Kommentar

PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.

Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Publisert

Kommentar

Jupiter, namnet på den høgste guden i romersk mytologi, er for lengst utnamnet på den franske presidenten Emmanuel Macron. Det guddomlege kaoset som er skapt sidan i sommar, kan visst ingen vanleg dødeleg fransk politikar, heller ikkje Macron, lett finne løysingar på.

Statsminister Michel Barnier vart onsdagskvelden 4. desember kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal i nasjonalforsamlinga, 331 røyster av 577. Prosessen hadde fleire særmerkte sider. Sidan nyvalet i juni–juli er det i parlamentet forma tre hovudfraksjonar.

Den verkelege vinnaren i valet var ytre høgre-partiet Nasjonal samling, med ymse smågrupper av ulik bonitet ikring seg, og desse har stått fast som fjell på krava sine heile tida. Dei vi brukte å samanlikne med «høgrefolk» og «sosialistar», har tvert om levd med kiv og strid internt i grupperingane sine, har i liten grad ønskt ansvar og har jamt over avvist alt samarbeid seg imellom.

Vitlaus pengebruk

Barnier var ein velrøynd forhandlar i EU og høgt respektert for den eigenskapen. Slike røynsler har ikkje strokke til dei tre månadene han har leia ei regjering. Han strekte seg truleg altfor langt for å få med Nasjonal samling (Rassemblement National, RN), især gjennom samtalar med gruppeleiaren Marine Le Pen og partileiaren Jordan Bardella.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement