Rojava

– Du får ikkje reise vidare til Sheba. Det er ikkje trygt. Beskjeden frå Shervan Derwish i Manbij militære råd opnar ikkje for diskusjon.

Sherwan Derwish og medarbeidaren hans i Manbij militære råd lèt seg ikkje skremme av den tyrkiskstøtta terroristgruppa som nesten klarte å drepe han.
Sherwan Derwish og medarbeidaren hans i Manbij militære råd lèt seg ikkje skremme av den tyrkiskstøtta terroristgruppa som nesten klarte å drepe han.
Publisert

Manbij ligg vest for Eufrat. Sidan sist eg møtte Derwish, har han overlevd eit attentat. Jihadistgruppa Harakat al-Qiyam tok på seg ansvaret og kunngjorde at Derwish var død. To Harakat-medlemmar som er arresterte, har fortalt at dei får hjelp frå MIT, den militære etterretningstenesta i Tyrkia.

Den tyrkiske hæren står like utafor Manbij. Avstanden frå frontlinja og til Sheba er er 25 kilometer. Der lever meir enn 100.000 flyktningar frå Afrin, det nordvestlege hjørnet av Syria. Sheba var reisemålet mitt. Eg ville sjå kvardagen til dei som flykta frå okkupasjonsmakta.

Eg er ute etter kunnskap om flyktningspørsmålet. Om dei som er flyktningar i eige land. Dei som har kome heim igjen. Dei som ikkje har flykta, men har slekt og vener som har reist. Her er det så mange grunnar til å bli flyktning.

Assyrarane

I ein assyrisk landsby fire mil frå grensa til Tyrkia møter eg familiar som valde å bli. Nokre av husa er øydelagde. IS lét kyrkja stå. I nabolandsbyen er det annleis. IS knuste kyrkja og andre hus. IS-krigarane herja og drap. Dei som overlevde, flykta. No lever dei på tre kontinent. Nokre få er i Noreg.

For 100 år sidan vart assyrarar utsette for fordriving og massedrap, omtrent som armenarane. Kanskje ikkje så rart at gjentatt forfølging etter den tid har fått mange til å reise?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement