Om våpen og slemme mennEin president som erklærer at nyheitsmedia er «fiendar av folket», kan godt føle at det slett ikkje treng vere så dumt å myrde ein kritisk journalist.
Ein president som erklærer at nyheitsmedia er «fiendar av folket», kan godt føle at det slett ikkje treng vere så dumt å myrde ein kritisk journalist.
Dei svært verkelege millionane som går til Trump, er ei meir truverdig forklaring på venskapen hans med Mohammed bin Salman enn dei mytiske milliardane som går til amerikanske våpenfabrikantar.
Foto: Evan Vucci/AP/NTB scanpix
Pat Robertson, leiaren for dei evangelisk kristne, oppmoda for nokre dagar sidan USA om ikkje å hisse seg altfor mykje opp over torturen av og mordet på Jamal Khashoggi. For vi burde ikkje setje «våpensal til 100 milliardar dollar» i fare. Eg går ut frå at han støtta seg på det lite kjende ellevte bodordet, der det heiter: «På den andre sida skal du tilgje slikt som drap og falskt vitnemål dersom våpenhandel står på spel.»
Ok, det er ikkje noko nytt i at den religiøse høgresida legg seg flat ved føtene til Donald Trump. Trumps freistnad på å avvise gjengjeld for saudiske brotsverk fordi det ligg stor økonomisk vinst i å stå på god fot med mordarar – og viljen blant dei politiske venene hans til å godta denne tenkjemåten – representerer likevel eit nytt stadium i USAs forfall.
Det er ikkje berre det at påstandane frå Trump om talet på arbeidsplassar som står på spel – først var det 40.000, så 450.000, så 600.000 og så 1 million – er løgner. Om no påstandane hadde vore sanne, så er vi USA: Vi skal vere eit moralsk fyrtårn for verda, ikkje ein leigesoldatnasjon som er villig til å gje prinsippa på båten berre fortenesta er god nok.
Når det er sagt, så er påstandane faktisk usanne.
For det første finst det ikkje nokon avtale om sal av våpen for 100 milliardar dollar til Saudi-Arabia. Det Trump-regjeringa har fått, er i hovudsak ein «intensjonsavtale», som opnar for moglege avtalar i framtida, ikkje ein bindande avtale. Mange av desse potensielle avtalane ville innebere produksjon i Saudi-Arabia i staden for i USA. Salet, om det vart noko av, ville bli spreidd over fleire år.
Det verkar difor lite truleg at avtalar med Saudi-Arabia ville auke amerikansk våpeneksport med meir enn nokre få milliardar dollar i året. Tek du omsyn til at dette først og fremst gjeld fly- og missilindustrien, som er svært kapitalintensiv og ikkje sysselset mange arbeidarar per dollar i salsverdi, kan talet på amerikanske jobbar som er involverte, sikkert dreie seg om titals tusen, ikkje hundretusenvis. Det vil seie at vi snakkar om ein liten avrundingsfeil i ein amerikansk arbeidsmarknad som sysselset nesten 150 millionar arbeidarar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.