Norsk idrettsutøving i bakrommet
Presidenten skal leia tilsynet for høg moral og må vera ein meister i balansekunst.
Sven Mollekleiv vart innstilt som ny idrettspresident i det nye idrettsstyret på Ullevål Stadion 29. mars i år.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Sven Mollekleiv (64) blir truleg kåra til NIF-president søndag, i det som korrekt heiter Norges idrettsforbund og den olympiske og paralympiske komité. Med seg som visepresident får han den godt gjødde Johann Olav Koss med rett til å spela etter tre gull og tre verdsrekordar i Vikingskipet under OL i 1994. 13.30,55 er eit heilagt tal.
Som presidentkandidat har Mollekleiv ein aura av openheit, sanning og høgverdig etikk og ein ring av sjølvtillit rundt seg. Han kan når som helst halda appellar med utestemme eller framføra insisterande høgmessetalar om verdiar, og på same tid syta for at lotteria og økonomien går godt. For mange løftar det ein høgare himmel over dagleg strev i konsern og frivillige organisasjonar; for andre høyrest det svulstig og tåkefyrsteaktig ut. Dette er ei rolle Mollekleiv har skapt seg sjølv til, og som han ikjøtar frivillig.
FRÅ IDRETTSHØGSKOLEN og ein under middels karriere som fotballspelar var han i fleire år ein vandrepokal i det norske idrettsbyråkratiet. Som styreleiar i Vålerenga (2002–06) sette han i gang ein av dei aldri heilt vellykka ryddeaksjonane der, men klubben vann eliteserien i 2005 med den uryddige Kjetil Rekdal som trenar. (Etterpå kom Raymond Johansen med tomt for ei krone til arenaen med det sotete namnet Intility.)
Frå 1991 var Mollekleiv i ti år ein høgt profilert og omtykt generalsekretær i Norges Røde Kors. Dit kom han frivillig tilbake som president etter Thorvald Stoltenberg i 2008 og sat til Robert Mood overtok i 2017. Men etter ureint spel frå konkurrentar mislykkast han i å stiga til topps i Den internasjonale raudekrossen. I det sivile er han direktør for samfunnskontakt og sosialt ansvar i Det Norske Veritas.
VALKOMITEEN vraka den sitjande presidenten, Tom Tvedt (51). Han ventar eit benkeforslag, men kjem nok til å trekka kandidaturet når korridorpolitikken, hestehandlinga og oppteljinga av røyster er ferdig i delegasjonar, på nachspiel og i bøttekott. Tom Tvedt er neppe ein mann som vil ha klare røystetal på nederlaget sitt.
Tvedt var den perfekte kandidaten då han blei vald samrøystes på Idrettstinget for fire år sidan. Han hadde spela på landslaget i handball og vore aktiv i idrettsorganisasjonane – særleg for funksjonshemma, der han kjempa for to blinde barn. Han var fylkesordførar i Rogaland, ein komande kader i KS og ein sannsynleg stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, pluss etter kvart sambuar med partisekretæren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.