Ny maktkamp ventar
Senterpartiet gjer seg klar for nye slag om norsk energi og suverenitet.
Staten vann over Nei til EU i den såkalla Acer-saka. Høgsterettsdommarane var samstemde då dommen fall onsdag.
Foto: Martin Solhaug Standal / NTB
SAMTALEN
Gro-Anita Mykjåland
stortingsrepresentant og energi- og miljøpolitisk talsperson i Senterpartiet
AKTUELL
Onsdag fall høgsterettsdommen i den såkalla Acer-saka.

christiane@dagogtid.no
– Onsdag kom dommen frå Høgsterett, som seier at Grunnlova ikkje vart broten då Stortinget i 2018 vedtok å ta EUs tredje energimarknadspakke inn i EØS-avtalen og dermed overføre makt til EUs energibyrå Acer. Fordi maktoverføringa vert vurdert som lite inngripande, kunne vedtaket fattast med vanlig fleirtal, utan krav til tre fjerdedels fleirtal, slik Nei til EU såg som naudsynt og Senterpartiet tok til orde for i 2018. Korleis oppfattar du dommen?
– Vi er takksame for at Nei til EU har sørgt for å få denne vurderinga av norsk suverenitetsavståing i den tredje energimarknadspakka. Så tek vi til etterretning at dei ikkje har vunne fram i den juridiske vurderinga. Vi står likevel fast på innhaldet i saka. Vi meiner det same om den tredje energimarknadspakka, uavhengig av om vedtaket krev simpelt eller kvalifisert fleirtal.
– Høgsterett slår fast at korkje EUs energibyrå Acer eller kontrollorganet ESA kan avgjere om det skal byggjast nye utanlandskablar, forby restriksjonar på krafteksport eller fastsetje straumprisar. Indirekte verknader på straumprisen vert omtalte som marginale. Har Senterpartiet overdrive makta Acer har?
– Senterpartiet har vore tydeleg på at vi ikkje ønskjer å vere ein del av EUs kraftmarknad, og den haldninga står vi fast ved. Det endrar seg ikkje med denne dommen. Det er forskjell på ei juridisk vurdering som tek utgangspunkt i lovverket, og på ei politisk vurdering som skal sikre legitimitet blant folk.
– Men har de overdrive den makta Acer har?
– Eg opplever ikkje at vi har overdrive. Det Senterpartiet var tydeleg på i 2018, var at vi ikkje ønskte å verte ein del av EUs kraftmarknad. Det er Nei til EU som har køyrt saka i Høgsterett, ikkje Senterpartiet, men vi har vore tydelege, og er også tydelege på EUs fjerde energimarknadspakke, som vi ser går lenger enn det den tredje gjorde.
– Ja, regjeringa vurderer for tida EUs fjerde energimarknadspakke, som vart vedteken i EU i 2018 og 2019. Det gjer høgsterettsdommen særs aktuell. Senterpartiet er imot pakka og har også denne gongen argumentert for at maktoverføringa er så omfattande at ho må vedtakast med tre fjerdedels fleirtal. Dette kravet må de vel trekkje no?
– Vi er imot suverenitetsavståing, og derfor er vi imot pakka, som går monaleg lenger enn det den tredje gjorde.
– Meiner de framleis at ho må vedtakast med tre fjerdedels fleirtal?
– Ja, Senterpartiet meiner det, for det er ingen tvil om at suverenitetsavståinga er større i den fjerde pakka enn i den tredje. Til dømes vil ho gje oss mindre makt til å inndele landet i prisområde, vi vil få mindre makt til å bruke flaskehalsinntekter som vi vil, og vi vil få mindre høve til å avgrense krafteksporten. I regjering har jo Arbeidarpartiet og Senterpartiet sett grenser for krafteksport for å sikre vår eigen forsyningstryggleik. Sverige ønskte å gjere det same, men har innført den fjerde pakka og fekk nei frå Acer. Det har vore ei maktoverføring frå Sverige til EU.
– Olje- og energiminister Terje Lien Aasland har garantert at han vil vurdere EUs fjerde energimarknadspakke grundig, og at han skal tryggje sjølvråderetten over naturressursane våre og sikre kontroll over kva infrastruktur som kan byggjast, og føreseielege prisar. Stoler du på garantiane hans?
– Eg har tillit til at statsråden tek ein god gjennomgang av kva energipakka tyder for Noreg. Vi ser fram til å få fakta på bordet, for regelverket er omfattande. Vi har ikkje fått saka til Stortinget enno, og vi vil setje oss godt inn i henne når ho kjem. Vi veit heller ikkje kva tid ho kjem. Under Stortingets spørjetime torsdag sa Aasland at arbeidet var omfattande, og at vurderingane skulle gjerast grundig.
– Tilhengjarar av energiintegreringa har kanskje grunn til å frykte at arbeidet vert trenert i regjeringa på grunn av usemje mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet?
– Det er spekulasjonar frå delar av opposisjonen som verkeleg brenn for å kople Noreg nærmare EU og helst verte EU-medlem. Høgre har jo reist debatten om medlemskap, medan Senterpartiet har vore tydeleg på at vi ikkje skal søke om medlemskap.
– Fleire senterpartifolk har gått så langt i å argumentere mot den fjerde energimarknadspakka at det kan oppfattast som eit ultimatum. Kan du sjå for deg at Sp sit i ei regjering som tilrår energimarknadspakka for Stortinget?
– Vi har peikt på fire punkt som vi meiner er uhaldbare, Acer, Elmarknadsdirektivet, Forsyningstryggleiksforordninga og Elforordninga, for der gjev vi frå oss suverenitet. Men vi skal vente på at saka kjem. Både Ap, Sp og alle andre er klare over vårt syn på EU og kraftmarknaden, og dei vil ikkje verte overraska over at vi har eit tydeleg syn på den fjerde pakka.
– Kva problematiske konsekvensar har de sett av den tredje pakka?
– Straumprisutvalet har sagt at ho avgrensar kva vi kan gjere i kraftmarknaden. Då regjeringa ville avgrense kor mykje eksport det skulle vere i periodar med låg fyllingsgrad, måtte vi spørje reguleringsmakta for energi, RME, om dette var innanfor regelverket. Når ein må spørje om lov, har vi i realiteten gjeve makta til andre.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.