Sideblikk

Range riddarar av dei runde orda

Noko om politisk-mediale sløyfer. Men mest om diktaren Hans Børli (fødd 8. desember 1918).

Forfattaren, lyrikaren og tømmerhoggaren Hans Børli tek seg ein matpause i Eidskog i februar 1965.
Forfattaren, lyrikaren og tømmerhoggaren Hans Børli tek seg ein matpause i Eidskog i februar 1965.
Publisert Sist oppdatert

Aftenposten implanterte eit inkjeseiande bilete av helseminister Bent Høie på heile førstesida måndag. Det handlar om implantat­industrien, som Aftenposten har granska saman med 58 internasjonale mediehus. Dei har drive kampanje, tynt ­storyen og skremt livet av folk som treng «nerver av stål» dersom dei har livbergande pacemaker eller hjertestartar.

Då må den komande fylkesmannen ta ansvar, seia «Behov for å gjøre endringer» og kalla inn til kringkasta møte med alle partar – i konkurranse om merksemda med sjølvmord i psykiatrien, som Dagsrevyen har køyrt dag etter dag på sosialpornografisk vis som reklame for NRKs eiga gransking der programleiarane poserer med tjukke bunkar av sakspapir.

Det gjeld å smi medan lika er varme og sakene eksklusive. Og snart er det tid for å sondera og hestehandla om orda i ein ny regjeringsplattfot.

Vertinna har hatt ein poetisk raptus i haust. Ho sette seg føre å lesa Hans Børlis samla dikt før hundreårsdagen 8. desember (1918–1989). Det har vore fåfengt, men ho har funne trøyst hos den poetiske fylkesmannen Sigbjørn Johnsen, han som lét Børli sleppa inn i finans­talen. Han meiner at om ein skal sansa og fordøya livsvisdomen som ligg på og mellom linene hos Børli, kan ein ikkje lesa meir enn eitt dikt om dagen, og då vil arbeidet i den lyriske tømmerskogen ta tre år.

Jeg er et menneske. Jeg har

erkjent storheten i dét

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement