JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Hacka over 200 journalistar

50 journalistar i New York Times er blant dei som er råka av hackargruppa Fancy Bear.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1423
20171229
1423
20171229

HACKING

eva@dagogtid.no

Journalistar frå USA, Russland, Ukraina, Moldova og Baltikum er blant dei som har fått epostkontoane sine hacka av den russiske gruppa Fancy Bear frå midten av 2014 og fram til i år. Det syner ei undersøking det amerikanske nyhendebyrået AP har gjort på bakgrunn av informasjon frå datatryggleiksfirmaet Secureworks.

Fancy Bear er hackargruppa som ifølgje amerikanske etterretningsorganisasjonar prøvde å påverke presidentvalet i USA i fjor, for å hjelpe Trump til makta. Dei skal ha stått bak dataåtaka mot det demokratiske partiet, som råka både presidentkandidat Hillary Clinton sin kampanjesjef John Podesta og 130 andre demokratar.

Dei 200 journalistane som har vorte hacka, inkluderer kring 50 tilsette i New York Times og like mange i andre medium, mellom anna korrespondentar i Moskva eller russiske journalistar som jobbar for uavhengige russiske medium, ifølgje New York Times.

AP identifiserte journalistar som den tredje største gruppa offer for hackinga, nest etter diplomatar og amerikanske politikarar.

Fancy Bear er mistenkt for å ha operert under direkte kontroll frå den russiske regjeringa under den amerikanske valkampen. Dette har den russiske regjeringa nekta for. Trump har også nekta for at kampanjen hans hadde noko samarbeid med russarane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis