Norsk hjelp til sjølvhjelp

Det er ikkje rett å finansiere vaksineutvikling mot korona over bistandsbudsjettet, meiner Ottar Mæstad, direktør for Chr. Michelsens Institutt. Og OECD er samd med han.

Statsminister Erna Solberg, utviklingsminister Dag Inge Ulstein og visedirektør Frederik Kristensen i vaksinealliansen Cepi. Biletet er teke under eit besøk hos Cepi i Oslo 27. april. Regjeringa har løyvd bistandsmidlar via vaksinealliansen til forsøk på å utvikle ein vaksine mot covid-19.
Statsminister Erna Solberg, utviklingsminister Dag Inge Ulstein og visedirektør Frederik Kristensen i vaksinealliansen Cepi. Biletet er teke under eit besøk hos Cepi i Oslo 27. april. Regjeringa har løyvd bistandsmidlar via vaksinealliansen til forsøk på å utvikle ein vaksine mot covid-19.
Publisert

Som rimeleg kan vere, blir det satsa kolossale ressursar verda over på å utvikle ein vaksine mot koronaviruset. Og pengesterke Noreg er sjølvsagt med på dugnaden. Regjeringa har «besluttet å øke bidraget til vaksineutvikling mot covid-19 gjennom Koalisjonen for forebygging av epidemier, CEPI, med 2,236 milliarder kroner. Norge har tidligere annonsert bidrag på 1,6 milliarder kroner for perioden 2017–2025», opplyste statsminister Erna Solberg i mai.

Det langt frå openbert kor mykje av dette som faktisk går til koronavaksineutvikling: Dei fleste trur og håpar at ein slik vaksine er på plass lenge før 2025. Men eit anna prinsipielt spørsmål melder seg òg: Er det rett å finansiere ein koronavaksine med bistandspengar? Så langt er rike land hardast råka av pandemien, og dei har stor eigeninteresse av å få fram ein vaksine.

Koronabistand

Litt bakgrunn må til. Den norske staten er initiativtakar og største donor for vaksinealliansen Cepi (Coalition for Epidemic Preparedness Innovations), som vart starta som ein respons på ebolautbrotet i 2014 og 2015. Cepi skal utvikle vaksinar mot epidemiske sjukdomar som ikkje blir prioriterte av den internasjonale legemiddelindustrien. Med eit slikt føremål er det rimeleg at dei norske bidraga blir løyvde over bistandsbudsjettet. Men i år skal Cepi bruke over 230 millionar kroner på forsøk på å utvikle ein koronavaksine, fortalde Erna Solberg i april.

Den budsjettbruken fekk skarp kritikk frå Ottar Mæstad, direktør for Chr. Michelsens Institutt, i Bistandsaktuelt 24. april. «Jeg stiller meg svært undrende til at dette skal fullfinansieres med bistandspenger, altså penger som i utgangspunktet skal hjelpe de fattige. En vaksine mot korona er noe alle har interesse av og som rike land har svært stor betalingsvilje for», sa Mæstad, som har global helse som eitt av forskingsfelta sine.

Kjem uansett

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement