JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Prisen for
maktspelet

Iran har gjort det godt i rivaliseringa med Saudi-Arabia. Men sponsinga av krigar og opprør andre stader i Midtausten har ein stor kostnad på heimebane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei siste dagane har tusenvis av menneske teke del i demonstrasjonar rundt i Iran. Dette biletet skal vere teke under ein demonstrasjon ved universitetet i Teheran 30. desember.

Foto: AP / NTB scanpix

9706
20180105
9706
20180105

Utanriks

peranders@dagogtid.no

I dette høvet kom egget først: Uroa i Iran skal ha starta med ein protest mot prisauken på egg og andre matvarer i storbyen Mashhad 29. desember, og den siste veka har tusenvis av iranarar gått ut i gatene for å demonstrere. Styresmaktene har gått hardhendt til verks for å stogge uroa, og fram til torsdag føremiddag skal over 20 menneske ha blitt drepne i demonstrasjonane. Blant klagemåla til demonstrantane er den høge arbeidsløysa og den nylege prisauken på mat og bensin: 22. desember varsla styresmaktene ein prisauke på 50 prosent for drivstoff, og slikt kan setje sinna i kok kor som helst.

Men slagorda i gatene no rettar seg òg mot den iranske deltakinga i den syriske borgarkrigen og pengestøtta til Hizbollah og andre utanlandske militsgrupper, melder Reuters. Og desse tinga heng saman. Krigføringa i Syria og maktspelet som Iran driv med rundt i Midtausten, kostar landet svært dyrt. Demonstrasjonane no kan vere eit teikn på at Teheran har strekt ambisjonane sine lenger enn økonomien gjev grunnlag for.

Den grøne rørsla

Hendingane dei siste dagane er den største politiske uroa i Iran sidan 2009, da den såkalla Grøne rørsla stod bak massedemonstrasjonar mot styresmaktene. Den gongen var protestane utløyste av mistanken om valfusk bak attvalet av den daverande presidenten Mahmoud Ahmadinejad. Iran er ikkje noko verkeleg demokrati: Det meste av makta ligg hos den øvste leiaren Ali Khamenei og Vaktarrådet, og dei kan ikkje kastast gjennom val. Men presidenten skal veljast av folket, og i 2009 reagerte mange iranarar med sinne på det dei såg som tukling med det avgrensa demokratiet i landet.

Den meir liberale motkandidaten, Mir-Hossein Mousavi, hevda at Ahmadinejad hadde juksa seg til braksigeren i valet, og det same meinte svært mange av Mousavi-tilhengjarane. Millionar av iranarar demonstrerte i gatene i Teheran, minst 36 (men truleg langt fleire) vart drepne, fleire tusen vart arresterte, og mange av desse vart torturerte i fengsel. No vågar altså iranarar seg ut i gatene for å protestere att, men av andre grunnar enn i 2009.

Vonbrot

Den grøne rørsla var ganske velorganisert, ho var dominert av studentar og høgt utdanna og hadde ein tydeleg politisk dagsorden. Demonstrasjonane no ser ut til å ha ein heilt annan karakter. Sinnet rettar seg mot fleire politiske mål: Somme ropar slagord mot den relativt moderate presidenten Hassan Rouhani, andre mot den djupt konservative øvste leiaren Ali Khamenei, og somme ropar at dei vil ha sjahen attende.

Mange av demonstrantane no skal vere arbeidarar og fattigfolk, og mediedekninga så langt tyder på at misnøye med den økonomiske politikken er ei hovuddrivkraft. Økonomien har i mange år vore hemma av internasjonale sanksjonar på grunn av det iranske atomprogrammet. Men etter at landet i 2015 inngjekk ein internasjonal avtale om å avgrense atomprogrammet sitt, har dei fleste sanksjonane blitt heva. (USA har hatt sine eigne sanksjonar mot Iran heilt sidan okkupasjonen av den amerikanske ambassaden i Teheran i 1979. Desse sanksjonane har blitt skjerpa fleire gonger seinare, og er ikkje del av atomavtalen.)

Det var store forventningar i Iran til at atomavtalen skulle gje økonomisk framgang i landet. Og oljeeksporten har auka mykje sidan 2015. I fjor eksporterte Iran over to millionar oljefat dagleg, noko meir enn den norske oljeeksporten. BNP auka i fjor med 12,5 prosent, men for iranarar flest lèt resultata vente på seg. Arbeidsløysa blant unge vaksne er framleis på nesten 30 prosent.

Eit land i krig

Ein grunn til at iranarar flest har lite glede av oljeinntektene, er at mykje av pengane går rett ut av landet att. Den skrøpelege økonomien til det ressursrike Iran kan dels forklarast med at dette er ein stat i krig. Iranske styresmakter brukar store ressursar på maktspelet i Midtausten, først og fremst på krigen i Syria. Sidan opprøret i Syria braut ut i 2011, har Iran hjelpt Assad-regimet med etterretning og eit tusental offiserar og soldatar, og rekruttert og utrusta militsar på mange tusen mann i krigen mot opprørsgruppene. Dette er dyrt. Ingen utanfor Iran veit sikkert kva denne krigføringa kostar Iran, men anslaga til vestlege analytikarar sprikjer frå kring 50 milliardar kroner i året til 150 milliardar, skreiv Bloomberg i 2015. For eit land som har vore hemma av harde økonomiske sanksjonar gjennom mange år, og som har eit underskot på statsbudsjettet på over 70 milliardar kroner, er dette å strekkje ressursane sine svært langt.

Den iranske staten har òg gjeve direkte økonomisk støtte til Syria, og den hjelpa har vore livsviktig for det nesten bankerotte Assad-regimet dei siste fem åra. I 2013 fekk Syria ein handelskreditt på nesten 30 milliardar kroner av Iran, pengar som for det meste vart brukte til oljeimport. To år seinare fekk Assad nye åtte milliardar kroner i kreditt.

Heim i kister

Krigføringa har òg menneskelege kostnader for iranarane. I fjor haust melde Den iranske martyrstiftinga at over 2100 soldatar og offiserar i dei iranskleidde styrkane i Syria hadde mista livet. Dei fleste av desse skal ha vore i tenesta til den iranske Revolusjonsgarden, skreiv Washington Post i oktober. Men det vil ikkje seie at alle desse falne er iranarar: Mykje av krigføringa Iran driv i Syria, er utført med soldatar rekrutterte frå Afghanistan, Irak og Pakistan, og dette gjer det truleg lettare å halde på oppslutnaden for krigen heime i Iran.

Den iranske regjeringa har framstilt krigen i Syria som eit naudsynt, framskote sjølvforsvar: «Om vi ikkje kjempar mot IS i Syria, må vi snart kjempe mot dei i gatene i Teheran», har vore eitt av argumenta. Og det er ikkje gjeve at krigen i Syria er upopulær i Iran. Tusenar møter opp til gravferdene for soldatar som kjem heim i kister. Det finst ein ganske stor patriotisk oppslutnad kring kampen mot Irans fiendar. «For kvart protestrop mot Irans støtte til Hizbollah, er det heile nabolag fulle av kamuflasjetelt for å ønskje brigadane som har kjempa i Syria, velkomne heim», skreiv den iranskfødde journalisten Azadeh Moaveni i The Guardian denne veka.

Men krigføringa i Syria har uansett ein stor kostnad på heimebane. Med oljerikdomen sin og ei ganske høgt utdanna befolkning kunne Iran ha vore eit langt meir velståande land enn det er i dag, om ikkje så store ressursar hadde gått med til krig. Når regjeringa i Iran aukar prisane på mat og bensin, er truleg samanhengen med dei militære eventyra i andre land nokså openberr for folk flest. Og dei iranske stormaktsambisjonane strekkjer seg mykje lenger enn til Syria.

Kald krig

Den iranske påverknaden gjer seg gjeldande i alle Midtausten-land med sjiamuslimsk befolkning av ein viss storleik. I Libanon er Hizbollah-rørsla ein viktig maktfaktor, og israelsk etterretning har hevda at Iran gjev Hizbollah nær åtte milliardar kroner årleg. Det talet bør vi nok ta med ei klype salt, men det er utan tvil snakk om store summar.

Iranarane støttar òg sjiamuslimske militsar i Irak, opposisjonelle i Bahrain og houthiopprørarane i det borgarkrigsherja Jemen, der Saudi-Arabia har gått direkte inn som ein krigførande part. Av strategiske grunnar gjev Iran òg støtte til palestinske Hamas i Gaza, sjølv om denne rørsla er sunnimuslimsk. Dette forholdet kjølna ei tid på grunn av borgarkrigen i Syria, men no skal Hamas og Iran ha funne saman att.

Svært mykje av utanlands.engasjementet til Iran er å rekne som ein del av det som blir kalla ein kald krig i Midtausten, den lange konflikten mellom det sunnimuslimske Saudi-Arabia og det sjiamuslimske Iran.

Forholdet mellom landa har vore dårleg heilt sidan den iranske revolusjonen i 1979. Kongehuset i Saudi-Arabia såg omveltinga i Iran som eit trugsmål mot si eiga makt, og for dei religiøse leiarane i Iran er den saudiske makta over dei heilage byane Mekka og Medina ei vedvarande kjelde til forarging.

Dei to teokratia har båe ambisjonar om å vere stormakta i den muslimske verda, og har leiarrollene i konflikten mellom sunniislam og sjiaislam. Og sjølv om desse statane ikkje har vore i direkte krig med kvarandre, har dei støtta kvar sine krigførande partar i ei rekkje konfliktar, mellom anna i Afghanistan, den libanesiske borgarkrigen på 1980-talet, den irakiske borgarkrigen på 2000-talet og no krigane i Syria og Jemen. Iran og Saudi-Arabia har ikkje hatt diplomatisk samband sidan januar 2016.

Hjelpa frå USA

Iran har spelt korta sine godt dei siste åra, og landet har styrkt posisjonen sin i dette stormaktspelet, trass i at Saudi-Arabia har ein mykje sterkare økonomi enn Iran og attpåtil har supermakta USA som ein nær alliert. Amerikanarane har dessutan hjelpt Iran ufriviljug dei siste åra gjennom krigføringa si: Invasjonane i Afghanistan i 2001 og i Irak i 2003 fjerna Taliban og Saddam Hussein frå makta, båe fiendar av Iran. Særleg i det sjiadominerte nabolandet Irak har iranarane fått svært stor påverknad. Og no tyder alt på at Irans nære allierte Bashar al-Assad kjem til å gå sigrande ut av den syriske borgarkrigen, takk vere hjelpa frå Iran, Hizbollah og Russland.

Men denne suksessen i maktspelet har altså hatt ein stor kostnad innanlands i Iran, som no viser seg i form av illsinte demonstrantar. Det er vanskeleg å sjå for seg at dette skal bli nokon ny iransk revolusjon: Regimet i Iran rår over mange og slagkraftige maktmiddel og manglar ikkje vilje til å bruke dei. Men kanskje må Teheran bruke meir pengar på brød og mindre på våpen i åra som kjem.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Iranske styresmakter brukar store ressursar på maktspelet i Midtausten, først og fremst på krigen i Syria.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis