Mytiske og metaforiske HellasGrekarane lever betre i draumen om ei gyllen fortid enn i ei ussel og utpint samtid.

Grekarane lever betre i draumen om ei gyllen fortid enn i ei ussel og utpint samtid.

Slaget ved Navarino, framstilt av målaren Ambroise Louis Garneray (1827). Da styrkane til koalisjonen sigra over tyrkarane, fekk grekarane fridom og eit liv som gjeldsslavar til britane.
Slaget ved Navarino, framstilt av målaren Ambroise Louis Garneray (1827). Da styrkane til koalisjonen sigra over tyrkarane, fekk grekarane fridom og eit liv som gjeldsslavar til britane. Slaget ved Navarino, framstilt av målaren Ambroise Louis Garneray (1827). Da styrkane til koalisjonen sigra over tyrkarane, fekk grekarane fridom og eit liv som gjeldsslavar til britane.
Publisert

Tove Nilsen kallar det «himmelske tilstander». Eg går ikkje så langt, men fell raskt inn i den greske rytmen, stemninga og suset frå olivenlundane der sirissane gnikkar sin song. Då Hellas skulle bli mitt ferieland etter at militærjuntaen fall, gjekk eg på språkkurs på friundervisninga saman med 19 jenter i ulike aldrar som hadde fått seg gresk kjærast.

Eg knekte alfabetkoden og kan føra enkle samtalar og stava meg fram. Og har lært at metafor ikkje er bilete – det heiter eikón, også når det ikkje er religiøse ikon. Når det står «metafores» på eit hus eller ein varebil, driv dei ikkje med måling; det er eit transportbyrå. Me har lånt ordet i overført tyding: Ein metafor flyttar meiningsinnhald.

MI GRESKE REISE begynte med leigde rom hos driftige damer som seinare har bygd på til pensjonat og små familiedrivne hotell. Dei gjer det meste sjølv, medan den tidlegpensjonerte ektemannen, som kan litt tysk, sit under platantreet og sjefar, klagar over skjemavelde og rapporteringsplikt og berre tar mot kontant betaling utan kvittering. Når eg fortel dette til Vertinna, kjenner ho seg att: Ho vil også prata fortruleg med gjestane og er tilhengar av kontant byteøkonomi.

SPALTISTEN hadde ein gresk venn som kom til Noreg som politisk flyktning under oberst­regimet (1967–1974). Han var med i eit av dei greske kommunistpartia og låg derfor i konstant krangel med ein som høyrde til det andre. Me som var aktive i kampanjen for demokrati i Hellas, formulerte det lakoniske slagordet: Den dagen to grekarar blir samde om noko som helst, fell juntaen.

Kong Konstantin og hans danske dronning Anne-Marie spelte ei tvilsam rolle, og NATO heldt si hand over militærjuntaen. Han fall då dei i hybris prøvde å avsetja erkebiskop og president Makarios, og Tyrkia invaderte Nord-Kypros.

DEN GRESKE VENNEN MIN blei verande mellom norske bakkar og berg, kleiva og kulden, men han hadde framtidsplanen klar: «Andreas, vi skal bli gamle grekere!» Me skulle sitta med eit glas ouzo på den vesle kafeen i landsbyen saman med dei andre inntørka greske mennene. Me skulle kommentera folkelivet, baksnakka turistar, krangla høglydt om politikk og skjella ut politikarar i aust og vest, prata om skogbrannane, teia saman innimellom og kanskje ta eit slag «tavli», den greske varianten av backgammon. Mens me tvinna manisk og rytmisk på kvar vår kambolói, som ikkje må forvekslast med ein katolsk rosenkrans, men er ein reiskap for avstressing.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement