Rojava

– Tyrkiske soldatar skaut Azzo for nokre timar sidan. Han fekk tre kuler i den høgre armen og ei i venstre. Men han var heldig, og vart ikkje alvorleg skadd.

YPG-soldaten Delil fortalde at tyrkiske soldatar skaut Azzo – ein av dei andre soldatane – nokre timar før vi kom.
YPG-soldaten Delil fortalde at tyrkiske soldatar skaut Azzo – ein av dei andre soldatane – nokre timar før vi kom.
Publisert

Soldaten som fortel dette, heiter Delil. Vi er på besøk ved ein vaktpost i Nord-Syria, tett innpå grensa mot Tyrkia. Soldatane tilhøyrer Folkets forsvarsstyrkar (YPG). Dette er Rojava, der dei fleste er kurdarar. Men dei fortel at både mange frå minoritetane i Rojava og mange arabarar har slutta seg til YPG i løpet av det siste året.

«Vi» er Sara, Johan Petter og eg. Johan Petter er pensjonist med nokre tiår bak seg som industrimålar i Nordsjøen. Han er aktiv i solidaritetsarbeid, og vil sjølv sjå det som går føre seg Nord-Syria. Sara er kurdar. Ho har tatt på seg å vere tolk og allsidig hjelpar. Foreldra, Sara og søskena flykta frå Saddam-regimet i Irak i 1986, først til Iran og vidare til Pakistan. Etter åtte år i flyktningleirar kom Sara til Noreg som 15-åring.

– Heile livet stod på vent, seier ho om åra ho var på flukt. Da vi for nokre dagar sidan sto i kø framfor passkontrollen på flyplassen i Hewler (Erbil på arabisk) i det kurdiske Nord-Irak, var det 32 år sidan sist ho høyrde at alle rundt henne snakka morsmålet hennar.

Sara er scenekunstnar av yrke, og har følgt med på revolusjonen i Nord-Syria frå Noreg. Ho vil finne ut kor stor rolle kvinnene har hatt og har, før revolusjonen og i dag. Det viktigaste slagordet i Rojava er: «Viss ikkje kvinnene er frie, er det ingen som er frie.» Vona hennar er å få sjå at patriarkatet faktisk blir knust.

Over grensa

Kryssinga av grenseelva Tigris mellom Irak og Syria var ikkje problemfri. Vi fekk ei oppfordring frå kurdiske Raude Halvmåne før vi reiste frå Hewler: Kjøp medisin til ungane her. Da vi trudde vi var gjennom grensekontrollen, og skulle gå om bord i ferja, dukka det opp enda ein kontrollør. Med skarp kniv spretta han opp medisinkartongane og gav Sara beskjed:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement