Krig

Russlands nye papirvåpen

Erobringa av ukrainsk territorium og innbyggjarane der er berre det første stadiet i aggresjonen. Det neste stadiet følgjer ein algoritme som gjer ukrainarar til «russarar».

Ein funksjonær for Sameint Russland-partiet i den russisk-okkuperte provinsen Donetsk i Ukraina sankar 16. januar i år underskrifter for Vladimir Putin som kandidat i det komande russiske presidentvalet.
Ein funksjonær for Sameint Russland-partiet i den russisk-okkuperte provinsen Donetsk i Ukraina sankar 16. januar i år underskrifter for Vladimir Putin som kandidat i det komande russiske presidentvalet.
Publisert

Den russiske økonomien er no ein krigsøkonomi. Det er ikkje lenger nokon løyndom. Russiske fabrikkar produserer krut, rakettar, granatar og stridsvogner 24 timar i døgnet, i tre skift.

Russisk propaganda arbeider òg i tre skift over heile verda. Og det ser ut til at trykkeria som produserer offisielle dokument, også arbeider døgnet rundt med å trykke spesielle meldingar om døde russiske militære og søknader om russiske pass.

Rakettar, granatar, patronar og nye våpen blir leverte til fronten med alle tenkjelege transportmiddel. Nyleg mobiliserte soldatar blir av og til frakta nærare fronten med sivile fly. Men ingen veit korleis russiske pass-skjema blir transporterte til fronten og vidare inn på okkupert territorium. Truleg blir dei leverte i pansra køyretøy med spesialvakter.

Russiske pass er òg eit våpen, med langvarig verknad. Erobringa av ukrainsk territorium og innbyggjarane der er berre det første stadiet i aggresjonen. Det neste stadiet følgjer ein algoritme som gjer ukrainarar til «russarar», ein algoritme der det russiske passet spelar ei nøkkelrolle. For det første blir det ferda ut til alle i dei okkuperte områda som ønskjer å bli russiske borgarar. Ope prorussiske innbyggjarar er til vanleg i mindretal, men det blir lagt press på dei som ikkje ønskjer eit russisk pass.

Ukrainske pensjonistar som lever under okkupasjon, kan ikkje ta imot ukrainsk pensjon, og blir ståande utan pengar. Så blir dei fortalde: Ta imot eit russisk pass, så vil vi gje deg russisk pensjon.

Bileigarar får ikkje ferdast på vegen med ukrainsk førarkort eller med ukrainsk registreringsskilt på bilen sin. Om du ønskjer å bruke bilen: Få eit russisk pass og eit russisk førarkort, og så byter du ut registreringsskiltet med eit russisk. Dersom du blir sjuk i Melitopol eller Mariupol eller ein annan okkupert stad, får du ikkje helsehjelp før du har skaffa deg eit russisk pass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement