Politikk
Vegen utom EØS
Frihandelsavtalen med Storbritannia vert kalla balansert, ambisiøs og omfattande. Men han kan òg gje humpar i vegen og meir friksjon, ifølgje Nupi-forskar Arne Melchior.
– Frihandelsavtalen med Storbritannia er god, og på enkelte område endå betre enn avtalen mellom EU og Storbritannia, sa næringsminister Iselin Nybø (V) då ho fredag presenterte avtalen saman med statsminister Erna Solberg (H).
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Førre veke la regjeringa fram det ho kallar den mest omfattande og ambisiøse frihandelsavtalen Noreg har inngått nokon gong, med unntak av EØS-avtalen.
Målet med avtalen har vore å sikre norsk næringsliv så gode vilkår som mogleg og å ta vare på mest mogleg av det tette økonomiske forholdet britane forlét då dei snudde ryggen til EU og EØS-avtalen. Det går fram av avtaleproposisjonen som er lagd fram for Stortinget.
Etter reaksjonane så langt å døme har regjeringa lukkast i mykje.
Sjømatnæringa er skuffa fordi dei ikkje får betre marknadstilgang, men hovudmeldinga frå Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) er likevel at avtalen sikrar føreseielege forhold i handelen med Storbritannia og er ambisiøs, balansert og «godt nytt for norske bedrifter». LO-leiar Peggy Hessen Følsvik er òg glad for semja og seier det er viktig med ein avtale som sikrar at den omfattande handelen kan haldast ved lag og gå så smidig som mogleg.
Og ein god del ser ut til å verte om lag som før.
Så godt som EØS
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.