Politikk

Visjonen om Viken

Fanst han nokon gong?

Fire smilande fylkesordførarar vart samde om eit sams fylkesnamn ein vakker dag i 2016.
Fire smilande fylkesordførarar vart samde om eit sams fylkesnamn ein vakker dag i 2016.
Publisert Sist oppdatert

Det finst eit fotografi av fire smilande fylkesordførarar frå Austlandet i blankpussa sko på ei bryggje ved Oslofjorden. I hendene held dei opp eit rektangulært svart skilt med store kvite bokstavar: VIKEN.

Himmelen er blå, journalistane har møtt opp, og fylkestoppane har lukkast i å finne eit kjappare og finare namn til barnet sitt enn for eksempel Østfold-Akershus-Buskerud-Vestfold. I Østlandets blad kan vi lese at dei alle dreg i same retning, mot ei samanslåing, med unntak av éin, fylkesordføraren frå Vestfold, som tvilar. Det heile ser velregissert ut, og personane på biletet kan ha vore samde om at det hadde vore ein fin dag.

Giganten

Vi skriv september 2016, nær tre og eit halvt år før storfylket Viken skulle verte ein realitet, i januar 2020. Viken, som husar over 1,2 millionar innbyggjarar eller om lag 23 prosent av landets befolkning, som rommar ein kommune som Flå med litt over 1000 innbyggjarar og Bærum med nærmare 130.000.

Viken, som strekkjer seg frå Halden i sør til Hemsedal i nord, og som ligg som ein utflytande smultring kring hovudstaden. Viken som har vore omstridd frå første stund, og som kan sjå ut til å verte oppløyst så snart råd er, etter fleire veker med politisk spel og partipolitisk sjølvskading.

Laurdag avgjer Viken Arbeidarparti endeleg om partiet går inn for å oppløyse eller verne om storfylket. Utfallet avgjer i praksis også kva vedtak Viken fylketing vil fatte i slutten av februar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement