Samfunn

Saka som splitta regjeringa

– Det er ei sak det er lett å forklare og tydeleggjere kvifor ein går ut av regjering på, seier Sps sentralstyremedlem Christian Anton Smedshaug om EU-direktiva.

Torsdag vart det stadfesta at Senterpartiet går ut av regjering som følgje av motstand mot å innføre direktiv frå EUs fjerde energimarknadspakke i Noreg.
Publisert Sist oppdatert

Christian Anton Smedshaug er medlem av Sps sentralstyre og sat i det regjeringsoppnemnde utvalet som i fjor la fram ei ny utgreiing om Noregs forhold til EU. Han meiner retninga i EU – både økonomisk og når det gjeld ønskje om ei stadig større samfunnsregulering – har utvikla seg langt utover det som er den politiske konsensusen rundt EØS i Noreg.

– Den norske konsensusen handlar om at vi skal delta i den indre marknaden og dei fire fridomane i EU. Det er ikkje eit opplegg for å vere med på reguleringar av korleis bustadhus skal sjå ut, eller kva energiklasse dei skal ha. Utviklinga vi no ser, er ei sprenging av dei noverande rammene rundt EØS-avtalen, seier han.

Smedshaug understrekar at han ikkje har vore med å avgjere spørsmålet om framleis regjeringsdeltaking eller ikkje. Dag og Tid snakka med han torsdag føremiddag, like før det var stadfesta at Sp gjekk ut av regjeringa. 

­– Er dei tre direktiva verkeleg ei sak verd å gå ut av regjering på?

– Det er i alle fall ei sak det er lett å forklare og tydeleggjere kvifor ein går ut på, at den stadig større reguleringsaksepten gjennom EØS-avtalen til slutt møter veggen. Det skjer jo heller ikkje berre internt i Sp. Frp har om lag same argument, og det har også Raudt og SV. Det byrjar å verte eit betydeleg breitt parlamentarisk grunnlag for dette.

– Men desse direktiva vil etter alt å døme verte gjennomførte uansett, om det skjer no eller etter valet. Slik sett er det berre ei symbolsak?

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel