Partipolitiske parkeringsplassarGrensene mellom politikk og forvaltning, tankesmier og lobbyisme blir stadig meir porøse.

Grensene mellom politikk og forvaltning, tankesmier og lobbyisme blir stadig meir porøse.

Dagleg leiar i den liberale tankesmia Civita, Kristin Clemet, i samtale med statsminister Erna Solberg på ein konferanse om sosial berekraft og ulikskap i Oslo i august.
Dagleg leiar i den liberale tankesmia Civita, Kristin Clemet, i samtale med statsminister Erna Solberg på ein konferanse om sosial berekraft og ulikskap i Oslo i august.
Publisert

BYRÅSJEFEN tykte det var litt stas når kollegaar blei forfremma til statsrådar og statssekretærar, slik dei rett som det var blei i Arbeidarpartiets stordomstid. Men alle kunne ikkje bli yrkespolitikarar, fylkesmenn eller etatsdirektørar etterpå, så mange kom tilbake til forvaltninga, gjerne i ein høgare posisjon, og det var ikkje så greitt. Om dei høyrde til same parti som statsråden, slutta dei å gå tenestevegen. Då kunne ein ikkje lenger stola på at dei var på forvaltninga sitt parti. Om dei høyrde til parti som hadde tapt makta, blei dei enten overkonforme eller parkerte på eit sidespor. Slike krokvegar i karrieren skaper ugreie mellom regimenta, meiner Byråsjefen.

NÅ BLIR POLITISKE påleggskalvar frå ungdomsorganisasjonane stadig oftare feita opp i tenketankar der dei smir ord og plogjern om til politiske våpen. Desse tankesmiene har kvar sin manifeste agenda for kva som er til det beste for land og folk. I fleire år har dei liberal-konservative civitassane hatt eit slags hegemoni. Dei har laga rapportar, utvikla argumentasjon og smidd saman unge politikarar frå alle borgarlege parti til trufaste clemetinarar.

Konkurrenten frå sentrum-venstre har vore for lite manifest til å setja dagsorden i samfunnsdebatten. Agenda er finansiert av LO og ein sosialdemokratisk sinna milliardær i Bergen. Dei har nettopp fått ny leiar: post-Gerhardsen. Han har gitt politiske råd både her og der, men også vore PR-konsulent i Geelmuyden Kiese. Det kunne Ludvig Holberg ha dikta retorisk om.

Civita, som er finansiert av NHO og andre rike onklar, spreier evangeliet om personleg ansvar og marknadsøkonomi. Valfridom, konkurranse, innovasjon og privat drift er sentrale berebjelkar. Det inneber også solid forteneste i velferdssektoren, og der har dei støytt mot ein manifest vegg som dei prøver å snakka seg rundt, for svært få liker at velferdsprofitørar i stadig større og meir globaliserte firma skal skumma fløyten av barnehagar, sjukeheimar og andre offentlege velferdsoppgåver.

EIN ANNAN parkeringspass for svingdørpolitikarar på venteliste B er lobby- og PR-bransjen – og fremst mellom dei er First House. Derfrå har Listhaug og Wara og andre i ulike parti kome tilbake til politikken med meir velfylte lommebøker og hemmelege kundelister. Der var også Arbeidarpartiets tidlegare stigande stjerne, Bjarne Håkon Hanssen, parkert, før han melde overgang til kommunikasjonsbyrået Kruse Larsen, saman med tidlegare statssekretær og medgründer Jan Erik Larsen.

Byråsjefen liker ikkje denne stolleiken. Han ser på den veksande bransjen som ei kvise på demokratiets rumpe.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement