Nytt nederlag for Trump
Så rauk også muren for Donald Trump.
Donald Trump krev ikkje lenger pengar til muren han vil byggja på grensa til Mexico.
Foto: Yuri Gripas / Reuters / NTB scanpix
USA
jon@dagogtid.no
Til helga går den såkalla daudlina for nedlukking av den amerikanske styresmakta. Risikoen har vore store for at Kongressen ikkje maktar å verta samde om eit statsbudsjett. Men no ser det ut til å gå bra av di Donald Trump ikkje lenger krev pengar til den vidgjeten muren han vil byggja. I staden får han meir pengar til forsvaret og andre former for grensetiltak.
Representantar frå båe partia seier at dei skal kunna koma fram til ein avtale før lysa vert slegne av. «Eg trur vi skal få til ein avtale i løpet av dei to neste dagane», sa senatsleiaren Mitch McConnell, som er republikansk senator frå Kentucky.
Trump på si side nektar for at muren no er stogga. «Ikkje lat dei falske media fortelja deg at eg har endra synspunkt på MUREN», skreiv Trump på Twitter tysdag.
«Han vil verta bygd og stogga narkotika- og menneskesmuglinga osb.»
Men neste år er det på ny val i USA, og få om nokon trur at republikanarane då vil vinna. Så mest truleg vert det ingen ny mur.
Denne veka kom det òg fram at Trump ikkje vil gje Storbritannia ei betre handelsavtale enn EU. Summert opp: Proteksjonismen vert det ikkje noko av, ein ny importskatt vert det ikkje noko av, avviklinga av Obamacare vert det ikkje noko av, og muren vert det ikkje noko av.
Hadde Trump kunna nynorsk, vil han ha kalla det som står her, «fake news, so sad!»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
USA
jon@dagogtid.no
Til helga går den såkalla daudlina for nedlukking av den amerikanske styresmakta. Risikoen har vore store for at Kongressen ikkje maktar å verta samde om eit statsbudsjett. Men no ser det ut til å gå bra av di Donald Trump ikkje lenger krev pengar til den vidgjeten muren han vil byggja. I staden får han meir pengar til forsvaret og andre former for grensetiltak.
Representantar frå båe partia seier at dei skal kunna koma fram til ein avtale før lysa vert slegne av. «Eg trur vi skal få til ein avtale i løpet av dei to neste dagane», sa senatsleiaren Mitch McConnell, som er republikansk senator frå Kentucky.
Trump på si side nektar for at muren no er stogga. «Ikkje lat dei falske media fortelja deg at eg har endra synspunkt på MUREN», skreiv Trump på Twitter tysdag.
«Han vil verta bygd og stogga narkotika- og menneskesmuglinga osb.»
Men neste år er det på ny val i USA, og få om nokon trur at republikanarane då vil vinna. Så mest truleg vert det ingen ny mur.
Denne veka kom det òg fram at Trump ikkje vil gje Storbritannia ei betre handelsavtale enn EU. Summert opp: Proteksjonismen vert det ikkje noko av, ein ny importskatt vert det ikkje noko av, avviklinga av Obamacare vert det ikkje noko av, og muren vert det ikkje noko av.
Hadde Trump kunna nynorsk, vil han ha kalla det som står her, «fake news, so sad!»
Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.