Omrekna i flyktning-ekvivalentar
IS-kvinna var ein frigjerande sjølvmordsbombar i den kjedelege regjeringa Frp måtte ut av.
Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg (t.v.) og finansminister og Frp-leiar Siv Jensen klare for å drøfta skilsmålet i Dagsrevyen på NRK måndag kveld. Programleiar Tom Nilssen i midten.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
hompland@online.no
Før helga var tida ute for Erna Solbergs mareritt av ei draumeregjering. IS-kvinna kom til Noreg med barn og utan nikab medan Siv Jensen var i Roma. Då var det fleire enn dei vanlege kattane som hadde heime-aleine-fest og dansa på bordet i Framstegspartiet. «Vi» og «dei andre» i regjeringa var spikra før partileiaren fekk summa seg og innsåg at for å halda taumane, måtte ho ty til Monty Pythons devise frå Life of Brian: «I am their leader, I must follow them». (Først formulert av Alexandre Auguste Ledru-Rollin, fransk politikar under revolusjonen i 1848.)
FRAMSTEGSPARTIET blei stempla for å mangla moralsk kompass av den grå, utvatna og kjedelege statsministeren som ikkje ville ha eit dødt barn på si vakt. Med kniven i ryggen tok dei krenka til å skryta av sin gode moral, men som Vertinna minner om: Den som finn slikt turvande, blir mistenkt for frynsete og dårleg moral. På den andre sida er Vertinna samd med Framstegspartiet i at alle utvegar ikkje var prøvde for å få henta barnet heim utan mora: Barnevernet kunne ha hyra inn nokre tøffe karar med ferie frå Telemarksbataljonen og sendt dei nedover som kidnapparar.
VÅRT BEGER er fullt, sa Siv Jensen då ho hadde tatt temperaturen på partiet. Dei mest konspiratoriske meinte at det antatt sjuke barnet var eit påskot «dei andre», og særleg dei to små tullepartia bak isfronten i regjeringa, brukte for å blir kvitt Fræmspartiet.
Det var ikkje lenger nok å visa til søsterkyrkjene og plattforma frå det fornuftige tvangsekteskapet på Granavollen. Det kjendest vammelt å leva med kompromiss, løyna bommane, sjå dårlege meiningsmålingar, spela begeistra, bli køyrde i svarte bilar og gnaga på politiske bein. Det var ikkje lenger gøy på jobben. Det var på tide å finna att sin eigen identitet, sjølv om mange av rådgjevarane partiet har ala opp og fødd fram, må gå til Nav og søka attføringspengar.
Tida var inne for kravliste, reforhandling, redefinering, motytingar, ny kurs og meir tydelege gjennomslag.
KRAVLISTA kom aldri. Det var ikkje råd å finna ein felles politisk valuta for likt og ulikt. Kva skulle flyktning-ekvivalenten vera? Ei IS-kvinne mot 1000 færre kvoteflyktningar? Strengare krav til familiegjenforeining? Forbod mot nikab? To generasjonar før statsborgarskap på prøve?
Endå vanskelegare var det med vekslingskursen utanfor kjerneområdet. Kva er ekvivalenten for ei IS-kvinne i bompengar? Kor mange kvoteflyktningar går det på 100 kilometer iskant, ein utanlandskabel, sprit i butikk, lågare formuesskatt, høgare erstatning til pelsbønder?
BYRÅSJEFEN har røynsle med statsrådar av ymse bonitet, både i eittpartiregjeringar og koalisjonsregjeringar med og utan fleirtal. Han veit at det alltid er tautrekking. Partia gjer kost–nytte-berekningar av tap og gevinst ved å vera innanfor eller utanfor: På den eine sida det attraktive med direkte makt og ei hand på rattet i hjartesaker, på den andre sida faren for tap av truverd, veljarar og folkevalde.
Slik er det, men det må ein halda på bakrommet. Utetter må ein lata som det er kjærleik, med eller utan strømper. Ein kan ikkje innrømma at det er kalkulasjon og kjøp og sal, for det høyrest ut som politisk prostitusjon, og det vil ingen anstendige parti ha på seg.
DET ER DROPEN på toppen, sant? sa Erna Solberg. IS-kvinna var ein sjølvmordsbombar i regjeringa, ein utløysande faktor, men ikkje grunnproblemet i lagnadsfellesskapen. Då håpet var ute, prøvde Solberg å få til skilsmisse med delt omsorg, slik at Fræmspartiet framleis kan vera ei søsterkyrkje og «litt» regjeringsparti, same kor fristilte og jomfruelege dei vil vera etter frexit, i kampen mot IS-kvinner, trygda slabbedaskar, bompengar, Senterpartiet, halalkjøtt og anna svineri som trugar rikets tryggleik.
IVAR AASEN har kloke ord om mangt. Thor Bjarne Bore (RIP) synte det kvar dag i fleire år. Leksikografen og sunnmøringen Dagfinn Worren, redaktør emeritus for Ivar Aasen-almanakken og Norsk Ordbok, held fram. Dette var ordtaket han la ut på den verdsvide veven 20. januar, den dagen Siv Jensen tok Fræmspartiet ut av Solbergs forhandlingsministerium: «Der er inkje Broderbyte i Kaupmannskap.»
20. januar er brødremessedagen til minne om Sankt Fabianus og Sankt Sebastius som blei drepne med øks og pil, pisking og halshogging under kristenforfølgingane i Roma på slutten av 200-talet. Det skjedde ikkje i eit kalifat, men i ei av vår sivilisasjons vogger.
På primstaven, som speglar tradisjonelle og kronisk norske verdiar, er 20. januar dagen for å hogga emneved i tide før sevja stig i trea. Dagen blei elles rekna som lumsk og uberekneleg, så dersom ein plystra eller ulte mot vinden, ville det gå ille. Om ein fiska og fekk steinbit på kroken denne dagen, måtte ein ikkje ta han med heim til ei gravid kone, for då ville barnet få stygg munn. Om ei skjor sette seg framfor døra, ville nokon i familien snart døy.
DETTE BERRE som ei påminning om at den som vil styra landet og førebu seg til val, må ta seg ekstra godt i akt for følgjene av det som hender på brødremessedagen 20. januar.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

20. januar er dagen for å hogga emneved i tide før sevja stig.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.