Natur

Dei europeiske villdyra er tilbake

Tre dagar før presidentvalet oppheva Donald Trump det føderale vernet av ulv i USA. Dei store rovdyra har reetablert seg i Europa så vel som i Nord-Amerika.

Dei fire store rovdyra bjørn, ulv, gaupe og jerv har vist at dei ikkje berre klarer seg i store villmarksområde, men også i natur tettare på menneske.
Dei fire store rovdyra bjørn, ulv, gaupe og jerv har vist at dei ikkje berre klarer seg i store villmarksområde, men også i natur tettare på menneske.

Meir enn 45 år etter at ulv først vart ført på den amerikanske lista over truga artar, kunngjorde Trump-administrasjonen den 29. oktober i fjor at tilbakeføringa av ulven i USA var vellukka, og fjerna arten frå lista.

Vert avgjerda ståande, inneber det at delstatlege og lokale styresmakter tar over ansvaret for å forvalte ulven og dermed også tar stilling til kor mange ulvar ein eventuelt kan jakte på.

Ifølgje kunngjeringa, som kjem frå det amerikanske direktoratet for fisk og vilt, byggjer avgjerda berre på dei beste tilgjengelege dataa frå forsking og næringsliv. Åtte A4-sider med sitat frå representantar som hyllar avgjerda, tyder på at ho i visse miljø har vore svært etterlengta.

Verneorganisasjonar har på si side varsla søksmål for å få avgjerda omgjord og meiner styresmaktene har misforstått forskinga på området. Ikkje før ulvane er tilbakeførte i alle dei områda dei i tidlegare tider har levd i, kan dei reknast som tilbakeførte, lyder det derfrå.

Første dagen som president gjorde etterfølgjaren Joe Biden det klart at avgjerda skal vurderast på nytt.

Ville dyr spreier seg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement