Lita skrift

Nei

Publisert Sist oppdatert

Livet byr på store utfordringar kvar dag. Berre det å skulle svare ja eller nei på spørsmål kan vere vanskeleg. Berre sjå på politikarane våre.

Hos nokre sit ja-et lausare enn hos andre. Desse vert kalla for ja-menneske. Dei kan slite med konstant frykt for å gå glipp av ting (ein diagnose også kjent som fomo, fear of missing out), dei har for mange arbeidsoppgåver, for mange festar å gå på og/eller arrangere.

Lista er lang og tida knapp. Men kanskje er det som kjenneteiknar ja-menneske aller mest, kor mange hjelpeorganisasjonar dei har takka ja til å støtte. Det er iallfall ein truverdig måte å måle kor på ja-menneske-skalaen ein er.

Eg har fram til nyleg lege høgt på denne skalaen, noko automatiske Vipps-betalingar har mint meg på. Men dette endra seg etter ei oppleving eg ikkje kan kalle anna enn skilsetjande. Så korleis starta dette paradigmeskiftet? Jo, det heile vart utløyst av ein traumatisk handletur.

Det var ein regnfull dag, og ifølgje spegelbiletet som kikka tilbake på meg i ein sølepytt, såg eg litt pjusk og grå ut i pelsen denne dagen. Det hadde vore travle dagar, og tanken på å bli flinkare til å seie nei hadde byrja spire i meg. Eg trong å prioritere tid med sofaen.

Ved inngangen til T-banestasjonen ser eg at ein hær av hjelpeorganisasjonsfolk har stilt seg opp. Fint, tenkte eg, dette er jo eit perfekt høve til å øve seg på å seie nei. Det var avgjort. «Har du eitt minutt?»-spørsmålet skulle ikkje felle meg denne gongen. Eg byrja setje saman eit nei i munnen medan eg nærma meg T-baneinngangen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement