JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Putins militære problem er enorme

Den russiske presidenten ville ha ein rask siger. Men no er det til og med fare for nederlag. Kvifor det? Og kan den russiske hæren framleis løysa problema?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ukrainsk artillerist poserer med ei av mange erobra antikvariske russiske stridsvogner. T-62 vart produsert mellom 1962 og 1975.

Foto: Ukrainsk forsvar

14909
20221209
14909
20221209

Det folkerettsstridige russiske åtaket på Ukraina tok ei heilt anna vending enn det Moskva hadde håpa på. Og det skjedde sjølv om dei russiske styrkane er langt større enn dei ukrainske. Ein detaljert gjennomgang av den russiske militære kapasiteten syner kor store problema deira er.

Artilleri

Etter at lynoffensiven mislukkast i byrjinga av krigen, tok den russiske hæren i bruk sin eigen militære doktrine: overveldande eldkraft. Den avgjerande rolla skulle spelast av artilleriet. Målet var å øydeleggja posisjonane til fienden og gjera klart for eit åtak med infanteri og pansereiningar. I august er det anslått at russisk artilleri skaut mot ukrainske posisjonar opp mot 60.000 gonger om dagen. Ukraina hadde lite å stå imot med.

Men biletet har endra seg. Med dei nye våpena frå Vesten klarte dei ukrainske styrkane å øydeleggja mange russiske ammunisjonslager. Det russiske talmessige overtaket kunne ikkje utliknast på denne måten, men fleire rakettkastarar som den nye M777-haubitsen og sjølvgåande artilleri­våpen som den tyske Panzerhaubitze 2000 er overlegne dei russiske våpensystema, spesielt når det gjeld presisjon, men også i eksplosiv kraft og mobilitet. Den russiske fordelen vart såleis mindre.

Den tyske Panzerhaubitze 2000 er på alle vis overlegen dei russiske våpensystema.

Foto via Wikimedia Commons

Det største problemet med russisk artilleri er nettopp mangelen på presisjon og koordinering, på grunn av mange utdaterte kanonar, slik som 2S3 SPG, som vart sett i produksjon tidleg i 1970-åra.

Det same gjeld haubitsen D-30, utvikla på slutten av 1950-åra. Eller fleirrakettoppskytingssystemet BM-21, som vart introdusert i Sovjetunionen tidleg i 1960-åra og har vorte modernisert.

Med mykje pengar har Russland utvikla eit system for å organisera samspelet mellom våpen, rekognoseringsdronar og radar betre. Dersom dette fungerer, tek det teoretisk sett berre nokre få sekund frå ein oppdagar eit mål, til ein kan avfyra eit prosjektil. I praksis har derimot dette systemet knapt vore i bruk så langt, fordi det ikkje er nok soldatar som kan styra det.

Og det talmessige overtaket er no ikkje på langt nær så stort som det var i sommar. Berre nokre får stader, som i Donetsk oblast, kan Russland samla nok våpen og ammunisjon til å bruka eldkraft for å vinna terreng. Ifølgje amerikansk etterretning har dei omfattande åtaka mot Ukraina ført til mangel på russisk ammunisjon, og ulike kjelder syner at den russiske eldgjevinga har gått monaleg tilbake. Russland har difor alt bede Nord-Korea og Iran om ammunisjon.

Haubitsen 2S3 SPG, som russarane no bruker mot Ukraina, er å sjå på mange museum.

Foto: Zimin Vasilij / Wikimedia Commons

Luftstyrke

Eit av dei største problema for dei russiske styrkane, og kanskje det mest avgjerande, var at dei aldri klarte å få luftherredømme over Ukraina. Tvert imot: Russarane har òg hatt tap i luftforsvaret. Alt dei første dagane av krigen vart minst to transportfly med fallskjermjegerar, som skulle ta flyplassen nær Kiev, skotne ned. Tapet av desse elitetroppane var truleg ein av dei avgjerande grunnane til at den planlagde raske russiske offensiven mislukkast.

No tidleg i november sa britisk etterretning at Russland hadde mista 278 fly, dronar og helikopter så langt i krigen. Talet er ikkje stadfesta, men det er sannsynleg. Mange av helikoptera skal ha vorte øydelagde av såkalla manpads, det vil seia berbare luftvernmissil.

Mange russiske fly har òg vorte øydelagde av ukrainske åtak på russiske flyplassar, som på Krym i august. Kor mange russiske fly som framleis er i drift, er derimot uklart.

Faktisk er forsvaret av luftrommet i denne fasen av krigen avgjerande for den noverande framgangen til Ukraina: Gjenerobringane og den vellukka ukrainske bruken av det amerikanske rakettartillerisystemet på hjul, Himars, gjer at russarane ikkje kan bruka det overlegne luftvåpenet sitt effektivt. Men om Russland etter kvart skulle lukkast i å svekkja Ukrainas luftvernforsvar monaleg, eller om forsyningane frå Vesten avtek, kan det russiske luftforsvaret spela ei avgjerande rolle.

Eit problem for russarane, kanskje det mest avgjerande, var at dei aldri klarte å få luftherredømme over Ukraina.

Foto: Ukrainsk fosvar

For å klara det må Russland også løysa problema med informasjonshandsaming. Det tek ofte 48 timar frå måldeteksjon til målkontakt med luftborne kryssarmissil. I moderne luftkrigføring er det altfor lenge.

Dronar

Den russiske hæren har brukt iranske Shahed-136-dronar regelbunde sidan september. Desse relativt små dronane, som er billege å produsera, erstattar delvis kryssarmissila. Shahed-136 til rundt 20.000 dollar kostar berre ein brøkdel av eit missil, og dei vert difor nytta i svermar på ti eller fleire dronar. I motsetnad til andre dronar er dei derimot eingongsvåpen: Dei avfyrer ikkje missil, men detonerer når dei treffer målet.

Ukrainas bruk av amerikanske Himars, eit rakettartillerisystem på hjul,  gjer at russarane ikkje får nytta det overlegne luftvåpenet sitt effektivt.

Dei ukrainske styrkane er no flinke til å avskjera denne typen dronar, og det vert hevda at opp mot 90 prosent av Shahed-136 vert skotne ned. Den russiske hæren har dessutan førebels ikkje så mange av desse våpena. Det er mistanke om at Moskva prøver å fylla opp lageret med nye kjøp frå Iran, og at Russland skal ha planar om å byggja eit produksjonsanlegg for desse dronane.

I tillegg til Shahed-136 nyttar Russland, som mange andre, også dronar til rekognoseringsflygingar. Dette er særs nyttig, spesielt i artillerikampar. Men Russland har altfor få av desse dronane. Her har Ukraina ein stor fordel. Dei nyttar kommersielle rekognoseringsdronar meir effektivt enn den russiske hæren.

Stridsvogner

Russland hadde særs mange stridsvogner i byrjinga av krigen. Ifølgje Military Balance-databasen var 10.000 stridsvogner tilgjengelege i 2021. Kor mange av dei som var operative, er uklart, ikkje eingong det russiske forsvarsdepartementet veit det. Og mange vart plukka frå kvarandre og nytta som reservedelar. Likevel var overmakta stor.

Men ifølgje den uavhengige analyseplattforma Oryx har Russland no mista nesten 1520 hovudstridsvogner. Det er meir enn det dei fleste landa i verda har. Det reelle tapstalet er truleg endå høgare, sidan Oryx berre inkluderer stridsvogner der øydelegginga er dokumentert av biletmateriale. Sjølv Russland kan ikkje kompensera for slike katastrofalt store tap.

Den russiske tankflåten består av ulike modellar. T-90M er den mest moderne, og den vart introdusert i 2020. Det er derimot berre nokre få av dei. Dei fleste stridsvognene er av typen T-80 og moderniserte T-72.

Dei siste månadene har Moskva derimot flytta fleire og fleire T-62 til fronten. Desse stridsvognene, som er produserte mellom 1962 og 1975, er ofte å finna på museum. At Russland no får heilt utdaterte modellar frå depota, syner at dei knapt har nokon reservar.

Ukraina har utnytta det svake punktet til dei russiske stridsvognene: Då krigen tok til, vart dei svakt pansra tårna til stridsvognene, som inneheldt høgeksplosiv ammunisjon, trefte ovanfrå med for det meste skulderavfyrte forsvarsvåpen. Eitt treff og stridsvogna er øydelagd.

Til saman 875 stridsvogner var øydelagde, ifølgje Oryx, og 64 vart skadde. Men den ukrainske hæren var i tillegg i stand til å overta nesten 600 stridsvogner. Mange av desse var rett og slett etterlatne. No nyttar dei ukrainske styrkane dei til å forsvara landet.

Leigesoldatar

Eit av hovudproblema til den russiske hæren sidan krigsutbrotet har vore deira eigne soldatar. Det første åtaket på Kiev mislukkast også fordi Russland ikkje klarte å forsyna troppane sine med ammunisjon, drivstoff og mat, og moralen til soldatane fall. Den dårlege forsyningssituasjonen er framleis ei av hovudårsakene til dei mange nederlaga til den russiske hæren. Då krigen tok til, vart observatørar overraska over at mange av dei russiske soldatane ikkje var utstyrte med dei nye våpena som vanlegvis vert synte fram ved militærparadane i Moskva. Og i nokre tilfelle hadde soldatane utstyr frå sovjettida.

Den russiske hæren ser heller ikkje ut til å vera så stor og klar for innsats som Moskva har antyda i årevis. Så seint som i 2020 rekna ekspertar med at Russlands væpna styrkar var på rundt 900.000 soldatar, og at bakkestyrkane, inkludert vernepliktige, utgjorde rundt ein tredel av dette. Same år opplyste Moskva at dei hadde 225.000 vernepliktige og 405.000 profesjonelle soldatar. Denne informasjonen var sannsynlegvis pynta på.

Nøyaktige tal er ikkje kjende, men Russland sette inn nærare 200.000 soldatar i Ukraina i byrjinga av krigen, inkludert soldatar frå separatistregionane i Aust-Ukraina. Nokre ekspertar meiner det faktiske talet på russiske soldatar var under 150 000. Av desse var det dessutan fleire einskildeiningar som sannsynlegvis ikkje rapporterte til ein overkommando, noko som også delvis forklarar den russiske strategiske katastrofen dei første dagane av krigen. I tillegg vart mange dårleg trena vernepliktige sende i kamp.

Berre ein brøkdel av soldatane som opphavleg vart sende til Ukraina, er framleis i aksjon. Kor store tapa er, kan ein berre koma med grove overslag over. Ukrainarane seier at den russiske hæren har mista rundt 90.000 soldatar så langt. Amerikanske overslag syner 100.000 døde og 100.000 såra på begge sider.

Sjølv om desse tala ikkje er sikre, vil det høge talet på offer også forklara kvifor Kreml bestemte seg for delvis mobilisering. 300.000 nyrekrutterte russiske soldatar skal alt ha vorte sende til Ukraina eller er under opplæring. Nye rapportar om at dei russiske styrkane framleis er svært dårleg og utilstrekkeleg utstyrte, tyder likevel på at desse nye soldatane heller ikkje kan avgjera krigen i Moskvas favør.

Difor har leigesoldatane til den berykta Wagner-gruppa vore utplasserte i lang tid, spesielt i Donbas. Men desse styrkane har òg måtta akseptera store tap og har fylt rekkjene med mellom anna frigjevne kriminelle. Det er uklart om leigesoldatane verkeleg er kraftigare og betre utstyrte enn resten av den russiske hæren, eller om det berre er eit spørsmål om omdømme.

Eit av Russlands mest moderne åtakshelikopter, Ka-52, blir skote ned.

Eit av Russlands mest moderne åtakshelikopter, Ka-52, blir skote ned.

Foto: Ukrainsk forsvar

Rakettar

Russland nyttar i aukande grad missil for å gå til åtak på Kiev og andre strategiske mål. Dette viser at dei russiske væpna styrkane berre har avgrensa evne til å gjennomføra komplekse kampar. Den russiske hæren nyttar ulike typar ballistiske missil og sjølvstyrte kryssarmissil, som bakkeutskytingsmissila Iskander og Kalibr, skotne opp frå skip i Svartehavet.

I tillegg kjem ei rekkje missil avfyrte mot Ukraina frå fly, for det meste frå russisk luftrom.

Med slike åtak lukkast den russiske hæren gong på gong med å treffa og øydeleggja mål, ofte delar av energiinfrastrukturen. Men det ukrainske luftvernsystemet skyt no ned ein stor del av desse missila. Minst 73 av dei 90 rakettane som russarane skaut mot mål i Ukraina 15. november, skal ha vorte avskorne. Ein av dei var ein Kalibr-kryssarmissil som det tyske Iris-T luftvernsystemet skaut ned.

Og suksessraten til ukrainarane aukar. For å treffa mål no må Russland nytta stadig fleire missil og dermed overmanna luftvernet. Spesielt i artillerikampar er dette særs viktig. Ein einskild rakett kostar fleire millionar dollar. Oppskytinga av ein Kalibr, til dømes, kostar 6,5 millionar dollar.

Shahed-136-dronar er brukte regelbunde sidan september. Desse relativt små dronane, som er billege å produsera, erstattar delvis kryssarmissil.

I tillegg har dei russiske styrkane truleg alt avfyrt ein stor del av arsenalet sitt. Nøyaktig kor mange rakettar dei hadde og har på lager, er ikkje kjent. Så langt har Russland avfyrt rundt 16.000 rakettar. Den russiske hæren nyttar no i aukande grad prosjektil til formål dei opphavleg ikkje var meinte for. Til dømes S-300 luftvernmissil mot mål på bakken. Dette gjer at alle vurderingar av kor lenge Russland kan halda på denne taktikken, vil vera svært usikre.

Det ukrainske forsvarsdepartementet kunngjorde i august at Russland alt hadde avfyrt meir enn halvparten av missila sine. Og sanksjonane mot landet gjer det vanskeleg, om ikkje umogeleg, å produsera nye missil. Under ideelle tilhøve kunne den russiske forsvarsindustrien truleg produsert fleire hundre missil i året. I tillegg til komponentar er det òg mangel på fagarbeidarar til å produsera nye missil.

Marinen

Svartehavsflåten var ein gong byrgskapen til den russiske og sovjetiske marinen. Men sjølv før krigen i Ukraina var det ikkje mykje att av han. Det er uklart kor mange fungerande skip den russiske marinen faktisk hadde i Svartehavet. Flåten stasjonert i Sevastopol på Krym og andre hamner som Novorossijsk i Russland hadde truleg 40 til 50 missilkryssarar, ubåtar, landgangsfartøy og andre skip, men berre ein del av desse var operative, på grunn av reparasjons- og vedlikehaldsarbeid.

Til no i krigen har flåten hovudsakleg vore nytta til å skyta opp kryssarmissil. Ein frykta landingsoperasjon nær Odesa kom aldri. Fordi den ukrainske marinen praktisk tala er ikkje-eksisterande, har det ikkje vore sjøslag. Likevel måtte den russiske Svartehavsflåten akseptera nokre alvorlege tap. I april vart flaggskipet «Moskva» senka av ukrainske missil.

Andre skip skal ha blitt skadde eller øydelagde i droneåtak på Sevastopol og andre hamner, men det nøyaktige omfanget av skadane er ikkje kjent.

Ifølgje den ukrainske hæren var berre sju skip frå den russiske Svartehavsflåten operative i midten av november. Dette talet kan ikkje verifiserast, men også den britiske etterretningstenesta meinte i sommar at den russiske marinen kanskje ikkje lenger kunne greia oppgåvene sine i Svartehavet fullt ut. Ukraina har dessutan nyleg utplassert flytande dronar, ein ny type våpen som aukar trugsmålet mot russiske skip og avgrensar kapasiteten deira endå meir.

Eit anna problem for den russiske flåten er Montreux-traktaten, som regulerer ferdsel gjennom Bosporos, Marmarahavet og Dardanellane, altså den einaste tilgangen til Svartehavet. Sidan Tyrkia har blokkert ferdselen for krigsskip nesten sidan byrjinga av krigen, har Russland ikkje vore i stand til å flytta forsterkingar frå andre delar av flåten sin til Svartehavet.

Endring i Moskva?

I lang tid gav Russland inntrykk av at dei kunne løysa dei mange problema dei har – og berre dei mest openberre av dei er gjorde greie for her – med fleire soldatar. Det synte seg å vera ei grov feilvurdering. Med tanke på overfloda av veikskapar verkar det no særs tvilsamt om Russland i nær framtid vil vera i stand til å ta over initiativet i denne krigen att.

Den russiske militærleiinga har no tilsynelatande erkjent at dei må endra taktikken fundamentalt. Ifølgje opplysningar frå den britiske etterretningstenesta vert det ikkje lenger nytta taktiske bataljonskampgrupper (BTG) over heile lina. Opphavleg var kvar einskild BTG utstyrt med både infanteri- og luftvern-, artilleri-, logistikk- og rekognoseringseiningar. Dette skal gjera dei i stand til å kjempa sjølvstendig med fleire våpengreiner.

Men denne fleksibiliteten har ein pris: tap av kontroll. BTG-ane gjorde som dei ville. Difor mangla det ofte støtte frå spesielt artilleri på viktige stader, og den talmessige overmakta kunne ikkje utnyttast.

Men ei slik djup endring i kommandostrukturen vil ta tid å få på plass. Og sjølv om Russland klarer å koordinera troppane ved fronten betre, står det att mange andre uløyste problem.

Nicolas Freund og Sebastian Gierke

© Süddeutsche Zeitung
Omsett av Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis