JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Dei moderate kjempene vaklar

Dei moderate folkepartia i Europa mistar grepet om veljarane. Tarjei Skirbekk seier utviklinga bør uroe oss.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tarjei Skirbekk meiner Europa er i ein negativ politisk spiral som vi ikkje bør undervurdere dei moglege negative følgjene av.

Foto: Marthe Amanda Vannebo

12515
20211210
12515
20211210

Politikk

eva@dagogtid.no

Valet tidlegare i år gav Arbeidarpartiet 26,3 prosent oppslutning. Med unntak av valet i 2001 er det den dårlegaste oppslutninga for partiet på 97 år. Etter over 70 år med valresultat som i hovudsak varierte mellom 35 og 48 prosent, er det no åtte år sidan partiet sist fekk over 30 prosent.

Fleire av dei andre store sosialdemokratiske partia i Europa – i Sverige, Danmark, Tyskland, Austerrike og Hellas – opplever òg markert nedgang. Det same gjer moderate folkeparti på høgresida, til dømes kristelegdemokratane i Tyskland og Nederland og det konservative og kristelegdemokratiske folkepartiet i Austerrike.

Svenske Socialdemokraterna, som i snitt låg på ei oppslutning på over 45 prosent i vala mellom 1932 og 1994, fekk i 2018 til dømes 28,3 prosent. Angela Merkels CDU fekk ved valet i haust 24,1 prosent, som er den lågaste oppslutninga for partiet nokon gong.

Idéhistorikar og forfattar Tarjei Skirbekk meiner utviklinga utgjer ein trugsel for både politisk stabilitet og sosial berekraft. Han har skrive bok om fallet til dei moderate folkepartia i Europa, som vil seie sosialt konservative, sosialliberale, kristelegdemokratiske og sosialdemokratiske parti som tradisjonelt har hatt over 30 prosent oppslutning.

– Meir uforsonleg

I boka skildrar han korleis desse partia historisk hadde liberale og konservative fløyer som dei balanserte både internt og eksternt. Det gjorde det mogleg for dei å utvikle det han kallar «europeiske kompromiss», basert på sosial marknadsøkonomi som skulle sikre velstand til alle, og ein velferdsstat som skulle sikre sosial berekraft. Slik la dei det politiske grunnlaget for det moderne Europa etter krigen.

I dag står dei same partia utan makt i store delar av Aust-Europa og er sterkt reduserte i Vest-Europa, samstundes som ytre venstre-parti, populistar, interessebaserte parti, nasjonalkonservative parti og ytre høgre-parti styrkjer seg i både aust og vest. Skirbekk kallar utviklinga ein negativ politisk spiral vi ikkje bør undervurdere dei moglege negative følgjene av.

– Med ein partistruktur som vert meir fragmentert, polarisert og enkeltsaksbasert, vert det vanskelegare å skape samlande fleirtal og styringsdyktige regjeringar. Ei av dei store konfliktlinene i mange land i dag går mellom det konservative og nasjonalkonservative og det liberale og liberalistiske – interesser som vart balanserte internt i dei moderate folkepartia tidlegare. Når dette vert interesser ein skal velje mellom, vert ordskiftet meir uforsonleg. Det kan utfordre dei liberale demokratia våre, noko vi òg ser i fleire land alt no, seier han til Dag og Tid.

Feila i aust

Ifølgje Skirbekk starta fallet for dei moderate folkepartia i Aust-Europa alt tidleg på 2000-talet. Etter finanskrisa byrja det å gå nedover for dei moderate i Vest-Europa òg, samstundes som populistiske parti auka oppslutninga. Med den såkalla flyktningkrisa i 2015 eskalerte nedgangen for dei moderate, medan særleg ytre høgre-parti hadde eit oppsving.

– Dei moderate partia bestod ikkje historias prøve. Dei klarte ikkje å stabilisere Sentral- og Aust-Europa i ein europeisk demokratisk fellesskap basert på liberale og sosiale verdiar, skriv han i boka.

– Kva var grunnen til at dei feila?

– Eg trur det handlar om ei naiv innstilling, i alle fall frå Vesten, kombinert med oppfatninga om at marknadsliberalisme og globalisering var måla over alle – endepunktet for historia. Alle ekspertar som vart sende frå vest inn i Aust-Europa og Sovjet, hadde ei ekstremt marknadsliberalistisk tilnærming og ville gjere om på alt, og partia som tok styringa i Aust-Europa, hadde òg ei sterkt marknadsliberalistisk tilnærming, seier Skirbekk.

Han meiner dei ikkje klarte å balansere dei økonomiske reformene og folks behov for tryggleik gjennom dei store endringane.

– Ingen alternativ

Nedgangen for dei moderate folkepartia i Aust-Europa gjekk under radaren i Vest-Europa og medførte såleis heller ikkje kurs­endring der.

– Det var avgrensa politisk-intellektuell debatt i desse partia frå 1990-åra og i tida fram til finanskrisa. Omgrepet Tina, there is no alternative, gjekk att. Globalisering, liberal marknads­økonomi og fri flyt var bra og noko vi skulle tilpasse oss, og det var det stor konsensus om, seier han.

På same vis fanst det òg berre eitt svar på korleis finanskrisa skulle handterast, då ho kom, og det var gjennom innstrammingar – ein politikk moderate parti på både høgre- og venstresida støtta, legg Skirbekk til.

– Det redda jo finanssystemet og det økonomiske systemet, men det førte til enorme sosiale utfordringar i mange land. Og det ramma igjen partia. Dei gløymde det eg meiner har vore det grunnleggjande i desse partia si politiske og historiske rolle, som er å sikre framgang for samfunnet sitt samstundes som dei sikrar stabilitet, sosial tryggleik og sosial berekraft. Dei burde ha balansert samfunnsendringane betre, og det er det som er kritikken min mot dei moderate partia dei siste 30 til 40 åra, seier han.

– Rammene må endrast

Skirbekk er sjølv sosialdemokrat og var politisk aktiv på 1990-talet.

– Kva burde dei moderate partia gjort annleis, slik du vurderer det?

– Eg er jo sjølv for globalisering og marknadsøkonomi og EU, men eg meiner det må vere mogleg å diskutere kva former for mark­nadsøkonomi vi har, kva måte globaliseringa er innretta på, og korleis EU fungerer. Partia har gått for langt i liberal retning og ikkje klart å ta inn over seg straumar og uro mange veljarar har hatt. Rammene må endrast, og rebalanserast, for mange har mista tilliten til dei. Og dette er ikkje noko som gjer seg sjølv.

– Inneber det å verte meir kritisk til til dømes innvandring og globalisering?

– Nei, ikkje meir kritisk, men vi må stille spørsmål om kva som er rett innretning og tempo. Kvar balansen går, er vanskeleg å seie på europeisk plan, for det vil vere ulikt frå land til land.

– Fleire av partia på ytre høgre fløy har vakse på nettopp innvandringskritikk, og fleire grøne parti har etablert seg fordi dei beståande ikkje har vore offensive nok i miljøpolitikken. Korleis skal dei moderate partia klare å verte det føretrekte alternativet for
veljarane deira?

– Når einsaksparti, smalare interesseparti eller meir radikale parti veks, er det klare teikn. På at dei større moderate partia anten ikkje har teke alvorleg nok den tematikken som gjev dei mindre partia vekst, eller at dei større partia ikkje har praktisk politikk som kjem i møte den uroa som ofte ligg til grunn for oppblomstringa av nye parti. Den auka fragmenteringa av det europeiske partilandskapet er mellom anna resultat av moderate parti i politisk ubalanse – gjeve at dei ønskjer å vere folkeparti med over 30 prosent.

– I Storbritannia røysta folket seg ut av EU. Er du viss på at det er meir moderat politikk veljarane ønskjer?

– Vel, la oss håpe det. Alternativet er ikkje bra, om vi legg til grunn at vi ønskjer å ta vare på den moderne samfunnsforma og det liberale demokratiet vårt. Men eg er rimeleg viss på at eit stort fleirtal ønskjer stabile og balanserte samfunn. At om lag 52 prosent av britiske veljarar røysta for å forlate EU, trur eg ikkje handla så mykje om EU, men meir om ei samfunnsutvikling mange veljarar meiner går anten for fort eller i feil retning.

– Eg trur brexit-slagordet «take back control», verka sterkt i Storbritannia, men eg trur slagordet òg fint summerer opp haldninga til mange europeiske veljarar: Dei ønskjer tryggleik i raske endringar og betre sosial balanse. Det er det same som moderat politikk, slik eg ser det.

Imot 15-partisystem

– Er det ikkje berre naturleg at det skjer store partipolitiske endringar når samfunn endrar seg?

– Jau, men eit moderat folkeparti som fungerer optimalt, skal klare å ta opp i seg samfunnsstraumar og balansere interesser internt. Slik får dei òg trening i å kunne gjere det same i regjering. Mange av dei mindre partia rundt om i Europa i dag er baserte på etnisitet eller enkeltsaker, som miljø eller innvandring. Ved lokalvalet i Berlin nyleg stilte to reine dyrevernsparti. Treng vi eigne dyrevernsparti, spør Skirbekk.

Slik han ser det, har så smale parti verken evne eller vilje til å balansere samfunnsinteresser.

– Poenget mitt er ikkje at vi nødvendigvis må ta vare på dei moderate partia vi har i dag, men at nokon må ta rolla desse partia tradisjonelt har hatt, for elles kjem partilandskapet til å verte endå meir fragmentert.

– Å ha eit mangfald av politiske parti å velje mellom kan vel òg vere sunt og eit teikn på eit levande demokrati?

– Det er fint at det finst fleire alternativ, men eg er ikkje for 15-partisystem, for eg meiner det hindrar samfunn i å klare å etablere fellesgrunnlag å manøvrere ut frå. I Spania i 2019 var det 61 parti som stilte til val. I Tyskland no stilte 47 parti. I Nederland stilte 31 parti til val i april, og 16 av dei kom inn i parlamentet. Eit halvt år etterpå har landet framleis inga regjering. Så ja til fleirpartisystem, men nei til eit veldig fragmentert politisk system. For mange parti kan òg verte usunt, seier han.

Som på 1930-talet

– Er ikkje samstundes tida for folkeparti med 30 og 40 prosent oppslutning forbi?

– Eg håpar ikkje det, og det eg snakkar om, er dei moderate folkepartia. Det finst jo folkeparti i Europa i dag òg, problemet er berre at fleire av dei ikkje er moderate.

Han syner til at det polske Lov og rettferd-partiet har 44 prosent oppslutning, og at Viktor Orbáns nasjonalkonservative Fidesz òg er eit folkeparti. Ytre høgre-partiet Lega Nord fekk òg 34 prosent av røystene i EU-valet i Italia.

Samla sit populistiske eller ytre høgre-parti i regjering i meir enn halvparten av dei elleve austeuropeiske EU-landa i dag, og oppslutninga om ytre høgre-parti og populistiske parti i Europa har ikkje vore høgare sidan 1930-talet, ifølgje Skirbekk.

– Men er det grunn til å frykte at denne utviklinga kjem til å spreie seg til fleire land?

– I Spania oppstod for nokre år sidan ytre høgre-partiet Vox, som har fått 18 prosent på målingane. I Flandern har ytre høgre-partia fått over 45 prosent oppslutning, og i Frankrike ligg Marine Le Pen på målingane an til å kunne få mellom 45 og 47 prosent om ho går vidare til andre runde i presidentvalet neste år. Macron ligg på mellom 53 og 55 prosent. Det skal ikkje meir enn ei økonomisk krise, eit innvandringsspørsmål eller ein terrorsituasjon til for å flytte 5 prosent av veljarane, så det er ikkje berre teori, dette her, seier han.

– Enkeltsvingingar

– I Noreg har Høgre svinga opp og ned med jamne mellomrom og ligg no høgare enn i både 1960- og det meste av 1970-åra og høgare enn i 1990-åra. Det same gjeld for Moderaterna i Sverige. Og i Tyskland har kristelegdemokratane CDU stupt det siste tiåret, men sosialdemokratane SPD held stand og har faktisk gått litt fram frå førre val til i år. Så heilt svart er det vel ikkje for dei moderate folkepartia?

– Det kan vere enkeltsvingingar i enkelte land som syner noko anna, men hovudtendensen er den same – det går mot meir fragmentering. Dei tre skandinaviske landa har ikkje hatt moderate folkeparti på høgresida med over 30 prosent oppslutning. Det trur eg heng saman med motkulturpartia i desse landa. Høgre har hatt 30 prosent ved to val, men det var i perioden før Frp tok til å vekse. Når det gjeld Tyskland, fekk SPD 25,7 prosent ved valet, men hovudgrunnen til det var at 1,5 millionar CDU-veljarar røysta på deira kanslarkandidat, Olaf Scholz. I juni låg partiet an til å få berre 17 prosent, og vi skal ikkje lenger tilbake enn til 1988 før det hadde 41,5 prosent, seier han.

– Ser du ingen lyspunkt?

– Jau, eg trur klima- og miljø-spørsmål er felt det går å samle seg breitt om for å handtere. Vi har òg sterke samfunnsinstitusjonar i dei fleste europeiske land, sterke samarbeidsstrukturar og sterke velferdsstatar. Samstundes finst det klare teikn til auka sosial ulikskap og sosial polarisering. Saman med høgare og stabil oppslutning om ytterleggåande parti, låg valdeltaking og lågare tillit til det politiske systemet blant folk, er det grunnleggjande signal som bør uroe oss. Så det er ikkje heilt mørkt, men det er nokre grunnleggjande utviklingstrekk her vi bør vere svært medvitne om, og som moderate parti også må handtere for å sikre sosial og politisk balanse og stabilitet, seier Skirbekk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dei moderate folkepartia burde ha balansert samfunnsendringane betre.

Tarjei Skirbekk, idéhistorikar og forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis