Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

3203
20241220
3203
20241220

Energi

sofie@dagogtid.no

Før fullskalainvasjonen av Ukraina kjøpte Europa store mengder gass frå det russiske energiselskapet Gazprom. Størstedelen av dei europeiske landa har funne andre alternativ etter 2022, men Slovakia, Austerrike og Moldova kjøper framleis gass frå Russland. Denne gassen har, utruleg nok, blitt send gjennom Ukraina sjølv etter nesten tre år med krig mellom dei to landa.

Men nyttårsaftan er det stopp. Avtalen mellom Russland og Ukraina går ut, og Ukraina har vore tydelege på at dei ikkje kjem til å fornye avtalen.

Alternativ rute

Det finst ei alternativ rute gjennom Tyrkia og Romania. Kan ikkje Russland berre pumpe gassen den vegen i staden, kan ein jo spørje. Løysinga er ikkje så enkel.

Slovakia og Austerrike har alternativ til russisk gass. I Moldova er situasjonen meir alvorleg. Der handlar det om energitryggleiken til landet. 16. desember erklærte styresmaktene i Moldova unntakstilstand. Førebels i 60 dagar.

Moldova ligg mellom Ukraina i aust og Romania i vest. Landet har inga grense til havet. Gjennom Moldova renn elva Nistru. På venstre breidda av Nistru ligg utbrytarrepublikken Transnistria, offisielt ein del av Moldova. På høgre breidd ligg «resten» av Moldova, med hovudstaden Chisinau.

I 2022 kutta Russland store mengder gass til Moldova. Høgre breidd har sidan den gong kjøpt gass berre frå EU. Dei har nok gass til å forsyne høgre breidd til mars 2025. Transnistria, derimot, har motteke gass frå Gazprom både til oppvarming og til å lage straum ved kraftverket MoldGres. Om vinteren står dette kraftverket for 70 prosent av elektrisiteten til høgre breidd, elektrisitet laga på russisk gass. Økonomien til Transnistria er i stor grad avhengig av inntektene frå straumen dei sel vidare.

Med andre ord er Transnistria avhengig av russisk gass til oppvarming og straumproduksjon. Høgre breidd kan få problem med straumforsyninga dersom det ikkje kjem eit alternativ til russisk gass.

Straumbrot

Håpet var at Gazprom skulle reservere kapasitet i gassleidningane som går gjennom Tyrkia og Romania, noko dei ikkje hadde gjort då fristen gjekk ut no nyleg.

I tillegg til alt dette har Moldova opplevd fleire store straumbrot. Sidan straumnettet deira er kopla til Ukraina sitt, får dette direkte konsekvensar for energiforsyninga dersom infrastruktur i Ukraina blir skadd av russiske bomber. Til dømes står 2500 tilsette ved eit metallurgisk anlegg nord i Transnistria utan jobb etter eit russisk åtak mot Ukraina som øydela straumtilførselen.

Situasjonen er altså mest alvorleg for Transnistria. Dei har no særs billeg gass og kan kome til å slite dersom dei må betale same pris på gass som resten av Moldova.

Det er vanskeleg å seie kva som vil skje 1. januar 2025. Vil Russland gi etter og sende gass gjennom Tyrkia? Vil Transnistria gå tom for alternative energikjelder og oppleve ei humanitær krise? Eller vil Moldova klare å kjøpe inn nok gass frå EU til å dekke behova på begge breiddene av Ninstru? Statsminister Dorin Recean meiner Putin vil halde tilbake gass for å destabilisere regionen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis