Sideblikk

Rollespel som politisk arbeidsform

Erna Solberg må overgå Per Borten i staurbering: Ho skal leia ei sjupartiregjering.

Erna Solberg på talarstolen i Stortinget, som statsminister eller partileiar i Høgre.
Erna Solberg på talarstolen i Stortinget, som statsminister eller partileiar i Høgre.
Publisert

Rolle er eit nøkkelomgrep i sosio­logien. Det handlar om korleis me blir ein del av den sosiale strukturen gjennom normer og forventingar som er knytte til posisjonar me har – frå familie til det store samfunnet. Me kan utøva rollene på ulikt vis og med meir eller mindre distanse; me kan hamna i rollekonfliktar som me må finna ut av; på slike måtar blir dei sosiale rollene endra over tid.

For ein utdanna og innbarka sosiolog burde det vera ei glede at denne faglege sjargongen har sprengt grensene og ete seg inn på stadig nye felt – ikkje minst i politikken. Det er ikkje det, for det analytiske omgrepet blir brukt som personleg bortforklaring på at ein er utan fast kjerne, taler med fleire tunger og spelar dei rollene den politiske situasjonen krev.

DET ER PÅ SIN PLASS å minna om at rolleomgrepet er lånt frå skodespelarkunsten og har ein kynisk dåm. Skodespelaren følgjer manus og instruksar frå regissøren og kan løyna seg bak ei maske.

Eg har sett den mykje omtala teaterframsyninga Ways of Seeing på Black Box. Bakteppet er dei filma husa til Thor Mikkel Wara og andre som på konspiratorisk vis blir kopla til eit hemmeleg nettverk som fremmar rasistisk tankegods.

Ein av skodespelarane i stykket er Ketil Lund i rolla som Ketil Lund. Tidlegare høgsterettsdommar og leiar av Lund-kommisjonen står fram som ein arrogant og sjarmerande rampegut av solid juridisk slekt. Mellom anekdotar om spaserturar og epletjuveri i Kåre Willochs have, kjem han med autoritative lovtolkingar om overvaking i fortid, framtid og i det samtidige spelstykket. Det er forvitnelege måtar å sjå det på.

JUSTISMINISTRANE Anders Anundsen og Per-Willy Amundsen hadde gått i rollelære. Dei hefta ikkje for det dei politiske frikarane Anundsen og Amundsen hadde sagt og meint og brent før, for det var i andre roller, må vita. I rolla som statsråd fekk Anundsen laga ein offisiell skrytevideo med seg sjølv i hovudrolla. I statsråd Solvik-Olsens departement omplassete dei den informasjonsansvarlege fordi ho meinte det ikkje høyrde til hennar rolle å vera ekspedisjonskontor for lokale partimøte med nest­leiaren i Framstegspartiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement