JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Folkerøysta vert nesten alltid følgd

I nesten alle rådgjevande folkerøystingar dei siste åra har folkemeininga vorte høyrd. I februar trassa politikarane folket to gonger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I Fredrikstad og omland røysta folket mot samanslåing i 1994, men resultatet vart ikkje teke til følgje.

Foto: Sverre Jarild / NTB

7434
20220304

Folkerøystingar

Lokalt gjev kommunelova føringar for gjennomføring av folkerøystingar. Nasjonalt finst ingen føringar, difor må Stortinget gjere eit lovvedtak.

Mellom 1970 og 2020 vart det halde 857 lokale folkerøystingar i Noreg. På nasjonalt plan har vi hatt seks folkerøystingar.

Dei nasjonale folkerøystingane har alltid komme i «par». To kvar i samband med unionsoppløysinga (1905), forbod mot sal av brennevin (1919 og 1926) og medlemskap i EF/EU (1972 og 1994).

Halvparten av alle nasjonale folkerøystingar i verda har vore haldne etter 1970.

Kjelder: Statistisk sentralbyrå og Store norske leksikon

jesper@dagogtid.no

I februar gjekk dei folkevalde mot folkerådet to gonger i to vidt ulike saker. Først valde kommunestyret i Hemsedal å trasse folkemeininga då dei avskaffa nynorsk i hemsedalsskulen. Så vart enden på den mykje omtalte soga om Innlandet at fylket fekk vare ved. Stikk i strid med det folket hadde røysta for i den heildigitale folkerøystinga.

Oversikta Statistisk sentralbyrå (SSB) fører over lokale folkerøystingar, syner at det er høgst uvanleg at politikarane trassar folkerådet. I 90,8 prosent av tilfella mellom 1970 og 2020 har folkemeininga vorte følgd. På 50 år har lokalpolitikarar gått imot folkerådet berre 79 gonger. Flest gonger i spørsmål om grenser.

Statsvitaren Tor Bjørklund har teke doktorgrad på folkerøystingar i Noreg. Han skjønner at forkjemparane for oppsplitting av Innlandet er skuffa.

– Det var eit knapt fleirtal, rundt berre kvar fjerde av dei røysteføre ønskte oppløysing. Så eg finn det ikkje urimeleg at det var rom for skjønn. Likevel var det uheldig å dra inn andre former for rådspørjing. Det gjorde det uklart kva ein faktisk røysta over.

Rådgjevande

Sigrid Stokstad, førsteamanuensis for offentleg rett ved Universitetet i Oslo, meiner at folkerøystingar er eit godt demokratisk supplement. Ho seier det er kommunelova som gjev føringar for folkerøystingar lokalt. Lova seier at kvart kommunestyre eller fylkesting sjølv kan avgjere at ein skal halde folkerøysting. Likevel påpeiker ho at resultatet berre rådgjevande.

– I Noreg har vi det representative demokratiet som hovudspor. Noko anna er eigentleg framandt for vår ordning. Men så kan politikarane sjølvsagt komme med lovnader om at dei vil følgje resultatet.

Ei utfordring er utforming av framlegga, seier Stokstad.

– Lova er relativt fleksibel og legg ingen føringar på gjennomføringa. Men det må komme klart og tydeleg fram kva ein røystar over. I spørsmål som ja eller nei til målform er det ganske enkelt, men det vert straks mykje meir komplisert i saksfelt som kommunereforma.

Kommunelova gjev òg innbyggjarane høve til sjølv å setje saker på dagsordenen. Om ein samlar inn underskrifter frå 300 røysteføre eller 2 prosent av veljarane i ein kommune, har ein rett til å få saka opp til handsaming. På fylkesnivået er talet 500 underskrifter.

– Slik kan innbyggjarane tvinge eit folkevalt organ til å ta stilling til ei sak. Det gjeld alle slags saker, så lenge saka ikkje alt har vore handsama i same valperiode, seier Stokstad.

– Kva om innbyggjarane i til dømes Vestland hadde kravd folkerøysting om fylkesoppløysing?

– Då måtte politikarane på fylkestinget ha handsama saka innan seks månader. Men ein kan ikkje krevje folkerøysting. Det er det berre fylkestinget sjølv som kan vedta.

Sprit og språk

Tor Bjørklund meiner at ei heil historie med lokale folkerøystingar i Noreg ofte vert gløymd når temaet vert diskutert.

– Ofte snakkar ein om dei nasjonale folkerøystingane. Men det finst ein heil underskog av folkerøystingar om sprit- og språkspørsmål i det førre hundreåret.

To folkerørsler står sentralt i denne historia. Medan fråhaldsrørsla, som i ein periode hadde stor oppslutnad i folket, sjølv lanserte ideen om folkerøystingar om sprit, var målrørsla meir skeptisk. Det var Riksmålsforbundet som talte for språkrøystingar.

– Målrørsla hadde smarte strategar som dels ufarleggjorde folkerøystingane ved å få innført eit stramt regelverk. Strenge krav om valdeltaking og om kva som skulle vere eit teljande resultat, førte til at ballen ofte vart spelt over til skulestyra rundt i landet. Det gjorde at nynorsken hadde framgang i skulen heilt fram til krigen.

Etter som haldningane til alkohol har vorte meir liberale, har folkerøystingane om alkoholforbod forsvunne. I tillegg vert det etter kvart lenger mellom røystingane om målform. No er det spørsmål om grenser og tilhøyrsle som dominerer statistikken.

Forskaren seier at kravet om grunnlovsfesta rett til folkerøysting, slik dei har i Danmark, stod rimeleg sterkt i etterkrigstida, då Arbeidarpartiet var einerådande. Då var det motparten – dei borgarlege partia – som ønskte det. I nabolandet kan ein tredjedel av parlamentarikarane krevje at ein vedteken lov vert lagd fram for folket. I Noreg seier Grunnloven derimot ingenting om folkerøystingar. Stortinget kan likevel gjere lovvedtak om å halde folkerøysting, slik det har gjort i EF/EU-spørsmålet tidlegare.

Sveits

Utfallet i dei sveitsiske folkerøystingane er, til forskjell frå her heime, bindande. Daniel Kübler er statsvitar ved universitetet i Zürich. Han seier om lag halvparten av folkerøystingane i verda dei siste åra har vorte haldne i alpelandet.

– Eg plar seie til studentane mine at om ikkje Sveits nokon gong vert verdsmeister i fotball, så er vi uomstridd meister i direkte demokrati.

Det sveitsiske systemet opnar nemleg for fleire former for direkte påverknad. For det første kan innbyggjarane velje å klage på parlamentsvedtak om dei klarer å samle inn 50.000 underskrifter i løpet av dei hundre første dagane etter vedtaket. Andre lovvedtak utløyser til og med automatisk folkerøysting.

– Det gjeld til dømes ved tilslutning til ei overnasjonal eining. Om Sveits skulle ønskje å gå inn i EU, ville det utløyst ei folkerøysting, seier Kübler.

Ein annan framgangsmåte er det såkalla folkeinitiativet. Det inneber at borgarane sjølve kan komme med framlegg til saker – alt frå ein ekstra betalt feriedag til medlemskap i FN. Kravet er 100.000 underskrifter innan 18 månader.

I tillegg gjeld desse reglane på alle politiske nivå. Eit vedtak om kommunesamanslåing ville difor i dei fleste sveitsisk kantonar automatisk ha utløyst ei folkerøysting.

– Fleire lokale samanslåingar har gått til grunne på grunn av at folket har stemt imot.

Problemet med det sveitsiske systemet er ifølgje statsvitaren temmeleg langsame politiske prosessar.

– Sveits er eit vanskeleg land å styre. Utan folkerøystingar hadde Sveits mellom anna vore med i EØS. Parlamentet stemte for, men innbyggjarane gjekk imot.

Samstundes fører systemet til at det dei fleste politiske avgjerder får høg aksept, sidan politikarane må utforme breie lover som ikkje møter altfor mykje motstand. Kübler trekkjer fram pandemihandteringa som eit døme på det.

– To gonger vart det røysta over koronareglane. Begge gongene fekk dei tilslutning frå to tredjedelar av dei som røysta. Vi òg hadde koronaprotestar, men dei stilna ganske fort igjen. Alle folkerøystingane forseinkar det politiske systemet, men medverkar samstundes til ein høg aksept i befolkninga.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I Sveits ville ei kommunesamanslåing automatisk ha utløyst ei bindande folkerøysting.

Daniel Kübler, professor i statsvitskap

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis