Om våpen og slemme menn
Ein president som erklærer at nyheitsmedia er «fiendar av folket», kan godt føle at det slett ikkje treng vere så dumt å myrde ein kritisk journalist.
Dei svært verkelege millionane som går til Trump, er ei meir truverdig forklaring på venskapen hans med Mohammed bin Salman enn dei mytiske milliardane som går til amerikanske våpenfabrikantar.
Foto: Evan Vucci/AP/NTB scanpix
Pat Robertson, leiaren for dei evangelisk kristne, oppmoda for nokre dagar sidan USA om ikkje å hisse seg altfor mykje opp over torturen av og mordet på Jamal Khashoggi. For vi burde ikkje setje «våpensal til 100 milliardar dollar» i fare. Eg går ut frå at han støtta seg på det lite kjende ellevte bodordet, der det heiter: «På den andre sida skal du tilgje slikt som drap og falskt vitnemål dersom våpenhandel står på spel.»
Ok, det er ikkje noko nytt i at den religiøse høgresida legg seg flat ved føtene til Donald Trump. Trumps freistnad på å avvise gjengjeld for saudiske brotsverk fordi det ligg stor økonomisk vinst i å stå på god fot med mordarar – og viljen blant dei politiske venene hans til å godta denne tenkjemåten – representerer likevel eit nytt stadium i USAs forfall.
Det er ikkje berre det at påstandane frå Trump om talet på arbeidsplassar som står på spel – først var det 40.000, så 450.000, så 600.000 og så 1 million – er løgner. Om no påstandane hadde vore sanne, så er vi USA: Vi skal vere eit moralsk fyrtårn for verda, ikkje ein leigesoldatnasjon som er villig til å gje prinsippa på båten berre fortenesta er god nok.
Når det er sagt, så er påstandane faktisk usanne.
For det første finst det ikkje nokon avtale om sal av våpen for 100 milliardar dollar til Saudi-Arabia. Det Trump-regjeringa har fått, er i hovudsak ein «intensjonsavtale», som opnar for moglege avtalar i framtida, ikkje ein bindande avtale. Mange av desse potensielle avtalane ville innebere produksjon i Saudi-Arabia i staden for i USA. Salet, om det vart noko av, ville bli spreidd over fleire år.
Det verkar difor lite truleg at avtalar med Saudi-Arabia ville auke amerikansk våpeneksport med meir enn nokre få milliardar dollar i året. Tek du omsyn til at dette først og fremst gjeld fly- og missilindustrien, som er svært kapitalintensiv og ikkje sysselset mange arbeidarar per dollar i salsverdi, kan talet på amerikanske jobbar som er involverte, sikkert dreie seg om titals tusen, ikkje hundretusenvis. Det vil seie at vi snakkar om ein liten avrundingsfeil i ein amerikansk arbeidsmarknad som sysselset nesten 150 millionar arbeidarar.
Ein annan måte å sjå våpensal til Saudi-Arabia på er å merke seg kor lite som står på spel samanlikna med andre område der Trump ubekymra øydelegg forretningsrelasjonar. Han verkar til dømes ivrig etter å starte handelskrig med Kina, som importerte amerikanske varer og tenester for 187 milliardar dollar i fjor.
Endeleg er det verdt å notere seg at under dei rådande tilhøva vil det å auke eksporten, sjølv om ein kan det, ikkje skape netto jobbtilvekst for den amerikanske økonomien. Kvifor det? Fordi Federal Reserve, sentralbanken, meiner vi har full sysselsetjing, og ytterlegare styrking av økonomien vil føre til at sentralbanken hevar renta. Resultatet vert at fleire jobbar éin stad, til dømes i våpenindustrien, vil bli utlikna med tapte jobbar andre stader. Dette fordi høgare rente dempar lysta til å investere, eller gjer USA mindre konkurransedyktig ved å styrkje dollaren.
Men lat oss innsjå dette: Grunnen til at Trump tek med silkehanskar på saudiarane, er ikkje jobbane dei skaffar arbeidarane i våpenindustrien. Det stadig veksande talet på involverte jobbar er i seg sjølv eit prov på at våpensal er eit påskot, ikkje eit verkeleg motiv, for det Trump gjer. Så kva er da den verkelege årsaka til at han er så villig til å tilgje tortur og mord?
Eitt svar er at han eigentleg ikkje har så mykje imot det saudiarane gjorde. Men no er det jo ei allmenn oppfatning at Trump ser ut til å trivast betre saman med brutale autokratar enn saman med leiarane for våre demokratiske allierte. Hugs at da Trump vitja Saudi-Arabia, jubla handelsministeren over at det ikkje var demonstrantar å sjå – noko som gjerne vil vere tilfellet når demonstrantar vert halshogde.
Ja, og ein president som erklærer at nyheitsmedia er «fiendar av folket», kan godt føle at å torturere og myrde ein kritisk journalist slett ikkje treng vere så dumt.
Uavhengig av dette har saudiarane kanalisert titals millionar av dollar til Trump personleg, og held fram med å gjere det. Dei svært verkelege millionane som går til Trump, er ei mykje meir truverdig forklaring på venskapen hans med Mohammed bin Salman enn dei mytiske milliardane som går til amerikanske våpenfabrikantar.
Sjølvsagt reiser Trump-lojale bust når nokon slår frampå om at han lèt sine eigne finansielle interesser styre amerikansk politikk. Men har Trump nokon gong gjort eit personleg offer for dei allmenne interessene?
Uansett, vi er ikkje forplikta til å stole på at dei store pengane ein president mottek frå framande regjeringar, ikkje påverkar avgjerdene hans. Klausulen om honorar i grunnlova forbyr presidenten å akseptere noko slikt. Dessverre har republikanarar bestemt at denne klausulen, til liks med så mykje elles i grunnlova, ikkje gjeld når deira parti sit med makta.
Det vi er vitne til her, er enda eit steg i forfallet til nasjonen vår. Å godta tortur og mord er eit svik mot amerikanske prinsipp. Å freiste å rettferdiggjere det sviket ved å vise til forventa økonomisk vinst er enda eit svik. Når du legg til det faktumet at den forventa økonomiske vinsten er ei løgn, og at presidentens personlege forteneste er ei mykje meir sannsynleg forklaring på handlingane hans – da burde ekte patriotar skamme seg djupt over det vi er blitt som nasjon.
Einerett: The New York Times / Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi er ikkje forplikta til å stole på at dei store pengane ein president mottek frå framande regjeringar, ikkje påverkar avgjerdene hans.
Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.