs god inntektsutvikling.

– Ja, du seier det. Men skulle ikkje Frp få ned subsidiane og redusera tollvernet? Er det ikkje litt underleg for deg som Frp-ar å skryta over alt du gjev til bøndene?

– Eg meiner ikkje det. Trass i at oppgjera har vore gode, har totalen av overføringar til bøndene gått ned målt etter BNP og offentlege utgifter. Eg er grådig stolt av denne nedgangen. Ved å gjera sektoren meir marknadsretta har vi òg gjeve bøndene høve til å auka produksjonen, som igjen har auka inntektene. Dette viser at det ikkje handlar om kor mykje du deler ut, men kor mykje du får att. Og det vi har fått att, er meir norsk mat, meir marknad og bønder som har fått ein dobbelt så høg inntektsoppgang som andre.

– Er politikken din så marknadsretta? Etter jol hadde Nortura 3500 tonn lam dei ikkje hadde fått avsetning for. Overproduksjon er vel ikkje marknad?

– Eg er glad du trekkjer fram lam, for kva var stoda før vi tok over? Jau, at vi i årevis måtte importera 10 prosent av det marknaden ville ha. Vi nytta ikkje meir pengar for å få opp produksjonen, men vi nytta pengane annleis. Bøndene responderte med éin gong på omlegginga, og fekk opp produksjonen. Ja, no har vi eit visst overskot, men vi ser òg at bruken av lammekjøt går opp. I årevis har næringsmiddelindustrien vore elendige på innovasjon og lam, men òg dette ser vi endring på. Nordmenn kjem til å eta mykje meir lam i åra som kjem, og bøndene kjem til å levera.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Det vi har fått att, er meir norsk mat, meir marknad og bønder som har fått ein dobbelt så høg inntektsoppgang som andre.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis