Kommentar
Når journalistane tek makta
Boka Partiet – en innsideberetning om Arbeiderpartiets fall av Jørgen Gilbrant og Steinar Suvatne bidreg til å tåkeleggje politikken.
Dagblad-journalistane Jørgen Gilbrant og Steinar Suvatne på veg ut av lokala til Gyldendal forlag.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Det er kome ei bok som heiter Partiet. Tittelen er misvisande. Boka handlar om éin person – Jonas Gahr Støre, partileiar og statsminister – og korleis han har leia Arbeidarpartiet frå den eine katastrofen til den neste i si tid ved roret frå 2013. Oppslutnaden frå veljarane har gått frå den eine botnrekorden til den andre.
Sjølv stortingsvalet i 2021, då Arbeidarpartiet kom att i regjering etter åtte år i opposisjon, vert i denne boka skildra som noko negativt – sett frå synspunktet til partiet. Jonas Gahr Støre har øydelagt det som i si tid var Det norske Arbeidarparti – landets største, viktigaste og mektigaste politiske organisasjon.
Dette er meininga til forfattarane, og stort meir er det ikkje å få ut av boka.
Forfattarane seier at dei har snakka med ei rekkje personar som dei ikkje vil namngje. (Vi kan ikkje vite om dei som er siterte i boka, er kjelder i seg sjølve, eller om dei viser til noko andre har sagt.) Dei har det til felles at dei er samde i konklusjonen til forfattarane: Det står dårleg til med Arbeidarpartiet, og det er partileiar Støre som har skulda, og han åleine.
Påfallande mange av dei som er siterte, har vorte sparka frå posisjonar i partiet eller regjeringa av nettopp Støre.
Ikkje noko av dette er nytt. Alle som har opna ei avis eller sett på TV dei siste ti åra, har fått med seg at Støre har slite med eit parti som er rive opp av intern strid, og har hatt problem med å halde disiplin. Det har vore fritt fram å kritisere leiaren, ope eller i løyndom, og kritikken har straks leke ut til velviljuge pressefolk som har halde oss orienterte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.