Ny lønstopp
i staten
Benedicte Bjørnland har fått ny jobb og nytt lønshopp: Som ny toppsjef i Politidirektoratet får ho ei årsløn på to millionar.
Politidirektør Benedicte Bjørnland blir den best betalte i leiarlønssystemet i staten.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Løner
vidar@dagogtid.no
Den nye politidirektøren tener no 254.000 meir enn regjeringsadvokaten, Fredrik Sejersted, og 269.000 meir enn riksadvokaten, Tor Aksel Busch. Dei hadde ved årsskiftet ei årsløn på høvesvis 1.746.257 kroner og 1.731.400 kroner.
Då ho vart sjef for Politiets tryggingsteneste (PST) i 2012, gjorde ho eit lønsbyks frå 891.000, kroner som ho hadde som politimeister i Vestfold, til 1.438.000 kroner som PST-sjef. Ho fekk med det ei årsløn som var 67.000 meir enn årsløna til den øvste leiaren for påtalemakta, riksadvokat Tor Aksel Busch. Det vekte den gongen reaksjonar i etaten.
Maksimal løn
Ei årsløn på to millionar er det maksimale ein kan få i leiarlønssystemet i staten. Politidirektøren kan med det nye lønsnivået ikkje få lønstillegg utan at lønssystemet blir endra. Løna utgjer 320.000 meir enn løna til statsminister og stortingspresident.
I dei siste åra har NAV-direktøren, Sigrun Elisabeth Vågeng, toppa lista over dei best betalte statlege leiarane i leiarlønssystemet med ei årsløn på 1,9 millionar kroner. Ho fekk ikkje lønstillegg i fjor, i motsetnad til alle dei andre 24 best betalte på det statlege leiarlønssystemet.
Nærast Vågeng ligg regjeringsråd Anne Nafstad Lyftingsmo ved statsministerens kontor med ei årsløn på 1.850.800 (pluss 2,8 prosent). Deretter fylgjer vegdirektør Terje Moe Gustavsen med 1.830.700 (pluss 2,8), finansråd Hans Henrik Scheel med 1.830.000 (pluss 1,7) og skattedirektør Hans Christian Holte med 1.800.000 (pluss 3,2).
Kvinner på toppen
Fire kvinner er nå dei fire best betalte leiarane i staten: høgsterettsjustitiarius Torill Øie, Pod-direktør Benedicte Bjørnland, NAV-direktør Sigrun Vågeng og regjeringsråd Anne Nafstad Lyftingsmo.
Størst lønsauke fekk Mette I. Wikborg då ho fekk opprykk frå ekspedisjonssjef til departementsråd i Nærings- og fiskeridepartementet. Det gav eit lønshopp frå 1.287.000 til 1.650.000 kroner.
Jobbskifte gav også Kirsti Lovise Slotsvik ein solid lønsauke. Som kystdirektør var løna 1.294.300 kroner ved inngangen til 2018. Ved utgangen av 2018 var årsløna 1.600.000 i jobben som ny jernbanedirektør.
Forsvarssjef Haakon Stephen Bruun-Hansen fekk også eit solid lønstillegg i fjor: 84.520 kroner. Det utgjorde ein auke på 5,3 prosent, og løna kom opp i 1.674.520 kroner.
Elles er det verdt å merke seg at Amund Holmsen i Finansdepartementet er den best betalte ekspedisjonssjefen med ei årsløn på 1.705.000 etter eit lønstillegg på 50.000 kroner (pluss 3 prosent).
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB