Navhengig
3. april stengde Nav-kontora dørene for brukarar som møtte opp utan avtale.
Slike opningstider ser du ikkje meir, når NAV kuttar drop-in-tilbodet.
Foto: NTB scanpix/Morten Holm
September 2016, fem arbeidsdagar sidan første telefonforsøk:
– Du har kome til Nav, kva kan eg hjelpe deg med?
Damestemma er så overdrive blid at eg nesten kan høyre kaldsveitten i panna hennar, etter brukarar i harnisk i telefonkøen før meg. Eg har nesten gløymt kva eg skal med denne telefonsamtalen. Smartskjermen har vore klistra mot øyret så lenge at humøret mitt står til den utgåtte mjølkekartongen i kjøleskapet. Eg skal berre søkje om hjelp til å ta billappen. Teoriprøven er i boks, men på grunn av ei funksjonshemming i armen får eg ikkje køyre hos køyreskule utan tilrettelegging. Det skal Nav hjelpe meg med, får eg vite.
– Ja, god dag, eg vil gjerne at du koplar meg over til lokalkontoret. Eg må ha tak i sakshandsamaren min, seier eg.
– Ho skulle ringt meg opp for tre dagar sidan, legg eg til, så fin i målet eg greier.
– Kan eg få personnummeret ditt, spør stemma.
Eg gir henne nummeret, og eg høyrer det knitrar i tastaturet.
– Ja, det stemmer. Eg kan melde det inn slik at ho kontaktar deg innan to arbeidsdagar. Er det noko eg kan hjelpe deg med?
Etter ti nye minutt spaserer eg mot det fysiske Nav-kontoret. I fjor fekk ein av fem nordmenn støtte frå Nav, viste Navs statistikk tysdag denne veka, og når eg kjem inn døra med den raude logoen, ser det ut til at denne femdelen har fått same idè som eg.
– Du må ringe Nav Hjelpemiddelsentral, rekk kvinna bak skranken å fortelje meg. Ho delar ut dagpengeskjema til ein annan sakshandsamar, og prøver å forklare ein mann som ikkje snakkar norsk kvar han skal krysse av arbeidstida si på meldekortet. Sakshandsamaren min er like utilgjengeleg no, endå ho sit innanfor armlengdes avstand.
– Det er køyreskulen som skal tilrettelegge. Du må finne deg ein som har det du treng, seier nok ei stemme veka etter. Eg vert sitjande med auga i taket. Eg har gjort meg kjend med Navs telefonlinjer over heile landet, gjennom linjebrot på linjebrot, og fleire vidarekoplingar enn ein bypasspasient. At Nav vil ha meir tid til dei som treng det mest, er bra. Men då må det vere råd å kome gjennom på telefonen òg.
Mone Celin Skrede er praktikant ved Nynorsk Avissenter
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg har gjort meg kjend
med Navs telefonlinjer over heile landet, gjennom linjebrot på linjebrot, og fleire vidarekoplingar enn ein bypasspasient.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?