JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

NaturSamfunn

Draumen om det tapte paradiset

I hundreår har mennesket tamt og endra naturen. No ønskjer mange å tilbakeføre ei villmark som er tapt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det skotske høglandet kan vere vakkert, men miljøvernarar kallar regionen ein økologisk skugge av det han ein gong var. Her frå nordsida av Loch Tay.

Foto: Michal Klajban / Wikimedia Commons

12296
20210212

«Rewilding», gjenvilling

Eit omgrep som inneber å setje naturen tilbake til ein villare tilstand.

Metodar kan vere attgroing og utplassering av utrydda dyr.

Målet er tilbakeførte økosystem og lite menneskeleg påverknad.

NATUR

christiane@dagogtid.no

Er du ein av dei over 40 millionane som har sett den fire minutt lange YouTube-videoen frå 2014 om korleis ulvar kan endre elver? Videoen tek til med ulvar som ular med auga retta mot himmelen. Røysta til naturaktivist og -skribent George Monbiot leier oss frå det eine forførande biletet til det andre, alle naturfoto og -videoar frå verdas eldste nasjonalpark, Yellowstone i USA. Vi får høyre at ulvane som vart sette ut i Yellowstone i 1995, har stått for ein trofisk kaskade, ein økologisk prosess som startar på toppen av matkjeda og dryp ned på alle nivå, heilt ned til botnen.

Det byrja med at ulvane jakta på hjortedyra, som det var altfor mange av. Hjortane vandra til nye stader for å unngå rovdyra, noko som gav tre og vekstar høve til å gro og spreie seg. Så kom fuglane. Det vart fleire beverar, som omorganiserte dammane og gav rom for liv til fisk og amfibium. Ulvane tok coyotar, noko som førte til meir hare, som igjen gav meir rev, røyskatt, ørn og grevling, ja, til og med bjørn. Og til slutt, sjølve underet, som eit resultat av ulven endra sjølve landskapet seg. Ein sunnare natur gav mindre erosjon og meir stabile elver. 

Det er fleire år sidan forskarar peikte på at historia om økosystemet i Yellowstone er meir kompleks enn det den populære videoen vitnar om, og at ulven, sjølv om han har medverka, ikkje kan få all æra for korleis naturen i Yellowstone har endra seg frå 90-åra fram til i dag.

Like fullt held historia om ulvane i Yellowstone fram med å inspirere folk som vil reparere økosystema i naturen, hente attende ville dyr som er utrydda, og la naturen styre seg sjølv, kort sagt drive med det som med eit trendy omgrep vert kalla rewilding, «gjenvilling».

Eigarar og vernarar

At naturforvaltninga set ut dyreartar og vernar økosystem, er ikkje nytt i seg sjølv. I Noreg har vi moskus på Dovre, sett ut frå Grønland, først i 1931 og deretter i åra etter den andre verdskrigen. Fjellreven har for tida ein avlsstasjon på Oppdal, der mellom 40 og 60 kvalpar vert avla fram for utsetjing kvart år. Gaupe har vorte sett ut fleire stader i Europa. 

Det nye er at konseptet om å gjere naturen vill att, har vorte popularisert og har slått rot i større krinsar. Organisasjonar er oppretta berre med gjenvillingsprosjekt som formål. Å hente attende den ville naturen vert presentert som ein veg ut av naturmangfaldskrisa, forårsaka av arealendringar, rovdrift, klimaendringar, forureining og innføring av framande artar. Ifølgje FNs naturpanel vert artar i dag utrydda mellom ti og hundre gongar raskare enn nokon gong før.

For lekmenn er det ikkje lett å vurdere korleis enkeltprosjekt i avgrensa område vil verke på økosystema. Lettare er det å sjå konfliktpotensialet når gjenvillinga ikkje skal skje i Yellowstone, men i område der folk bur, der alt frå eigarskap, naturbruk og historie vil spele inn. Eit aktuelt døme på det ser vi i dag i Skottland, der store landeigarar og miljøvernarar jobbar saman for å leggje til rette for utplassering av gaupe i skotsk natur. Kan det vere ein god idé? 

Ønskjer toppredator

Den 20. januar la tre skotske miljøorganisasjonar fram første steg i det som kan verte byrjinga på ei tilbakeføring av gaupe til Skottland. Alliansen meiner det er dokumentert at Skottland har plass til gaupe, men at ei tilbakeføring handlar mindre om vitskap enn om viljen til å leve med rovdyret, som har vore borte så lenge at det har vorte gløymt.

Gaupa vart utrydda frå Storbritannia ein gong for 500 til 1000 år sidan på grunn av jakt og tapte buområde, og ifølgje miljøalliansen vil høglandet i Skottland kunne tene som buområde, med meir enn nok rådyr, for kring 400 gauper, altså like mange gauper som Noreg har i dag.

Det er bakgrunnen for at organisasjonane no startar eit eittårig prosjekt der dei skal kartleggje kva haldningar som finst til gaupa i opinionen og blant dei som vil verte påverka, lokalsamfunna inkludert.

– Med ei verdsomspennande biomangfaldskrise har vi eit ansvar for å ha opne og konstruktive samtalar om å rette opp att viktige innfødde artar til det skotske landskapet – og vitskapen viser at toppredatorar som gaupe speler ei viktig økologisk rolle i å halde oppe sunne økosystem, uttalar Peter Cairns, som leier organisasjonen Scotland: The Big Picture. 

Råd frå nordmenn

Saka vekte straks merksemd i britisk presse, og det er mange måtar å vinkle ei slik sak på. Landbruksavisa Farmers Weekly formidla at leiaren i den skotske bondeorganisasjonen NFU Scotland var djupt uroa. Representantar for bøndene hadde nemleg vore i Noreg i 2017 og fått høyre at ei tilbakeføring av gaupe ville verte ein absolutt katastrofe for bøndene. 

– Tap av husdyr til rovdyr i Noreg har gått ned dei siste tiåra – ikkje fordi det er færre rovdyr, men fordi sauebøndene har lagt ned drifta, seier visepresident Martin Kennedy.

The Times følgde pengane og skreiv: «Superrike skandinavar som eig store område i Skottland, støttar forslag om å tilbakeføre gaupe til høglandet etter meir enn 500 år.» Miljøorganisasjonane har nemleg henta pengar frå tre aktørar, og to av dei er utanlandske landeigarar i Skottland. Den eine er svenske Lisbet Rausing, som har vorte rik gjennom kartongselskapet Tetra Pak. Den andre er den danske milliardæren Anders Holch Povlsen, som eig moteselskapet Bestseller. Ifølgje The Times vil båe dei to landeigarane gjere landområda sine ville att, område som til saman dekkjer om lag 1200 kvadratkilometer. 

Både frykta for tap av husdyr og rolla til dei utanlandske eigarane kan gjere tilbakeføring av gaupa i Skottland krevjande.

Rewilding-milliardær

Anders Holch Povlsen, som har vorte kalla rewilding-milliardær i britisk presse, eig over 900 kvadratkilometer i Skottland og er den største private landeigaren i Storbritannia, ifølgje The Times. Dermed er han også ein av dei 144 eigarane i Skottland som eig meir enn 100 kvadratkilometer, og ein av dei 432 private eigarane som til saman sit på halvparten av den privateigde jorda i Skottland, ifølgje tal Nationen henta inn for fire år sidan. 900 kvadratkilometer utgjer til samanlikning om lag det dobbelte av landområdet i Bergen kommune.

Den skeive fordelinga av eigedom i Skottland førte til ei eigedomsreform i 2016 som skal gjere det enklare for lokalsamfunn å ta over eigedom som kjem for sal. Eigedom er altså ei sak som vekkjer kjensler i Skottland, og at Povlsen er ein aktiv utanlandsk eigar, treng ikkje vere ein fordel i diskusjonen om gaupe. 

I november stilte han opp i det som vert omtala som eit sjeldan intervju i The Sunday Times Magazine, der han fortel om visjonen om å gjere landområda sine ville, over ein periode på 200 år. Han skal fram til no ha planta til saman fire millionar tre for å hente tilbake den kaledonske skogen og starta ein prosess for å fjerne sau som har overbeita landområda. Han seier at gjenvilling for han ikkje handlar om å hente tilbake dei store rovdyra, men om å få dei mindre dyreartane til å spreie seg att og gjenskape skog og våtmarker. 

– Høglandet er ikkje eit naturleg miljø lenger – når du er ute, ser du berre lyng, lyng, lyng. Nokre stader vil du ikkje sjå eit einaste tre i mils omkrins. Så grev du i jorda og finn at det ein gong var skog der, og ikkje berre det, men at vi kan hente tilbake den prektige skogen og den naturlege tilstanden, seier han til avisa.

Povlsen erkjenner at det er utfordrande å kommunisere planane om å gjere naturen til ein villare stad, men meiner at lokalbefolkninga er mindre mistenksam til han no enn tidlegare. 

Vond historie

John Linnell, seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), kjenner diskusjonen godt. Han meiner at både den skeive eigedomsfordelinga i landet og den skotske historia kan spele inn i ein diskusjon om gjenvilling og tilbakeføring av gaupe. Han minner om at bønder frå det skotske høglandet vart tvangsflytta på 1800-talet, og at spørsmål om kven som kontrollerer jorda, og kva ho skal nyttast til, er eksplosive tema i landet. Om eit fleirtal av skottane er positive til gaupe, medan lokalbefolkninga er skeptisk, vil det gjere motstanden lokalt dess sterkare, meiner han.                                                    

Pressekontakt Richard Bunting i Scotland: The Big Picture seier til Dag og Tid at det vil vere utfordrande å reintrodusere gaupe i Skottland, der folk ikkje lenger er vane med ville dyr, og at det er derfor dei no vel å kartleggje haldningane til folk gjennom intervju og, om det vert mogleg, møte. 

– Prosjektet kan gå framover eller det kan hende folk enno ikkje vil tolerere gauper. Då vil ikkje organisasjonane gå vidare med prosjektet, for det er nok av andre gjenvilling-initiativ å gå i gang med.

Miljøstyresmaktene i Skottland må sjølvsagt også tillate ei eventuell utsetjing. Vegen fram dit kan vere lang, og kanskje vil draumen ein del har om gaupe i dei skotske åsane, berre bli ein draum. 

Lite skog att

Kva effekt vil gaupe ha på økosystemet i Skottland? Bunting seier dei skotske åsane ein ser i dag, er vakre, men berre økologiske skuggar av det dei ein gong var og igjen burde bli. Han meiner at økosystemet er ute av balanse, og at gaupa vil kunne betre situasjonen.

– Ein gong i tida hadde vi den kaledonske skogen over store delar av Skottland. Over tid har han vorte meir og meir redusert, og no er det berre om lag 80 isolerte fragment att av han, seier han.

Problemet er at store mengder hjort overbeitar områda, fordi dei ikkje møter rovdyr i terrenget.

– Gaupa kunne ha flytta på hjorten, og ein kan håpe på ein positiv kaskadeeffekt i økosystemet, slik vi har sett i andre situasjonar andre stader, seier Bunting.

Linnell trur på si side at effekten vil vere avgrensa, fordi gaupa nyttar store areal. 

– Ein tilbakefører ikkje gaupe til ein skog, men til eit land. Dei vandrar mange mil frå der dei vert sette ut. Dersom gaupe vert henta attende til Skottland, er ho attende i heile Storbritannia, og då vil ho ha avgrensa effekt på hjorten. Set du gaupe i inngjerda område, kan du få ein effekt på hjort, men då har vi jo ein kunstig natur.

Ulvane i Yellowstone

– Eg får inntrykk av at mange drøymer om ulveeffekten i Yellowstone. Er det relevant å trekkje fram den som ideal?

– Det er ei vakker historie. Ein ser eit problem, ulven vert sett tilbake, og alt vert vakkert att. Det er klart at mykje har skjedd i åra etter at ulven vert sett ut. Men om ein kan sjå at ulven er den endrande krafta, er eit relativt ope spørsmål. Det er klart dei har ein effekt: Det er tett med ulv, og dei et mykje hjort, som har endra litt åtferd, men det har også vore klimaendring, det er hjortejakt utanfor parken, det er auke i talet på puma, bjørn og grizzlybjørn, og det er sett ut bever. Og det er ikkje ulven som har sett ut beveren, men kanskje har han skapt eit betre habitat for beveren. Det er ei kompleks historie som har vorte overforenkla.

– Samstundes inneber gjenvilling å jobbe for naturmangfaldet, noko det er vanskeleg å vere kritisk til?

– Det er heilt topp at folk har teke dette til seg. I enkelte område, som Yellowstone, er det mogleg å få naturen attende. Tenkjer ein derimot på heile landskap, kan ein ikkje gjere dei ville att. Tenk på områda mellom Oslo og Trondheim, der det ikkje er ein stor nasjonalpark, men skog og fjell. Det er privat eigedom, allmenning, Statskog-eigedom. Alle som eig, vil selje jaktkort, og folk skal kunne plukke bær og gå på ski. I eit område der vi produserer tømmer, kjøt, korn, potet og grønsaker, kan vi ikkje gjere alt vilt att. Så i det store landskapet, som er mesteparten av landskapet, er det betre om vi klarer å få til eit berekraftig landbruk som gjev plass til så mykje mangfald som mogleg. Artar som ulv, gaupe og bjørn, som vandrar over store område, vil vi aldri klare å ta vare på i små område; dei treng å bruke heile produksjonslandskapet. Då er gjenvilling-omgrepet ikkje så relevant.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Toppredatorar som gaupe speler ei viktig rolle i å halde oppe sunne økosystem.

Peter Cairns, miljøvernleiar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis