Pioneren i Minsk
Lenge såg president Lukasjenko i Kviterussland ut som eit gufs frå fortida. I røynda var han forløpar for ein ny generasjon autoritære leiarar.
President Aleksandr Lukasjenko smilte sjølvsikkert på valdagen 9. august. Det hadde han god grunn til, sidan han sjølv kontrollerte resultatet.
Foto: Sergei Gapon / Reuters / NTB scanpix
Nyhenda frå Kviterussland etter det såkalla presidentvalet sist søndag gjev ei trist kjensle av déjà vu: Aleksandr Lukasjenko erklærer nok ein klar valsiger (80 prosent denne gongen). Tusenvis av demonstrantar går ut i gatene i kviterussiske byar og blir brutalt slått attende av politi og spesialstyrkar. Ein demonstrant er drepen og fleire tusen er kasta i fengsel, og mange av dei skal ha blitt mishandla. Og EU og USA varslar nye sanksjonar mot regimet i Minsk.
Demonstrasjonane dei siste dagane har vore større enn dei som kom etter «presidentvala» i 2010 og 2015. Men så lenge politiet og militæret er lojale mot presidenten, er det vanskeleg å sjå for seg at gateprotestar skal velte diktaturet. Opposisjonen manglar òg ein leiarfigur. Svetlana Tikhanovskaja, som offisielt fekk ti prosent av røystene i valet, vart teken i forvaring da ho kom til valkommisjonen for å klage på valjuks. No har ho flykta til Litauen. Ho stilte til val etter at ektemannen, aktivisten og bloggaren Sergej Tikhanovskij, vart nekta å stille som presidentkandidat. Han vart arrestert 29. mai og sit framleis i fengsel. I ein video har Tikhanovskaja oppmoda demonstrantane til å gje opp, og støttespelarane hennar er overtydde om at ho er utsett for utpressing frå regimet.
Normalisering
Den urøynde politikaren Tikhanovskaja hadde uansett dårlege føresetnader for å utfordre Lukasjenko. Alle dei mest seriøse utfordrarane vart nekta å stille til val. Men ifølgje menneskerettssenteret Viasna trekte Tikhanovskaja vel 60.000 menneske til eit valmøte i Minsk sommar, og det seier noko om misnøya med regimet. Kor populær eller mislikt presidenten eigentleg er, er umogleg å vite. Men som fenomen er Aleksandr Lukasjenko ein studie verd. Da han først vann makta i Kviterussland, var han eit pussig motstraumsfenomen. Eit kvart hundreår seinare ser det autoritære styret hans langt meir normalt ut.
Populist
Lukasjenko var ein overraskande vinnar av det første presidentvalet i Kviterussland sommaren 1994. Yrkesbakgrunnen hans var klassisk sovjetisk: Først nokre år i militæret, seinare var han direktør for eit kollektivbruk, før han vann eit sete i det kviterussiske parlamentet. Der markerte han seg som ein motstandar av korrupsjon, og han retta harde skuldingar mot fleire leiande politikarar i landet, dels på tynt grunnlag. Som presidentkandidat lukkast Lukasjenko med å framstille seg som ein heiderleg mann av folket, i opposisjon til dei korrupte, etablerte politikarane. Den oppskrifta er attkjenneleg frå mange andre populistar rundt i verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.